Landskap

Hardanger
Grensa mellom Sunnhordland og Hardanger er ei gamal kulturgrense. Talemål, namneskikkar og giftarmål vitnar om det. Utanfor Hardanger låg landet til hordane; Hordaland. Hans E. Kincks portrett av fjorden, i skiftane vêrlag og lune, fortel om
den viktige fjordvegen; sambandet med omverda. Jektefarten på 1700- og 1800-
talet er eit uttrykk for næringsverksemd og attåtnæring for små gardsbruk, slik
ferdsla over Hardangervidda var viktig for dei indre bygdene.

Midthordland
Kjem du sjøvegen til Hordaland og får landkjenning i Austevoll, ved Marsteinen og den
gamle uthamna Bakkasund, eller ved Selbjørnen, der skottar og hjeltlendingar gjennom hundreåra har kome inn frå havet, på veg til Bergen eller til fjordbygdene, møter du først det barske, karrige kystlandskapet. Korsfjorden er ei hard fjordstrekning i uvêr – i mellomalderen vart denne fjorden talande nok kalla «Hardsjo».

Nordhordland
Det har alltid budd mykje folk langs kysten av Hordaland. Her var det kort veg til sjøen og havet – og til dei rike matkjeldene som der var å finna. Men også ressursane på landjorda vart nytta. Dei mange småbruka med utløer, torvhus, moldhus og steingardar i utmarka, vitner om systematisk hausting av naturen for å sikra livberginga. Så sjølv om dei små gardane gav plass til mykje folk på lite jord, var det sjeldan nokon som svalt. Vanlegvis ville ikkje både fisket, kornhausten og husdyrhaldet slå feil det same året. Lyngheiane vart nytta på ein måte som var nøye tilpassa klima og naturtilhøve på kysten.

Sunnhordland
Det bølgjande bakkelandskapet i Etnebygda er bronsealderens landskap. Her ligg dei grøderike gardane som var grunnlag for velstand og hovdingmakt i eit framveksande storbondearistokrati i vikingtid og tidleg mellomalder. Det var storbøndene som var støttespelarane til kongemakta, både her og andre stader i landet. Men Sunnhordland har mange gode bygder, og organiseringa av leidangen og skipreidene i mellomalderen fortel mykje om makt og velstand og økonomiske tyngdepunkt.

Voss
Dei breide bygdelaga i dalføra kring Vangsvatnet er gode jordbruksbygder. Heilt attende til vikingtid og folkevandringstid kan vi følgja utviklinga av gardane og grendene i desse bygdene, gjennom det rike namnestoffet.

Det er ikkje høve til å kommentera dette innlegget.