Kjem du sjøvegen til Hordaland og får landkjenning i Austevoll, ved Marsteinen og den
gamle uthamna Bakkasund, eller ved Selbjørnen, der skottar og hjeltlendingar gjennom hundreåra har kome inn frå havet, på veg til Bergen eller til fjordbygdene, møter du først det barske, karrige kystlandskapet. Korsfjorden er ei hard fjordstrekning i uvêr – i mellomalderen vart denne fjorden talande nok kalla «Hardsjo». Les meir