Det har alltid budd mykje folk langs kysten av Hordaland. Her var det kort veg til sjøen og havet – og til dei rike matkjeldene som der var å finna. Men også ressursane på landjorda vart nytta. Dei mange småbruka med utløer, torvhus, moldhus og steingardar i utmarka, vitner om systematisk hausting av naturen for å sikra livberginga. Så sjølv om dei små gardane gav plass til mykje folk på lite jord, var det sjeldan nokon som svalt. Vanlegvis ville ikkje både fisket, kornhausten og husdyrhaldet slå feil det same året. Lyngheiane vart nytta på ein måte som var nøye tilpassa klima og naturtilhøve på kysten. Les meir