Det bølgjande bakkelandskapet i Etnebygda er bronsealderens landskap. Her ligg dei grøderike gardane som var grunnlag for velstand og hovdingmakt i eit framveksande storbondearistokrati i vikingtid og tidleg mellomalder. Det var storbøndene som var støttespelarane til kongemakta, både her og andre stader i landet. Men Sunnhordland har mange gode bygder, og organiseringa av leidangen og skipreidene i mellomalderen fortel mykje om makt og velstand og økonomiske tyngdepunkt. Les meir