• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sauabreen med ein nyleg tappa bredemd sjø. Hausten 2016 trekte brefronten seg så langt tilbake at innsjøen vart senka med omlag 10 meter. Heile innsjøen vil truleg snart vere historie.

Sauabreen med ein nyleg tappa bredemd sjø. Hausten 2016 trekte brefronten seg så langt tilbake at innsjøen vart senka med omlag 10 meter. Heile innsjøen vil truleg snart vere historie.

Eit nyleg starta forskingsprosjekt tek sikte på å førebu norske kraftprodusentar på framtida. Kraftprodusentar som nyttar vatn som drenerast under brear må ta omsyn til eit meir dynamisk klima påverka av global oppvarming og med brear i stadig endring. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bjerknessenteret, Sunnhordaland Kraftlag og Statkraft.

Gjennom bruk av ny teknologi innanfor radar-refleksjon, satellittovervaking og geografiske informasjonssystem, kombinert med data frå jordsystemmodellar tek ein sikte på å utvikle metodikk som vil kunne gje presise anslag på framtidas smeltevassdrenering og avrenning frå norske brear. Som test-lokalitet vil Sørfonna, Folgefonna bli nytta då denne breen er lett tilgjengeleg med hytter som kan nyttast til overnatting under feltarbeidet. Sørfonna er i dag ei viktig kjelde til vatn for kraftstasjonane kring breen. Prosjektet vil svare på problemstillingar knytt til teknologiske og naturvitskaplege utfordringar i eit varmare klima med relevans for framtidig utnytting og stabilitet av vasskraftleveransar både nasjonalt og i Europa. Vasskraft vil spele ei nøkkel rolle for Europas framtidige energiforsyning basert på sol og vindkraft, der dei Skandinaviske vasskraftverka vil fungere som ”Europas grøne batteri” og levere straum i periodar når andre fornybare energi kjelder produserer mindre grunna sesongvariasjonar og værtilhøve.

Gjennom topografisk kartlegging av landskapet under breen vil ein kunne modellere breen med nye og avanserte bremodellar lik dei som vert nytta på Grønland og i Antarktis. Modellane kan så kombinerast med dei nyaste resultata frå Bjerknessenteret sine globale klimamodellar. Dei globale datasetta vil verte nytta til og gje detaljerte estimar av framtidig smeltevassdrenering, isvolum, smeltevassmengd og sesongvariasjonar, data som direkte kan nyttast av kraftprodusentane for å berekne framtidig kraftproduksjon og ikkje minst til å vere i forkant med moglege tilpassingar av kraftstasjonar, tunnellar og damanlegg for å fange opp vatn.

Vinteren 2017 vil datainnsamlinga på Sørfonna vera ferdigstilt og ein kan byrja og setje saman data og konstruere kart. Neste fase av prosjektet er ei kvalitativ vurdering av kvar det kan oppstå potensielt farlege bredemde sjøar når breen vert mindre. Vidare vil datagrunnlaget verte nytta i modelleringseksperiment både bakover og framover i tid for å betre forstå korleis Folgefonna fungerer i vekselverkand med klimaendringar. Sluttproduktet er nye avrenningsberekningar for Folgefonna fram mot 2100, noko som vil vera svært nyttig for kraftprodusentane kring breen når dei skal planlegga investeringar og drift i eit framtidig varmare klima.