• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversity of Bergen

Search form

Stryn eingong eit populært postkortmotiv " NORGE - NORDFJORD - STRYNSVATNET. FOTO: NORMANN - SERIE NR. 190. ENERETT: NORMANNS KUNSTFORLAG A-S, OSLO", (Fylkesarkivet)

Stryn kommune ligg inst i Nordfjord. Landskapet med fjorden, isbreane, dei høge fjella og dei djupe dalane har gjort Stryn vide kjent, og turistar i hopetal har søkt hit sidan slutten av 1800-talet. Kommunen grensar i nord mot Møre og Romsdal fylke og i aust mot Innlandet fylke.

Store delar av Jostedalsbreen nasjonalpark ligg innanfor Stryn sine grenser, i den søraustlege delen av kommunen. Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske fastlandet. Det høgaste punktet er nunataken Lodalskåpa (2083 moh). Fleire brearmar greinar seg ut frå hovudbreen og ned i dalføra i Stryn: Melkevollsbreen, Briksdalsbreen, Brenndalsbreen, Kvanndalsbreen, Tjerndalsbreen og Bødalsbreen og Erdalsbreen.

Fronten på brearmane er i stadig rørsle avhengig av temperatur og nedbør. Fronten på Briksdalsbreen rykte kraftig fram på byrjinga av 1990-talet i samband med fleire snørike vintrar på Jostedalsbreen. Seinare har breen trekt seg mykje tilbake som følgje av tørre vintrar og varme og våte somrar, slik at vatnet nedanfor breen i 2008 var fullstendig brefritt.

Tre dalføre skjer seg inn mellom fjella frå Nordfjorden til Jostedalsbreen: Oldedalen, Lodalen og Strynsdalen. Alle tre har lange vatn i 30–50 meters høgde som tidlegare utgjorde fjordarmar, og som no er oppdemde av lausmassar frå breen og elvane. Dalføra er svært utsette for ras og mykje av lausmassane er skredmateriale. I Lodalen skjedde store ulukker i 1905 og 1936, då enorme ras ut i vatnet danna flodbølgjer som tok mange menneskeliv.

Berggrunnen i Stryn høyrer til den vestnorske gneisregionen. Nokre mindre område langs fjorden i ytre del av kommunen har kambrosilurisk skifer. Mykje av nordsida av fjorden har bratte fjellsider opp til 300–400 moh, der busetnaden ligg på eit platå med morenejord. Langs sørsida er terrenget noko slakare. Utvik og Innvik er frodige jordbruksbygder med bre- og elveavsetningar. Mellom Hornindalsvatnet og Faleide/Stryn ligg eit vidt dalføre, Markane, med store fureskogar.

Fleire stader langs Nordfjorden finn vi hengande dalar med myrområde. Langs elva Tvinna innanfor Randabygda er det både bakkemyr, rikmyr og slåttemyr. Elveslettene ved Prestestøylen i Innvik er dominert av planmyr, men her finst også flatmyr, kanthøgmyr, øyblandingsmyr og bakkemyr. Tjønnane litt lenger nord har haugmyr og strengmyr, forutan fleire flatmyrar og tjørner.

Skogane i Stryn er samansette av fure, lauvskog og planta gran. På Flostranda ved Oppstrynsvatnet finn ein alm-lindeskog med mange interessante planteartar, mellom anna kvit skogfrue. Her er også observert billearten Microrhagus lepidus, som er sterkt truga av utrydding. På sørsida av fjorden lengst vest i kommunen, ved grensa mot Gloppen, ligg Stordalen med eit stort og lite påverka skogsområde. Delar av furuskogen her er gammal, nokre av trea kan vere over 400 år gamle. I området hekkar kvitryggspett, og det er funne fleire sjeldne og kravfulle lavartar på gammal osp.

Namnet Stryn er truleg opphavleg eit elvenamn og kjem av ”den strøymande”.  Kommunen blei i 1845 delt i to – Stryn i aust og Innvik i vest. I 1964 vart dei to kommunane slått saman att. Dei fekk då selskap av Hornindal, men i 1977 skilde Hornindal lag og blei eigen kommune på ny.