• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversity of Bergen

Search form

Stove og bu frå Øystesetunet

Stove og bu frå Øystesetunet. Oppmålingsteikning av Gerhard Fischer, 1915 (teikning: Gerhard Fischer, eigar: Riksantikvaren (Ark nr. 278)).

KVAM BYGDEMUSEUM

Ei av stovene i det gamle Øystesetunet, ei røykstove frå 1700-talet bygd saman med bu, loft og skytje, vart målt opp av Gerhard Fischer i 1915. Det er denne stova som ligg i tunrekkja på Storeteigen i dag, saman med ei «kraatastova» og eit stabbur frå Vavollen. Stova frå Øystesetunet stod i mange år på Stopulshaugen som bygdemuseum, før museet vart flytta til Storeteigen. Dette er eit lite småbruk frå slutten av 1700-talet, med stove og løe bygde i hop. Det samanbygde anlegget frå Øystese syner ein interessant variant; stove og bu, med hellelagt skot og sval kring, samla under eitt tak. På Storeteigen står også ein av dei eldste møbelverkstadene i Kvam.

  • Planteikning av stove og bu frå Øystesetunet

Planteikning av stove og bu frå Øystesetunet (frå: Brochmann, O. (1944) Hus i Norge. Oslo.)

  • Krotaborden i Vavollstova

Krotaborden i Vavollstova er måla opp att etter eldre originalmønster.

 

«Kroting» av røykstovene er ein dekortradisjon som har mellomalderlege røter. Med kritvelling og mursteinsraudt teikna «krotakonene» opp vakre geometriske mønsterbordar på tømmeret – når stovene vart pynta til bryllaup og dei store høgtidene.

  • Troskykkje på Heradstveit

Troskykkjene - ein forhistorisk bygningstradisjon