• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversity of Bergen

Search form

Frå Stalheim mot Nærøydalen.

Frå Stalheim mot Nærøydalen.

Kontrasten er stor mellom det steile landskapet i Nærøydalen og Stalheimskleivane og dei mjuke, avrunda landskapsformene i dei vide innlandsbygdene i det gamle Vossaveldet, som strekte seg frå grensa mot Sogn i nordaust til Bolstadfjorden i vest; same område som Voss omfattar i dag. Det rolege, grøderike landskapet er skapt av den mineralrike og lett nedbrytlege fyllitten; rotafjellet. I Nærøydalen, med ein annan berggrunn, grov isen seg langt inn og skapte elvar som har grave djupe gjel. Og over desse ruvar høge nutar, som Jordalsnuten, med si runde form, skapt av liknande prosessar som har forma «Sukkertoppen» ved Rio de Janeiro.

Vossaveldet er òg i stor grad eit fjellområde, forma i skyveflak av grunnfjell som breier si harde kappe over den mjuke fyllitten; harde og næringsfattige fjellslag som kvartsitt, kvarts-skifer og granitt. Mange høge toppar, som Lønahorgi og Mykkeltveitveten, er utmeisla i desse bergartstypane. Den største delen av vossebygdene ligg i regnskuggen, bak kystfjella, som skjermar bygdelaga innanfor. Dette gjev Voss eit innlandsklima, med kaldare vintrar og varmare somrar enn det som er vanleg i Hordaland. Vossevangen får berre halvparten av Bergens regn, og vinternedbøren kjem mykje oftare som snø.

I mellomalderen utgjorde Voss (Vangen) og Vassveri ei skipreide. Vassveri (Vatsvern) – dei nedre bygdene mot Bolstadfjorden – var ein av åttungane i det gamle Vossaveldet. Voss prestegjeld omfatta soknene Vangen, Evanger, Oppheim og Vinje. Dei to siste vart skilde ut som Vossestrand prestegjeld i 1866. Evanger var eige prestegjeld frå 1892 til 1969. Med utgangspunkt i prestegjeldsgrensene vart Vossestrand og Evanger eigne kommunar i 1868 og 1885. Dei vart slegne saman med Voss i 1964, med unntak av Evanger sine område i Eksingedalen og Bergsdalen. Desse vart overførte til Vaksdal. Vatsvern skipreide og lensmannsdistrikt hadde endra namn til Evanger i 1867, og i 1886 vart namnet Vangen endra til Voss. Oppheim sokn vart overført til Voss frå Nærøy skipreide i Ytre Sogn alt i 1773, så vi ser korleis geografien og landskapet har vore styrande for dei administrative grensene gjennom mange århundre.

Skyveflak i høgda

Med 1815 kvadratkilometer flatevidde er Voss den største kommunen i Hordaland.  Det aller meste av dette arealet ligg i  nedslagsfeltet til Vosso, største elva i fylket. Berre inst i Bolstadfjorden dyppar kommunen tåa i fjordvatn, så vidt det er.

Skyvedekke av hardt grunnfjell dominerer fjella i kommunen. Det er stort sett dei såkalla Bergsdalsdekka som rår grunnen, men i aust kviler Jotundekket øvst i stabelen av skyveflak. Den kvite anortositten, som strekkjer seg frå Mjølfjell til Nærøydalen, skil seg ut mellom bergartane i dette dekket. Anortositt kan nyttast til meir enn pukk, mellom anna til aluminiumsproduksjon, slipemiddel i tannpasta, varmeisolasjon, vassfilter og keramikkfliser. Kan hende sit Voss på ein viktig økonomisk ressurs for framtida.

Innlandsklima

I løpet av eit år kjem det om lag 1250 mm nedbør over Vossevangen. Det er nær halvparten av det som kjem ved kysten. Rett nok treng ein ikkje å fara lenger vest enn til Bolstad før nedbøren er over det doble.  Dei sentrale stroka av kommunen skil seg frå resten av Vestlandet ved at det normalt er minst nedbør i mars, og ikkje i april eller mai slik det i regelen elles er. Skjerminga mot vestavêret gjev ofte høge dagtemperaturar om sommaren, men også tidleg nattefrost om hausten, og låge vintertemperaturar. Middeltemperaturen for året er om lag 1,5 grader lågare enn i Bergen.

Varme somrar og kalde vintrar er utslagsgjevande for særtrekka ved plante- og dyrelivet. Austlandsplanter som tjøreblom, bergmynte og kvit bergknapp veks på Voss. Med mykje kalk i fjellgrunnen ligg forholda også til rette for eit rikt plantedekke, ikkje minst i fjellet. Fyllitten har gjeve kommunen mange høgtliggjande, artsrike område ved attraktive vandreruter, som inst i Bordalen og nord for Hamlagrøvatnet.

Gråor er eit svært utbreidd treslag. Særleg i Teigdalen står gråorskogen tett i dalsidene – til dels også i flaumsona langs elva. Mengda av bregnen strutseveng saman med gråor slik ein ser det på Voss er teikn på mineralrik jord. Bjørka er ofte av eit anna slag enn langs kysten – i dette distriktet er hengjebjørk, eller låglandsbjørk, vanleg på mange gardstun og elles i tørr skog, på berg og i ur.  Grana er eit anna austleg treslag som har funne seg til rette på Voss.  Innvandraren har danna dei største naturlege granskogane på Vestlandet.

Dyr frå aust

Andre slags innvandrarar har også funne seg til rette: Voss har fleire austlege fugleslag som elles knapt finst på Vestlandet, som sporvugle, duetrast og skogsnipe.  På landjorda har elg og rådyr funne vegen vestover. Ferskvasskrepsen hadde derimot korkje kome seg til, eller klart seg i Moensvatnet utan tobeint hjelp. Kalking er naudsynt for at  han skal greia seg.

Så godt som alle vatn og elvar har gode bestandar av aure. Sjølv i det næringsfattige Oppheimsvatnet er det godt om fisk, totalmengda er rekna ut til å vera 30 000 aure.  Mest all denne fisken held seg i dei øvste 6 metrane av vatnet, sjølv om det er 30 meter til botnen, i gjennomsnitt. Hovudattraksjonen for fiskarar har vore den namngjetne Vossolaksen, men oppgangen av storfisk har vore skral dei siste åra

På raud grunn ein opprett sølv hjort

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 8.7.1977, og er teikna av Hallvard Trætteberg. Våpenmotivet har tilhøyrt Finneætta på Voss. Stamfaren, Peter bonde, førte ein opprett hjort i seglet sitt i 1303, og det er motivet i denne utforminga som ligg til grunn for kommunevåpenet. Andre i ætta brukte hjorten i andre utformingar. Også i dag kan hjorten vera eit høveleg motiv for vossebygdene, men motivet har i tillegg eit symbolsk innhald som går tilbake til mellomalderen.

valknute

Det gamle Vossaveldet (gno. Vorsaveldi, òg nemnt Vorsafylki) skal ha strekt seg frå Vossaneset på nordspissen av Osterøyi til Oppheim på Vossestrand. Vassveri (Vatsvern), var den eldre administrasjonsnemninga på Evanger. Førsteleddet går truleg attende på gno. versir «vesser, folk frå Voss». Sisteleddet er gno. ver «vatn, hav». Evanger er altså vid, men Voss er vidare. Bolstad, gno. Bólstaðir, tyder kort og godt «bustaden». Horveid (ofte skrive Horvei) inneheld eit gammalt namn på elva i dalføret, av gno. herfa «dreia, gå rundt». Siste leddet er det vanlege ordet eid. Røyrgo hang saman med gno. reyrr «steinsamling». Fast fjell ligg derimot til grunn for Bjørgo. Ordet bjørg «berg, bergrad» er vanleg i stadnamn i Hordaland.

  • Kartet viser åttungsskipnaden på Voss etter skattemanntalet i 1647

Åttungsskipnaden og fjordungsskipnaden

  • Einar Rekve dyrkar vossakvann og held såleis ein gammal tradisjon på Voss i hevd
  • Fjellkvann

Vossakvann - grønsak og kommuneplante

Kvann veks både i fjellet og på stranda, men ikkje så mykje elles i låglandet. Strandkvannen er den bitraste, og difor vart han mest aldri brukt til mat. Fjellkvannen har derimot vore mykje brukt,  til mat, drikke, tobakk og medisin. Denne planten har ein viktig plass i norsk kulturhistorie. Ja, fjellkvann skal vera den einaste nytteveksten som har kome på verdsmarknaden frå Noreg.

 

Blomen til kvann er nesten kulerund, med gulgrøne blomeskjermar, ikkje kvite som hos sløke og mange andre skjermplantar. Bladstilkane er innhole, med store, oppdelte blad. Men på Voss finst ein spesiell form av fjellkvann, vossakvann, med fylte bladstilkar. Han er også mykje søtare på smak enn vanleg fjellkvann. Vossakvann er ei kulturform av fjellkvann,  avla fram ved seleksjon gjennom tusen år.  Planten vaks ved møkkahaugen bak fjøset på dei fleste gardane på Voss. Han var ei viktig vitaminkjelde i vårknipa, eit symbol på livskrafta som vender attende etter vinteren. Kanskje var dette utspringet for tradisjonen om at brura og helst heile brurefølget i eit gamaldags Vossebryllaup skulle ha eit kvanneblad i handa. No har rabarbraen teke over i hagane, om ikkje i brurefølget. Vossakvann veks framleis på enkelte gardar, og er planta i Voss sentrum.

  • Granskog på Voss

Den naturlege granskogen på Voss. Naturen minner mykje om det indre Austlandet, der granskogen breier seg i dalføra. Frå Istad-området.(Svein Nord)

  • Med store fjellområde har Voss mykje ramn

Med store fjellområde har Voss mykje ramn. Arten finst vidt utbreidd i Hordaland, men oftast meir spreidd og i tynnare bestandar enn i vossafjella. (Tore Larsen)

  • Draktfigur frå 1700-talet av Jørgen Garnaas

"Af Bergens stift, i Wangs Præste Gield, een Kierke Gangs Kone". Draktfigur frå 1700-talet av Jørgen Garnaas (Svein Skare, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Bd. 5905)).

  • Bjørklund, A. 2004. Undersøkelse av krepsen i Moensvatnet,Voss kommune i 2003. Rådgivende Biologer, rapport 680.
  • Kvale, A. Petrologic and structural studies in the Bergsdalen quadrangle, western Norway. Bergen Museums Årbok 1946–47, Naturvit. rekke, 1.
  • Moe, B. (under arbeid). Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Voss. Voss kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Odland, A.1979. Botaniske undersøkelser i Vosso-vassdraget. UiB. Botanisk institutt. Rapport 6.
  • Sigmond, E. M.O. 1998. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Odda – M 1:250.000. Norges geologiske undersøkelse.