• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversity of Bergen

Search form

Botnen i Dyrdal i Lindå

Botnen i Dyrdal i Lindås, ein fjordarm i ei fjern framtid? (Helge Sunde)

FRÅ BOTN TIL FJORD

Fer du langs Austfjorden, blar du deg samstundes gjennom istidshistoria. Landformene viser korleis landskapet har utvikla seg etter kvart som breane voks – og smelta attende – i fleire omgangar: frå små botnar, som inst ved Dyrdal, til store fjordar, som Masfjorden lenger ute.

Før istidene var det dalar gravne ut av elvar der det no er fjordar (a på teikninga). Fjordane er isbreane sitt verk – det er berre dei som kan meisla ut landskap under sjøoverflata.

For vel ein million år sidan nådde dei første breane heilt ut til kysten. Lengst ute grov dei først ut små botnar og søkk i dei gamle elvedalane. Ettersom tida gjekk og gravearbeidet heldt fram, skura isen òg under sjømålet. Når breen så smelta attende, følgde sjøen etter, innover den oppskura fjellgrunnen. Slik vart dei første små fjordane danna der det før var dalar (b). For kvar istid som følgde, vart botnane og fjordane gravne lenger og lenger inn i landet.

Frå utløpet av Masfjorden og innetter Austfjorden blir fjordane og vågane stadig mindre. Botnane ved Dyrdal og ved Odnåsen lengst inne er enno ikkje gravne ned under havnivået. Dette viser at isbrear gjennom mange istider har grave først Fensfjorden og så Austfjorden lenger og lenger inn i landet (c). Det viser òg at Kikallevågen, Søre og Nordre Kvingevågen, og til og med Masfjorden først har vore botnar, slik som Dyrdal er no. Teoretisk skal det berre ei ny istid til før Lindåshalvøya blir ei omflødd øy. Når det så atter måtte bli leveleg for strilar i dette området, ville eit eventuelt brusamband koma i Ostereidet–Bjørsvik-området. Av dagens europaveg langs Osterfjorden ville Eikefettunnelen vera det vegstykket som stod lengst att, dersom breane fekk ta nokre nye arbeidsøkter.

Kvifor vart Masfjorden så mykje større enn vågane lenger inne i fjorden? At fjorden ligg lenger ute, og såleis er eldre, hjelper kanskje litt. Men prøver vi å rekonstruera elvedalane frå før istidene, finn vi at «Masfjordelva» var mykje større enn dei små elvane lenger søraust. Elva som rann der den krokete fjorden no går, starta langt inne i Stølsheimen, som to relativt store (det som no er Matreselva og Haugsdalselva) og fleire mindre elvar. Når så istidene sette inn, oppstod kraftige brestraumar som følgde dei gamle elveløpa. Etter kvart som brestraumane kom saman, gjekk arbeidet snøggare og djupare – til langt under sjømålet. Og då breane til slutt kalva tilbake, følgde Masfjorden etter.

  • Snøsporv

Snøsporv

I fjella ovanfor Austfjorden finst ein av dei vestlegaste bestandane av snøsporv her til lands.Her held arten til sjølv i den mest karrige blokkmarka. Snøsporven er den fuglearten som går høgast til fjells i vår fauna. (Jan Rabben)

Før istidene var det dalar gravne ut av elvar der det no er fjordar

Stadium i utviklinga av landskapet kring Fensfjorden og Austfjorden gjennom to millionar år. (a) To millionar år sidan Før istidene var det dalar gravne ut av elvar der det no er fjordar.

Når breen så smelta attende, følgde sjøen etter, innover den oppskura fjellgrunnen. Slik vart dei første små fjordane danna der det før var dalar.

Stadium i utviklinga av landskapet kring Fensfjorden og Austfjorden gjennom to millionar år. (b)  Ein million år sidan.  Når breen så smelta attende, følgde sjøen etter, innover den oppskura fjellgrunnen. Slik vart dei første små fjordane danna der det før var dalar. Brevatnet fargar fjorden turkis. 

Isbrear gjennom mange istider har grave først Fensfjorden og så Austfjorden lenger og lenger inn i landet.

Stadium i utviklinga av landskapet kring Fensfjorden og Austfjorden gjennom to millionar år . (c) 500 000 år sidan. Isbrear gjennom mange istider har grave først Fensfjorden og så Austfjorden lenger og lenger inn i landet. Brevatnet fargar fjorden turkis. 

I dag

Stadium i utviklinga av landskapet kring Fensfjorden og Austfjorden gjennom to millionar år. (d) I dag.