• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversity of Bergen

Search form

Støle, Etne (foto: Svein Nord).

Det bølgjande bakkelandskapet i Etnebygda er bronsealderens landskap. Her ligg dei grøderike gardane som var grunnlag for velstand og hovdingmakt i eit framveksande storbondearistokrati i vikingtid og tidleg mellomalder. Det var storbøndene som var støttespelarane til kongemakta, både her og andre stader i landet. I seinare hundreår er det få andre bygder der kontrasten mellom storbøndene og husmennene er klarare enn i Etne.

Men Sunnhordland har mange gode bygder, og organiseringa av leidangen og skipreidene i mellomalderen fortel mykje om makt og velstand og økonomiske tyngdepunkt. Når du kryssar over fjorden frå Bjoa til Skjersholmane, er du midt i hjarta av Sunnhordland; det frodige, opne fjordlandskapet. Framfor deg ligg Borgundøya med sin høge bergrygg som løyner Fjelbergøya rett nordanfor. Midtfjords opnar Klosterfjorden seg inn mot den låge vika og dei slake grøne bøane på Halsnøya, der det mektige og velhavande augustinerklosteret låg. Ser du mot nord, inn Hardangerfjorden, då møter auga ditt konturane av Varaldsøy langt inne i blådisen, framfor barmen mot Hardangerfjorden: Strandebarm. Då ser du samanhengen: Hordaland er busett frå sjøen. Det er fjorden som er i sentrum for samferdsla, og skipreidene var organiserte etter dette sjøsambandet, i ein krans kring fjordane. Då byrjar det historiske landskapet å ta form: Fjelberg skipreide på Fjelbergøya og Halsnøya, Oppdal skipreide på Tysnes og Føyno skipreide på Stord og Bømlo. Vi forstår kvifor flesteparten av dei adelege setegardane frå mellomalderen låg i Sunnhordland. Vi øygnar dei store linjene i ei tusenårig utvikling og vi ser vår tids dilemma: Vi forbrukar dette landskapet som hundre ætteleder før oss har forvalta.

  • Haga, A. (1976) Dette er vinteren: etterretning, militær hjemmefront, ekspedisjoner fra England, tyske aksjoner innen Distrikt 20.2 under okkupasjonen 1940-1945. Bergen, Eide.
  • Hovland, K. S. (1972) Langveisfarende som kom til sunnhordlandsbygdene i 16- og 1700-årene. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 12-24.
  • Liland, S. (1954) Skipreidone i Sunnhordland. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 3-32.
  • Moe, T. L. (1982) Ein førebels rapport om kolerakyrkjegardar i Sunnhordland. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 58-72.
  • Nitter, F. d.e. (1987) I Sunnhordland frå fjord, veg og fjell: med noko historie om vegvesen og samferdsleutvikling. Stord, Sunnhordland forlag.
  • Nysæter, E. (1982) Koleraepidemien i Sunnhordland våren 1849. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 37-46.
  • Sydnes, K. (1926-1933) Tiltak og arbeidsliv i Sunnhordland. Stord.
  • Vaage, I. (1990) Not la gå!: om brislingsfisket i Sunnhordland. Husnes, Kvinnheringen.
  • Vaage, I. (1992) Sild i boks: om hermetikkindustrien i Sunnhordland. Husnes, Kvinnheringen.
  • Sunnhordland Årbok (1914-). Stord, Sunnhordland museum.
  • Sunnhordland og sunnhordlendingar: bygdelaget Sunnhordlendingen, Bergen 1919 - 60 år - 1979: festskrift (1979). Bergen, Bygdelaget.