• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversity of Bergen

Search form

Vangsvatnet

Dei vide dalføra i vossabygdene munnar ut ved Vangsvatnet og Vossavangen, eit naturleg midtpunkt i det storlinja landskapet. Dette er bygder med stor skog og godt jordsmonn; i dei slake dalsidene ligg gardane fleire stader i tre rekkjer ovanfor kvarandre. I sine «Reise-Erindringer» skriv Ivar Aasen om desse bygdene «som man har kaldet Hjertet af Bergens Stift». (Samuel Joshua Beckett)

Dei breide bygdelaga i dalføra kring Vangsvatnet er gode jordbruksbygder. Heilt attende til vikingtid og folkevandringstid kan vi følgja utviklinga av gardane og grendene i desse bygdene, gjennom det rike namnestoffet. Voss er eitt av dei distrikt i landet som har flest vin-namn. I Tjukkebygdi, på Dyrvedalen og i sørsida mot Bordalen ligg gardane i tre rekkjer ovanfor kvarandre; eit særsyn vestanfjells. I sine «Reise-Erindringer» skriv Ivar Aasen om Voss «...som man har kaldet Hjertet av Bergens Stift.... Gaardene ere sedvanlig vel forsynede med Huse, som følge av dette Dalføres Rigdom paa Skov.... I Arbeide og Kunstfærdighed staae Vosserne paa et høit Trin og udmærke sig tildels fremfor alle øvrige Bergenhusinger».

Det stod age av det gamle vossaveldet. Det strekte seg frå grensa mot Sogn til Bolstadfjorden; same område som Voss omfattar i dag. I det siste hundreåret har desse bygdene vore delte i tre kommunar: Vossestrand, Voss og Evanger. Eit ordtak seier at «Veri e’ vid, men Voss e’ vidare». Her er det nok ikkje, som mange kunne tru, tale om verda, men om Være eller Vøre; namnet på dei nedre bygdelaga langs vossavassdraget, ned mot Bolstadfjorden. Vassvær, Vassvøre’ eller Vatsværn som denne åttungen vert kalla i eldre kjelder, tilsvarar tidlegare Evanger kommune. Mellomalderens inndeling av vossaveldet i åttungar og fjordungar finn vi spor etter enno idag, i namn som Gullfjordungen. Også Voss høyrde med til leidangsordninga. Den skulle gjelda «så langt som laksen hoppar», slik Gulatingslova ordlegg seg. Eit mellomalderdokument frå 1398 omtalar leidangsskip som skulle byggjast på Bolstad.

Der dalføra frå Vossestrand, frå Raundalen og frå Skjervet møtest med Bordalen, det tettgrendte dalføret i sør, ligg Vossevangen. Herfrå fører hovuddalen mot vest, mot Bolstadfjorden; den viktigaste vegen til omverda og til Bergen. Vangen vart eit knutepunkt i samferdsla og ein naturleg møtestad for åttungane ikring. Vest på flaten ved Vangsvatnet låg garden Vang, og her vart Vangskyrkja bygd i 1277; ei av dei fire fjordungskyrkjene i det gamle Hordafylket. Olavskrossen på Prestegardsflatane søraust for kyrkja er eldre. Etter segna var det Olav den Heilage som let reisa denne steinkrossen, då han kristna Voss i 1023. Som samlingsstad er Vangen endå eldre. Sjølve namnet Vang tyder på at det her var ein stad for gudsdyrking i heiden tid. Egilssoga fortel at Egil Skallagrimsson fór opp hit, i båt over vatnet, for å råka Harald Hårfagre som sat i veitsle her. Det må ha vore kring år 900.

Tjodvegen, mellomalderens allfarveg, også kalla Kongevegen mellom Bergen og Oslo, låg endelangs gjennom bygda, frå Bolstad til Gudvangen. Sambandet med Sogn, om Stalheim og Gudvangen, og sambandet til Hardanger, om Skjervet til Granvin og over fjellet til Folkedal, har vore i bruk frå forhistorisk tid. Vangen var gjestgjevarstad alt i mellomalderen, og postvegen mellom Bergen og Christiania vart i 1647 lagd langs den gamle tjodvegen, frå Tysso ved Bolstadfjorden til Stalheim. I mange hundreår har vossingane vore kjende som farande folk. Dei omreisande kramkarane, «kramvessene», er eit vitnemål om det. På 1700- og 1800-talet fór dei vidt omkring med knivar og vevskeier og andre varer frå handverksbygda Voss. Som få andre bygder i Noreg har Voss vore prega av mellomaldertradisjonar heilt opp til vår tid. Dei gamle røykstovene – mange av dei framleis i bruk som eldhus – fortel om tradisjonsstyrken i vossebygdene. Nokre av dei finaste mellomalderlofta i Noreg finn vi på Voss: Finnesloftet, Lydvaloftet og Ringheimsloftet, i eit innhaldsrikt historisk landskap.

  • Fretheim, O. & Bolstad, I. (1977) Biletbok frå gamle Voss 1868-1940. Voss.
  • Gjerdåker, J. (1990-1991) Ålmenn soge for Voss: frå 1800 til vår tid. Voss, Voss bygdeboknemnd.
  • Hellesnes, T. (1972) Gardssoge for Vossestrand: Vinje sokn. Voss bygdebok, bind 2. Voss, Voss bygdeboknemnd.
  • Hellesnes, T. & Gjerdåker, J. (1980) Gardssoge for Oppheim sokn. Voss bygdebok, bind 3. Voss, Voss bygdeboknemnd.
  • Kindem, L. (1933-1938) Vossaboki. Voss, Voss bygdeboknemnd.
  • Schjærven, L. & Gjerdåker, J. (1982-1984) Evangerboka: gards- og ættesoge. Voss, Voss bygdeboknemnd.
  • Sognnæs, O. H. (1977) Lokalhistorisk bibliografi over Evanger, Voss og Vossestrand kommuner fram til 1950. Hovedoppgave, Statens bibliotekskole.
  • Sæbø, P. (1953) Voss: ei orientering om Vossabygdene i gamal og ny tid. 2. utg. Bergen.
  • Bolstadboka: frå fjell til fjord (1991). Bolstadøyri, Studieringen i lokalsoge.
  • Gamalt frå Voss (1969-). Voss, Voss bygdeboknemnd, Voss sogelag, Voss folkemuseum.
  • Kommunejubileet: 1837-1937: festskrift for Voss herad (1937). Stavanger.
  • Voss 1837-1987: lokalt folkestyre 150 år (1987). Voss.
  • Vossabygdene: tidsskrift (1910-1955). Voss, Voss sogelag.