• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Strandstaden Eide

Strandstaden Eide. Litografi av M.W. Atkinson, 1852 (frå: Atkinson, M. W. (1853) Sketches in Norway: taken during a Yachting Cruise in the summer of 1852. Foto: AV-avd., Universitetet i Bergen).

Vassvegane bind Granvin saman. Inst i Skjervet, høgt oppe i det uregulerte vassdraget, kastar Skjervsfossen seg utfor berget, stor og mektig. Langs elv og vatn og sjø, til ytste munningen av den smale Granvinfjorden, renn store vassmengder på veg mot havet.

Storelvi hadde tidlegare ry for å vera den beste sjøaureelva i heile landet. Der Storelvi munnar ut i Granvinvatnet ligg ei elveslette og eit deltaområde mest utan sidestykke i Hordaland. Frå det store Granvinvatnet leier Granvinelvi ut i fjorden, og i liene ligg edellauvskogreservata som perler på ei snor.

”Granvin” – gransletta – kan vera vanskeleg å skjøna bakgrunnen for når vi veit at den naturlege granskogen på Voss stoggar om lag ved kommunegrensa. Men då namnet vart til for kan hende over tusen år sidan,  fanst ikkje vossagrana. Kanskje var det slik at modertrea til det som seinare vart ein heil skog på Voss, vaks nettopp i Granvin. Med små endringar i det biologiske miljøet er grana borte i dag, men linda har makta å kle kommunens mange urer og bratte fjellsider. Lindeskogane i Granvin er Hordalands største. Dei stupbratte berga ved Joberget og Nesheimshorgi er gammalt grunnfjell som kviler på yngre fyllittlag. Granvin ligg i grenseområdet for det som er att av dei kaledonske skyvedekka nord for Hardangerfjorden.

Granvin var eiga skipreide både i mellomalderen og i 1647, slik det går fram av skattematrikkelen. Det fortel om gardar med makt og velstand. Granvin prestegjeld, som også omfatta Ulvik, vart utskilt frå Kinsarvik som eige prestegjeld i 1608. Eidfjord vart ein del av dette prestegjeldet frå 1688. Då omfatta Granvin (Graven) skipreide dei tre kyrkjesoknene  Granvin, Ulvik og Eidfjord. Ulvik vart hovudsokn i 1858, og då vart Granvin eit sokn i det nye Ulvik prestegjeld.

Frå dette hopehavet vart Granvin skild ut som eigen kommune i 1891. Det er interessant å sjå at ved kommunereguleringa i 1964 – i overgangen frå båtens til bilens landskap – vart gardane Lussand, Beggevik, Naustvik, Håstabbe og Kvanndal nord for fjorden overførte til Granvin frå Ullensvang. Granvin sokn hadde eigen lensmann fram til 1689. Då vart det ein lensmann for heile Graven skipreide (Ulvik, Granvin, Eidfjord), som seinare vart til Ulvik lensmannsdistrikt på 1800-talet. Dagens Granvin har i hovudtrekka dei same grensene som mellomalderens skipreide. Det er gamle og veldrivne gardar i desse bygdene; gardar med god skog.

Grenseland

Granvin er eit botanisk grenseland. Fleire kystplantar kjem ikkje lenger aust enn dette.  Like eins er det somme austlege planteslag som helst ikkje veks lenger vest. Verlaget er  heller vått og etter måten varmt. Mykje fyllittberggrunn og rikeleg med lausmassar gjev dessutan gode vekstvilkår, både for jordbruk og skogbruk. Her er godt med trevyrke, ikkje utan grunn har det vore meir eller mindre samanhengande sagbruksdrift i Granvin i innpå 400 år.

Det er ikkje berre plantar som stoppar i Granvin.  Granvin er også endestasjonen for dei  kaledonske skuvedekka som er att på nordsida av Hardangerfjorden. Sluttstreken er sett i dei  bratte fjellsidene ved Joberget og Nesheimshorgi.  Desse dekka er gammalt grunnfjell, som har vore pressa austover. Dei kviler på fyllitt frå kambrosilursk tid. Fyllittbeltet ligg i dagen frå Lussand, over fjellet til Granvinvatnet, og breier seg vidare aust-nordaust-over mot Kvasshovden og vidare inn i Ulvik. Men den mjuke og frodige bergarten toler ikkje kva som helst av nedbrytande krefter: Somme stader i kommunen, som til dømes langs Granvinfjorden,  har isbreane greidd å tæra seg gjennom fyllitten og ned på grunnfjellet. Dette harde og granittrike bergslaget har like sidan urtida lege der det ligg, i motsetning til grunnfjellet i skyvedekka som kom sigande langt vestafrå.

Om Voss har snytt Granvin for grana, har Granvin snytt Voss for mykje av vatnet i Granvinvassdraget. Ein stor del av kommunens areal låg i nedslagsfeltet til Vosso før dei siste istidene. Breane gjorde så godt og grundig arbeid på Granvinsida at elvane fekk ny endestasjon. Granvinfjorden og Granvinvatnet vart til i denne utgravingsprosessen. Utgravinga førte til at den nye hovuddalen kutta eldre dalføre danna før istidene på tvers. Skaftedalen og dalen opp mot Skeisete, ovanfor Spildo, er  gode døme. Dei vart til såkalla hengjande dalar, ettersom storisen ikkje gjekk deira veg. Også i isfrie periodar under istidene har det skjedd store endringar i granvinlandskapet. Mange elvegjel og tronge dalar, som i Kvanndal, viser at elvar har freista å grava seg ned, og at arbeidet ikkje er avslutta. Også fossar, slik som Skjervsfossen, Skaftedalsfossen og fossen aust for Spildo, viser at elvane enno ikkje har hatt full utteljing for gravearbeidet.

Utemt vatn

Granvin er einaste hardangerkommunen utan kraftutbygging. Det skuldast ikkje manglande væte. Den gjennomsnittlege årsnedbøren ved Granvinvatnet (1937 mm) er over 50 % høgare enn til dømes på Vossevangen,  og kommunen har om lag 160 nedbørsdagar i året.  Den manglande kraftutbygginga kan heller ikkje forklarast med fråvær av freistande vassdrag. Før 1986 var det planar om å byggja ut 16 km² av nedbørsfeltet til Granvinvassdraget, eit område sør for Bulko i Voss. Resten av vassdraget vart varig verna dette året, og sidan er utbyggingsplanar blitt stadig vanskelegare å få igjennom.

Hovuddalen er godt skjerma, med lite vind og til tider høg oppvarming.  Temperaturane er etter måten høge om sommaren. Når Granvinvatnet frys til om vinteren, kan det bli tilsvarande kaldare. Det gode lokalklimaet gjer at dei bratte liene er svært frodige – i dei som vender mot sør er linda blant dei vanlegaste trea. Ved Spildo veks almeskogen tett oppunder dei lune bergsidene. Litt lenger nede, ved Granvinvatnet, ligg den verna edellauvskogen Joberget. Også attmed fjorden, ved Folkedal, Kvanndal og Uranes, ligg naturreservat med edellauvskog. Sjølv om det ikkje er stor avstand mellom desse reservata, er det viktige skilnader i floraen. Somme av dei frostvare artane ved fjorden veks ikkje ved Granvinvatnet og lenger inne i landet. Kongslys og tjøreblom er fargerike innslag i vegkanten, sikre teikn på at ein er i indre strok av fylket.

At det ofte er vanskeleg å ta seg fram for menneske i granvinskogane, er ein føremon for dyrelivet. Enno viktigare er den store tilgangen på daudt og døyande trevirke,  ei følgje av alle steinspranga og snøskreda.  Ferske spor etter kvitryggspett og dvergspett er å sjå mange stader. Der det veks hasselkratt,  er det også mykje ekorn. Den sjeldne nøttekråka har tilhald både ved Nesheimshagen og i Kvanndal. Mindre liv er det i barskogen i dalsidene kring Granvinvatnet og i Espelandsdalen, der naturen er sterkt påverka av skogsdrift.

På grøn grunn ei gull fele, skråstilt venstre – høgre

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 13.5.1988 og er teikna av Øyvind Kvamme, etter idé av Torbjørn Seim. Granvin er kjent for å ha rike feletradisjonar med mange kjende felespelarar og felebyggjarar. Motivet skal knyta fortida til framtida.

valknute

Granvin er samansett av gran og vin «naturleg eng». Også Hollve (ofte skrive Holven) har vin som sisteledd, her som ofte elles forkorta til -ve. Førsteleddet er gno. hallr «skrånande». Andre vin-namn er Velkje (Velken), av valk «lita pute, knute, sandbanke», og Bilde, av gno. bildr «vinkelforma, skjerande reiskap, pil», med bakgrunn i terrengtilhøva. Førsteleddet i Kjerland er gno. ker «kar, fiskegjerde», medan gno. reyni «stad der det veks raun» ligg til grunn for Røynstrond (ofte skrive Røynstrand). For Taskjelle ligg kanskje eit eldre elvenamn til grunn, der -skjelle kan setjast i samband med gno. skella «smella, larma». Skjervet er laga av skjerv «skarv, nake skjer».

  • Anders Kjerland

Spelemenn i Granvin

  • Kvild i tømmerarbeidet ved saga på Kjerland

Kvild i tømmerarbeidet ved saga på Kjerland. Saga var starten på det som skulle bli Granvin bruk. Skogsarbeidet må ha vore eit veldig slit før maskinene tok over dei tyngste lyfta, ikkje minst med tømmerstokkar med dimensjonar som på biletet. (Axel Lindahl)

  • Nesheimshorgi

Nesheimshorgi, landemerke i granvinsnaturen, og ein rest etter eit stort fjellflak eller skyvedekke som vart pressa austover for over 400 millionar år sidan. Nesheimgardane tvers over Granvinsvatnet er tufta på næringsrik fyllitt som ligg under skyvedekket. (Svein Nord)

  • Rosenrot

Rosenrot er ei vanleg plante i fuktige parti i bratt lende. Ho har fått namnet etter roseduften frå den kraftige rota. (Miranda Bødtker)

  • Kattugle

Med mykje gammal lauvskog og bratte lier er Granvin ein god stad for kattugla. (Jan Rabben)

  • Djønne, R. (under arbeid). Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Granvin. Granvin herad og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Haukenæs, T. S. (1904-1915) Granvins saga. Bergen.
  • Kolltveit, O. & Kvalem, H. M. (1977) Granvin, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid. Bind I-II. Granvin, Ulvik og Eidfjord bygdeboknemnd.
  • Olafsen, O. (1923) Granvin i fortid og nutid: en bygdebok.