• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Krossdalen mot Langedalen og Fonna.

Frå Krossdalen mot Langedalen og Fonna (Svein Nord).

Under istidene var breane brutale med Jondal, men resultatet vart bra. Med god hjelp av Folgefonna, dei skogkledde dalsidene og eit levande kulturlandskap, har istidsbreane forma ei av dei vakraste bygdene i Hardanger.

Breane vaks ut frå Folgefonnplatået og i områda lenger nord. Derifrå var vegen kort og bratt, først ned mot det som ein gong var Hardangerelva, og sidan, mot breen i Hardangerfjorden. Fallet gav breane fart og kraft til å grava seg djupt ned i terrenget. Det samme gjorde Hardangerfjordbreen:  Det djupaste målte fjorddjupet, 879 meter, ligg rett utanfor kommunegrensa. Botnen er attpå til dekt med 300 meter tjukke leirlag.  Nesten 1200 meter ned til fast fjell under sjøflata i tillegg til erosjonen over vassyta er eit solid vitnemål om korleis isen har herja med fjellgrunnen. Også mange vatn i dalane og botnane opp mot fjellet er eit resultat av isskuringa.

Jondal har framleis godt om is, og sommarskisenteret på Folgefonna har landets beste sommarskiføre. Men det har ikkje alltid vore slik: I fleire tusen år var breane vekke, men kaldare klima for 4000 år sidan førpå isen attende. Nordre Folgefonna ligg framleis som ei kåpe over kommunen, og påverkar klima og vegetasjon. Heller få planteslag  har greidd å etablera seg ved brekanten.  Resten av kommunen er heller ikkje spesielt frodig. Mellom store område på gjerrig grunnfjell gjev eit smalt belte med kalkførande fyllitt og anna næringsrikt fjell ved Samlen, Hereiane og Jonahornet grobotn for edellauvskog og rik furuskog. På sjølve Hereiane er gneisane ekstra gjerrige. Her ligg fjellet nake, skrapa for jord. Tre kilometer med glattskura gneis skrår ned mot fjorden. Gneisane under Jonahornet har jondølene gjort forteneste på like sidan mellomalderen. Skiferbrotet på Solesnes er landets eldste, og framleis i drift.

Jondal skipreide, eller Samla skipreide, som vi også kan treffa på i kjeldene, har hatt stabile grenser heilt sidan mellomalderen. I hovudsak er dei samanfallande med dagens kommune. Jondal sokn høyrde til Strandebarm prestegjeld fram til fram til dette kyrkjesoknet vart overført til Ullensvang i 1968. Jondal vart, på grunnlag av den geistlege inndelinga, skilt ut som eigen kommune alt i 1846. Ved kommunereguleringa i 1965 vart Tørvikbygd krins, som låg under Jondal, overført til den nye storkommunen Kvam, og samstundes kom garden Kysnes i tidlegare Strandebarm kommune over til Jondal. Det gamle sambandet over fjorden mellom nærskylde bygder vart tilpassa bilens landskap.

Ei av dei sentrale sambandslinjene aust-vest i mellomalderen gjekk over Jondal, opp Krossdalen og gjennom Reiseteskardet til Sørfjorden i Ullensvang. Vi må rekna med at dette var ein av pilgrimsvegane til Røldal, og segna seier at det er desse krossfararane som har gjeve dalen namn. Ferdafolket kom over fjellryggen frå Svåsand og Solesnes, der det truleg kan ha vore ein overnattingsstad (sælehus). I seinare hundeår har vegen over Folgefonna vore ein mykje nytta drifteveg. Fedriftene vart skipa i store prammar over fjorden frå Tørvikbygd, førte gjennom Reiseteskardet og vidare over Sørfjorden til Sekse og opp på Hardangervidda.

På kanten av stupet

Jondal ligg på kanten av «stupet» mellom det gamle grunnfjellsområdet i søraust og dei kaledonske skyvedekkebergartane i nordvest. Stupet går langs Hardangerfjorden,  der dekkebergartane vart dregne ned i fjorden frå Folgefonnsplatået. Oppe på platået  er både dei og den underliggjande fyllitten tærte vekk. Ned mot fjorden, ved Hereiane, Jonahornet og Samlen, finst restane etter fyllitten som vart dregen ned saman med dei kaledonske skyvedekka. Nokre ”fliser” av desse dekka ligg også att i dei same områda, oppå fyllittrestane.

Vêrlaget i Jondal har store kontrastar, frå eit varmt og mildt fjordklima til eit barskt breklima i fjellet i aust. Verknaden av breen er kanskje mest kjenneleg om vinteren, når den kalde lufta sig ned dalane. Årsnedbøren ligg normalt på 2200 med mer nede i bygda og truleg opp mot 4000 mm på Fonna.

Øvre deler av Jondalselva vart overførte til Mauranger kraftverk i 1970-åra. Vatna inn under Folgefonna vart då kraftig regulerte. Vassføringa ved Eidesvatnet har minka til nesten det halve etter utbygginga. Også store delar av vassdraga nord for breen er overførte til Mauranger. Det er gjort framlegg om utbygging av Torsnesvassdraget, som mellom anna vil redusera vassføringa nedanfor Byrkjeland endå meir.

Nyoppdaga plantar

Funnet av norsk malurt ved fjellet Jonstein på slutten av førre hundreåret vart ein sensasjon blant fagfolk, og Jondal fekk ny status. I botanisk samanheng hadde nemleg Jondal lenge ord på seg for å vera lite spanande, og kommunen var dårleg utforska.  Planten var ein av dei første artane som inntok landet etter istidene. Han har greidd å overleva i Jondal og på nokre få fjellområde elles i landet. På Jonstein har han truleg grodd i nær 14 000 år, ein ekte harding og ein verkeleg hardhaus.

Like gamle, om ikkje like påakta, er lausmassane frå slutten av istida. I det største dalføret i kommunen, Krossdalen, har breen lagt att morenejord ovanfor Molve og Brattabø. Ved Drebrekke ligg fleire moreneryggar etter ein lokal bre, som starta i nordhellinga under Grytningsfjell.  Flaumsediment frå store flaumar etter bredemming i Jukladalen saman med delta- og bekkevifter ut i Espelands- og Byrkjelandsvatnet er likevel grunnlag for det meste av jorda i dalbotnen.

Om furuskogen og grobotnen er av den utprega karrige sorten på Hereiane, er det langt rikare jordsmonn eit kort stykke mot sørvest. I opp til 500-600 meters høgde – frå Gaddane til Tofjellet og Gulbergnotten – ligg ein rygg med eit stort og rikt skogområde,  der det står mykje gammal furu.  Fleire skogsvegar fører inn i dette området, men noko av det er sikra som barskogreservat. Skogen ligg spesielt tett og fint til kring det karakteristiske Jonahornet. Under berget på sørsida av Jonahornet er det lunt og varmt,  med ein flora av varmekrevjande artar, som  tjøreblom, filtkongslys og vårskolm.  I furuskogen veks også edellauvtre— spesielt lind, alm, ask og hassel. Langs fjorden er det dessutan spreidde førekomstar av eik i furuskogen, og på sørsida av Samlen veks edellauvtre i rike mengder. Fleire av dei gamle trea har styva stammer, med svære dimensjonar.

Med lang avstand til kysten og få holmar å hekka på, har Jondal ringe vilkår for dei fleste sjøfuglartane. Kvinendene er eit unntak. Dei har funne ut at overskotsfor frå fiskeoppdrettet ved Herand gjev godt levebrød. Truleg er også furunålene i skogen av prima kvalitet, noko som syner att på den gode bestanden av storfugl og annan skogsfugl i Jondal. I fjellet opp mot Folgefonna er det langt meir karrig for viltet, men røyskatt og fjellrype greier seg i alle høve bra.

Tidene har endra seg mykje i Jondal dei siste 40-50 åra, også for ein del av dyrelivet. I 1975 vart det til dømes telt 56 hekkepar av taksvaler på ein fjøsvegg på Espeland, og arten var svært vanleg også elles i kommunen. På slutten av 1990-talet var det knapt ei svale att i heile Jondal. Redusert vassføring i elva etter kraftutbygginga kan ha minska fuglane si tilgang på insekt noko. Men den viktigaste årsaka til ei slik utvikling er nok å finna langt utanfor kommunen - turke og sprøytemiddelbruk i vinterresidensen i det sørlege Afrika må ta skulda for mykje av tilbakegangen av den norske svalebestanden.

På raud grunn tre skrått framveksande gull båtshakar

Merket er godkjent ved kgl. res. 27.11.1987 og er teikna av Arvid Sveen. Båtshakane skal syna veg framover og minna om kor viktig båten har vore for arbeid og transport for denne kommunen. Jondal er òg kjent for båtbygging og årlege handverksmesser.

valknute

Jondal kan innehalda eit bortkome elvenamn av same rot som førsteleddet i det svenske Jønkøping, og då avleidd av gno. ýr «barlind». Dei tre nes-namna Torsnes, Solesnes (ofte skrive Sollesnes) og Kysnes er alle gamle samansetningar. Det første inneheld gudenamnet Tor, Solesnes av gno. sáluhús «herberge for reisande», og Kysnes har samanheng med gno. kjóss «liten dal». Krossdalen har namn etter forma. Det kan ein òg seia gjeld Brattabø og Flatabø, der sisteleddet er gno. bær «gard». Førsteleddet i Svåsand er usikkert, medan sisteleddet sand viser til sandhaldig grunn. Heller ikkje bygdenamnet Herand er sikkert tolka. Kanskje det høyrer til same tydingskrins som Hereiane ved Svåsand. Det kan tenkjast ein samanheng med herad, som i sin tur er avleidd av gno. herr «(skips)hær».

  • Skipperhus, Jondal

Jondal og jekteskipperane

Kring hundreårsskiftet opplevde Jondal ein veritabel høgkonjunktur. Nokre år var faktisk Jondal ein av dei rikaste kommunane i Hardanger. Dette viser att i dei mange velbygde våningshusa som pregar den indre delen av Jondalsøyri; eitt av dei mest homogene tettstadmiljø som er att i Hordaland. Denne velstandsperioden var prega av jekteskipperar og fraktefart. Mot slutten av 1800-talet var det fleire og fleire av fartøyeigarane i Indre Hardanger som gjekk med tap og selde fartøya sine utover til Jondal, som no vart ein kommune med mange fartøyeigarar og båtbyggjarar. Dette oppsvinget har også samanheng med drifta på Solesnes og det transportbehovet denne produksjonen skapte, i tillegg til fraktefarten i fisket og nordlandshandelen. Det var jondølingane og tysnesingane som dominerte denne farten, til han ebba ut fram mot første verdskrigen.

  • Blåklokke

Blåklokke er ei vanleg plante, men dei lyseblå engene med blåklokker tett i tett var nok meir utbreidde før i tida. (Helge Sunde)

  • Furuskog på blåbærmark
  • Stri kråkefot

Frå Gullbergnotten: furuskog på blåbærmark. Stri kråkefot er vanleg i denne skogen. 

  • Byrkjeland, S. 1975. Glimt fra fuglelivet i Jondal. Krompen 4 (3):14–16.
  • Ellingsen, A. red. (1988) Jondal sokn i Strandebarm prestegjeldsherad 1. 1. 1838-31. 12. 1845, Jondal kommune 1. 1. 1846-1988: ei kort oversikt over utviklinga fram til i dag. Jondal.
  • Ingdal, S. E.; Torske, T.; Kvale, A. 2000. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Jondal 1:50 000. Norges geologiske undersøkelse.
  • Kolltveit, O. (1954) Jondal i gamal og ny tid. Bergen.
  • Det gamle Jondal i bilete (1978). Haugesund.