• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tunet til setegarden

Midt oppe på dei flate bøane på Torsnes låg tunet til setegarden, udelt fram til midten av 1700-talet. Den gamle hovudbygningen, med «blåsalen» og «riddarsalen», vart riven kring 1860. Garden er i dag delt i fire bruk. To av dei høyrer framleis til i Galtungslekta (Svein Nord).

Då biskop J. Neumann var på visitasferd i Hardanger i 1825, vitja han også Torsnes, setegarden til Galtungslekta. Då var dei i ferd med å riva den gamle hovudbygningen på garden. Som den flittige observatør av fornminne og antikvariske bygningar han var, har biskop Neumann gjeve oss interessante detaljar:

«Dog fik jeg i en halv nedreven Borg endnu seet en af fordums herlige Sale. Hvor ydmyge og nøisomme dog Fædrene vare! Lave Døre, skumle og ikke store Værelser – men disse vare prydede, som en Kirke, med moralske Vers, malede paa alle Loftbjælker, og Arabesker på Væggerne, og Navne og Vaabener paa de smaa, i Bly indlagte Vinduesruder.»

Dette huset som vart rive, var kanskje frå slutten av 1500-talet eller tidleg på 1600-talet. Vi kan nemleg jamføra denne bygningen med ein annan bygning frå denne tida; den vakkert prydde sengebua hjå storbonden på Gjerde i Mauranger; i seinare hundreår kalla «Målabuo». Denne bua er datert gjennom innskrifter til 1589, og vi kan godt tenkja oss at det kan ha vore den same laugsmålaren frå Bergen som har hatt oppdrag både på Gjerde og på Torsnes.

I 1504 vart det bygt eit nytt steinfjøs på garden av den dåverande eigaren, Peter Nilsson. Murane etter dette stod heilt fram til i 1950-åra. I dag er det ingen av dei eldste bygningane att på setegarden.

  • Slektsvåpen frå Galtungslekten

Ei slektskrønike

  • Frå Øyjorda ved Torsnes, mot sør

Frå Øyjorda ved Torsnes, mot sør. Gangdalsnuten mot grensa til Kvinnherad i bakgrunnen.

  • Galtung, J. (1974) Galtungslekten i fortid og nutid. Oslo.