• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Picture from Bruosen, taken in 1990.

Picture from Bruosen, taken in 1990. The general store in the centre of the picture is from the late 1800's (Willy Haraldsen).

LANDHANDLAREN I BRUOSEN

Bruosen er ei av dei få elvehamnene i fylket. Som landingsplass for kyrkjefolket går denne staden og naustmiljøet inn i ein tradisjon attende til mellomalderen.

I Bruosen voks handelsstaden fram etter liberaliseringa av handelslovene i 1842. Peder Hansson Bru byrja med handel i 1875. Som så mange andre stader vart det her eit miljø med fleire næringsverksemder. Her heldt fargaren Jens Årsand til, som farga nyvove vadmål for bondekonene, og her var det både naust og sjøhus for lagring av handelsvarer. Thomas Enes byrja i teneste hjå fargaren, men fekk snart den største forretninga og bygde nye hus på handelsstaden kring hundreårsskiftet. Etter at dampskipsferdsla skaut fart utover i andre halvdel av 1800-talet, med nye dampskipsekspedisjonar, miste Bruosen litt av sin posisjon. Handelsmann var det likevel her heilt fram til 1950-åra. Bruosen er i dag eit verneverdig kulturminnemiljø, regulert som spesialområde.