• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bleie

«Isrenden er bygget hovedsagelig af tynde Spirer og begynder i et Dalføre eller Dju. Fonden styrter ned ved en Høide af 2200 Fod over Havet, og fører over Gårdene Reisæter, Måkestad og Bleie ned til Skjeppervigen. Længden er circa 8000 Fod, Heldningen 1 på 3 til 1 på 4. Ved Søen ender Rænden i en stor Bøining, idet den svinger udover langs Fjorden og løber vandret med denne ca. 300 Fod og ender i et 2 Etages Pakhus 50 Alen langt og 20 Alen bredt, som er opført til midlertidig Opbevaring af Isen.» («Bergensposten», 23. august 1874). Illustrasjon frå «Illustreret Nyhedsblad» 1875.

IS TIL ENGLAND

«Det var eit eventyr dette, at det kom store skip frå framande land, for å henta ein so enkel ting som is. Dei kom med eit pust frå den store verda, til eit lite og avgøymt bygdesamfund,» skriv lokalhistorikaren Knut L. Måge.

Bleie i Ullensvang og Bondhus i Kvinnherad var sete for ei utradisjonell næring på 1800-talet: sal av bre-is for eksport. Mest is vart skipa ut frå Skiparvik ved Bleie. Isen her var lettast tilgjengeleg; frå Fonna rasa isen ned, minst 100 meter, og samla seg i ei isur. Derfrå halla terrenget jamt ned til sjøen.

Islaster gjekk frå Bleie til England frå 1825 til 1875, men høgst uregelmessig. Transportarbeidet var hardt, mykje av isen vart frakta på ryggen. I 1852 henta skipet «Countess» frå Warwick 300 tonn i ei last, med 276 lokale kvinner og menn engasjerte i transportarbeidet.

Sjølv om enkelte laster gav gode inntekter, vart det aldri storindustri. Ein prøvde å blåsa nytt liv i næringa med bygging av ei isbane, hovudsakleg i tre, i 1874. Det vart ein fiasko – konstruksjonen var for veik, og bana vart teken ned kort tid etter. Det finst framleis jarnrestar frå isbana.

  • Indre Bleie

Frå fjella i bakgrunnen vart isen transportert ned til den vesle bygda Bleie.

  • Ingdal, S. E.; Torske, T.; Kvale, A. 2000. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Jondal 1:50 000. Norges geologiske undersøkelse.
  • Måge, K. L. 1959–1961. Istransporten frå Bleie. Hardanger Historielag Tidsskrift. Bd. III.
  • Torske, T. 1982. Structural effects on the Proterozoic Ullensvang Group (West Norway) relatable to forceful emplacement of expanding plutons. Geol. Rundsch. 71:104–119.