• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Jåstadstova står i dag ved Hardanger folkehøgskule på Lofthus

Jåstadstova står i dag ved Hardanger folkehøgskule på Lofthus (Egil Korsnes).

Garden Jåstad, som ligg nokre kilometer nord for Agatunet, må ha vore ein storgard i mellomalderen. Torolf på Jåstad er nemnd som forliksmann i 1293, og i korsgangen på Lyse kloster er Sigurd, bonde på Jåstad, og kona hans Sigrid – kongen si frendekone – gravlagd.

Den gamle røykstova på Indre Jåstad vart flytta til Hardanger folkehøgskule i 1925, der stova står i dag. I gavlveggen over døra inn til hovudrommet står denne innskrifta rista i runer:

«Markus Markadi («Markus merka», d.e. skreiv runene).

Haakon Shetelig opplyser i 1904 at runene er «anbragt udvendig paa stuens søndre gavl og vender nu ud til den lille forstue, som er bygget foran indgangen. Over døren er stokkene fladhugget, da der har været et lidet soveloft foran gavlen med en liden glugge ind til stuen». Det må vera eit såkalla ramloft det her er tale om; truleg bygt til i mellomalderen, men fjerna seinare. Jåstadstova vart freda i 1924.

  • Kloster, R. (1944) Gunnar Anfinsen Årekol: innledende studier i Hardingmalingens historie. I: Bergens Museums aarbog, 3