• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kvartsittbrotet i fjellet ovanfor Kvalvikane

Kvartsittbrotet i fjellet ovanfor Kvalvikane – ein gong kjelde for råstoff til smelteomnane i Ålvik. Kring 1960 var det slutt på aktiviteten i brotet. (Svein Nord)

KVARTSITT OG KVARTS

I Ålvik har kvarts lenge vore nytta til å framstilla ferrosilisium. Kvartsen vart henta frå andre sida av fjorden, frå fjellet ovanfor Kvalvikane.

Ullensvang har kvartsitt i enorme mengder. Bergarten, ein omforma sandstein, høyrer til den såkalla Ullensvanggruppa, og er kanskje så mykje som halvannan milliard år gammal. Trass i alderen har han synlege strukturar frå den tida sanden vart avsett av elvar og sjøar i eit urgammalt vulkanlandskap. Rett nok er ikkje dei opphavlege kvartsittane reine nok til ferrosilisiumindustri: Glimmer, feltspat og andre mineral blanda seg med kvartskorna i dei gamle elvane. Men i seinare geologiske tidsaldrar vart noko kvarts oppløyst og utfelt som årer i fjellet. Denne reine, kvite årekvartsen finst mellom anna i fjellsidene over Kvalvikane. Hit har ålvikingane drege for å henta kvarts til smelteomnane sine. Den gamle anleggsvegen frå Indre Kvalvikane og opp i fjellet er heilt kvit av små kvartssteinar frå brotet lenger oppe. I dag er krava til reinleik for strenge til at kvartsen frå dette brotet kan nyttast, men kanskje finst det reinare kvarts i området, som enno ikkje er oppdaga.

  • Kvartsitt frå vegskjeringane mellom Velure og Aga

Denne kvartsitten frå vegskjeringane mellom Velure og Aga viser såkalla skråsjikt. Under avsetjinga la nokre lag seg flatt, medan andre la seg på skrå (skråsjikt). Slik lagning finst òg i dagens elveavsetjingar i Hordaland. Rett nok er dei halvannan milliard år gamle bergartane snudde og vridde på, men ikkje meir enn at ein geolog framleis kan tolka kva retning som var opp då dei vart danna.