• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hallingskeid

Hallingskeid (Helge Sunde)

MARKNADSPLASSEN PÅ HALLINGSKEID

Når du i dag susar av stad med toget langs Bergensbanen mellom Hallingskeid og Myrdal, er det kanskje vanskeleg å forstå at her oppe på snaue høgfjelllet var ein av dei store marknadsplassane og møtestadene i ferdsla mellom aust og vest. Men slik er det. Grøndalsmarknaden låg ved den gamle ferdslevegen mellom Austlandet og Vest - landet, i Øvre Grøndal, litt ovanfor Osastølen. Her er eit skjeringspunkt for ferdsla. Til Hardanger gjekk stølsvegen over Osa, til Voss over Vossaskavlen og til Sogn over Sygnaleitet. Kortaste vegen til Hallingdal frå vest var over Osa. Framleis viser tuftene etter ei marknadsbu.

Ein times gange frå Grøndal ligg ei stor flate med steinfri mark i 1100 meters høgd, kanskje så stor som 30 -40 mål. Det er Hallingskeid (skeid: ei flate for kappriding eller kappspringing). Kva som er eldst av leikstemna på Hallingskeid og marknadsplassen i Grønsdal, er vanskeleg å seia. Det er eit naturleg samband mellom dei. Kanskje går marknadsplassen attende til dei første hundreåra e.Kr., og kanskje vart det slutt med Grøndals marknaden i seinmellomalderen, etter svartedauden.