• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det andre Hotel Hardanger i Odda vart bygd i 1896
Det andre Hotel Hardanger i Odda vart bygd i 1896. Ved sida av Stalheim og Holmenkollen var dette eitt av dei største turisthotella i landet (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 550(21x27))).

Turistferdsla på Vestlandet fekk sitt store gjennombrot med den rutegåande dampskipstrafikken. I 1853 opna ruta mellom Hamburg og Bergen, og frå 1861 kunne turistar og andre ferdafolk ta «dampen» vidare innover fjorden til Hardanger. Då sette Ananias Dekke i fart det nybygde dampskipet «Vøringen».

Pionerturistane i 1830-40 åra sette fart i turismen til fjellandet Noreg. I reiseskildringar skreiv dei om alt, frå geologi og botanikk til historie og kultur. Dei skapte forventningar om vill og vakker natur og eit fargerikt folk i harmoni med landskapet. Men alt frå byrjinga av 1800-talet hadde vitskapsmenn og kunstnarar gjeve seg ut på oppdagingsferder til fjellheimen og Vestlandet. Dette opna augo for landskapet og naturen hjå mange. Målarstykke som «Brudefærden i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude vekte beundring og interesse.

Romantikkens natursyn og eventyrlyst skapte sterk reisehug hjå mange utlendingar, og dei oversåg ofte vanskane med framkomst og høveleg losji. På denne tida fanst det ikkje hotell i distrikta, berre skysstasjonar med enklare tilhøve. Mange prestegardar fungerte som losjihus for fornemme reisande. Prost Nils Hertzberg i Ullensvang noterte ned alle besøk i gjesteboka si - han var i praksis ein av dei første turistvertane i Hardanger - og han hadde før 1821 berre vore vitja av to utlendingar. Prestegarden i Ullensvang hadde eit godt omdømme i den tidlege turismen, og etterkvart fekk også skysstasjonen på Utne ry for godt stell. Utne er idag eitt av dei eldste hotella i landet som framleis er i drift.

Dei fastbuande vart sjølve tidleg klar over kva turistane søkte og byrja å utvikla «reiselivsproduktet» vidare. Lokalavisa Hardangeren skreiv i 1874 stolt om kva turistane fekk oppleva i distriktet:

«De kommer for at indaande Hardangers sunde Luft, at beskue dets storartede Natur, Folket med sit klingande Modermaal, med sine Sæder, Skikke og Nationaldragter...»

På få år vart Odda sokn i Søndre Bergenhus Amt midtpunkt for reiselivet på Vestlandet. Det meste av bygda er høgfjell, og gardane små og drivne med litt leigehjelp om sommaren. På slutten av 1800-talet var det berre utsikter til fattigdom for mange, og utvandringa til Amerika var stor. Turismen vart ein ny utveg til levebrød for bygdefolket; som sesongarbeid og attåtinntekt.

Lokalavisa observerer i 1898 store endringar i bygda:

«Sammenligner man Odda nu og for 50-60 år tilbage, vil Forskjellen bli overvældende. Neppe nogen Bygd i Hardanger kan fremvise saadan Forandring og Fremgang. Dengang stod der et par Smaahuse nede paa Polden, der var ingen Rørelse, og hvad Turister var, hadde man ingen Anelse om. Nu ligger hele Bugten ombygget her, og Værdierne tælles i hundretusinder».

Turistferdsla og turisthotella

Odda og Hardanger gjev oss utan tvil eit representativt bilete av den første store turistperioden på Vestlandet. Den aukande turismen kravde fleire hotell. Englandsruta mellom Newcastle og Bergen opna i 1890; den nye høgfjellsvegen frå Telemark var ferdig i 1889, og i 1890 kunne ein for første gong køyra gjennom Bratlandsdalen frå Suldal til Odda. Strandstaden i botnen av Sørfjorden vart for alvor eit trafikknutepunkt mellom Austlandet og Vestlandet.

Mange av dei nye hotella som kom opp, var familietiltak, med leigehjelp alt etter storleik og standard. I Odda kom det etterkvart seks hotell i sentrum og seks elles i soknet. Hotellvertane var jamt over bygdefolk, med bakgrunn i handelsverksemd og skyssing. Fleire av dei hadde vore utanlands, som emigrantar eller i teneste hjå rikfolk. Teologiprofessoren Dr. Henry Boyd frå Oxford kom som sportsfiskar til Odda i 1870-åra og vart sidan årviss gjest, heilt til krigsutbrotet i 1914 sette ein brå stopp for all turisme nokre år. Han skaffa seg eigen sommarvilla i Odda, fiskehytte i Reinsnos og leigde lakserettar i Opo. Han hyrte strandsitjarsonen Sven Tollefsen Buer som kjentmann og kleppar. Eit par vintrar var Sven tenar i huset til Boyd i England. Då det største hotellet i Odda vart til sals, kjøpte Sven det med pengehjelp frå den rike engelskmannen.

Hotellet fekk no namnet «Hotel Hardanger» og hadde i 1887 100 senger. Det var moderne og drive etter engelsk skikk, med lunsj midt på dagen og middag kl 19. Sven døydde ung, og broren Mikal kom heim frå Philadelfia og tok over. Han opna eit nytt «Hotel Hardanger» (1896), etter at det gamle brann ned. Det nye hotellet hadde 110 rom med 117 senger og matsal for 250 gjester, og det hadde elektrisk straum frå eit kolfyrt aggregat.

Hotellfamiliane vart kjernen i reiselivsverksemda og høyrde heime i bygda sitt borgarskap. Sofie Tollefsen, og ingen andre, vart titulert med «Fruo»; hotellborna hadde eiga guvernante og fekk pianoundervisning. Det var framtid i hotellverksemda. Odelsguten Ola H. Prestegard (1832-1900) sa frå seg garden og bygde hotell på nausttufta ved dampskipskaien. Prestegårds Hotel vart seinare utvida, og namnet vart Grand Hotel (1898), det nest største i Odda. Hotelltenarar i uniform og med handkjerre møtte på kaien og ropte «Please Hotel Hardanger» eller «Please Grand Hotel». Engelskmennene dominerte «Hotel Hardanger» og tyskarane tok gjerne inn på «Grand».

Turisten John L. Stoddard fortel i 1897 at Odda var einaste staden i Noreg der han hadde vanskar med å skaffa rom. Då båten la til kai, var det reine kappløpet for å koma først til hotellet. I resepsjonen var det så livleg at ein kunne tru det var børsen i New York. Det gjekk reint i surr for vertinna; ho ropte opp nummer på rom som ein auksjonarius.

Kven var turistane?

I året 1904 noterer politibetjenten som var stasjonert i Odda i turistsesongen, at trafikken var ekstra stor, med 83 anløp av utanlandske og 5 anløp av innanlandske turistskip og «yagts». Ombord var ialt 7719 turistar. Vel 12.000 turistar kom sjøvegen det året.

Dei fleste turistane var engelskmenn og rikfolk, men straumen av reisande miste etter kvart det aristokratiske preget. Ved slutten av 1800-talet var mellomklassen i fleirtal, funksjonærar frå kolfyrte byar i England og på kontinentet reiste på utanlandsferie. Hotelldagbøker fortel at dei fleste reisande var utlendingar og menn. Nokre hadde familien med; kvinner reiste sjeldan utan følgje. Dei som tok inn på hotell, vart som regel verande i 3 dagar, nok tid til å vitja naturattraksjonane, Odda sitt fremste trekkplaster. Med tur og retur tok utferda til Buarbreen 6-7 timar til fots, til Låtefoss 5 timar med hesteskyss, til Folgefonna 10 timar til fots og til Skjeggedalsfoss gjekk det 12 timar, delvis i robåt og delvis til fots.

Turistane kom sjeldan i kontakt med bygdefolk, til det var standsforskjellen og språkproblema for store. Når dei ikkje var på utflukt, heldt dei seg på hotellet, og der våga ikkje bygdefolket seg inn. Engelskmennene hadde frå 1890-åra eigen prest i teneste i Odda, med gudstenester for tilreisande. Også på Utne har engelske turistar dominert, og her har det vore gudstenester på engelsk heilt fram til våre dagar.

Bygdefolk i turistnæringa

I Odda var det helst folk i sentrumsområdet som hadde si hovudnæring i hotelldrift, turisttrafikk, handel og handverk. Strandstaden talde i år 1900 27 bustadhus med 285 menneske. Dei vel 1100 menneske som budde i resten av sokna, levde hovudsakleg av jordbruk.

Både hotellvertar og turisthandlarar stod seg godt. Det fanst fleire turistbutikkar i sentrum. Den store trafikken av «flytande hotell» auka salet av souvenirar. Ole Th. Ohm (1864-1942) byrja med turistbutikk i Odda. Han hadde ei tid filial på Voss, i Sogn og på Nøstet i Bergen. Han hadde røynsle frå stormagasin i USA og selde no bondeantikvitetar, bygdehandverk, sølvvarer og postkort, som var særleg populært. Fotografen Knud Knudsen (1832-1915) kom frå Tokheim i Odda og fotograferte natur og kulturlandskap over heile landet. Dei viktigaste kundane hans var turistar. Skomakarkona Anna Jordal opna drakthandel med bunader og hardangersaum. Ho såg inntekter i kvinnehandverk i bygda.

Alle aldersgrupper tok del i turistnæringa, dei fleste var menn. Mennene skyssa, var turistførarar eller hotellpersonale. Kvinnene arbeidde på kjøkkenet, sytte for kost og losji på hotellet, gjorde reint og varta opp. I vinterhalvåret laga både kvinner og menn turistvarer. I folketeljinga året 1900 gjev 45 kvinner opp at dei er knytte til reiselivet; halvparten ugifte og i 20-års alderen. Hotelljentene hadde lange arbeidsdagar, ofte frå kl. 5 til 23. Dei hadde betre løn enn jenter på gardsarbeid; dei fekk drikkepengar i tillegg.

Skyssarane hadde det travelt når passasjerane i turistskipa skulle til Låtefoss. «Kapring» forekom, det var konkurranse om å få fleire turar. Politibetjenten skriv i 1904 at fortenesta ved skyssing var «tarveleg» for dei fleste. Berre dei som hadde kontakt med hotella og fleire køyretøy, hadde høgare inntekt.

Dei fantastiske hotella

For bygdefolket må turisthotella i 1880- og 1890-åra har fortona seg som reine palass, samanlikna med ei vanleg bondestove. Storleiken, arkitekturen, den overdådige dekoren, det elektriske lyset og plasseringa i landskapet gav mange av desse hotella ein dåm av «Soria Moria slott». Men det var store skilnader mellom dei; både i pris, i storleik og i utsmykking.

Det tredje Stalheim Hotel var 15-20 gonger så dyrt som eitt av dei små hotella, men så var også den totale golvflata omlag 3000 kvadratmeter, mot normalt 200-300 for dei fleste. Ved sida av Holmenkollen Hotel må Stalheim ha vore det mest storslegne hotell i Noreg. Som så mange andre av desse trehotella i sveitserstil fekk det berre ei kort levetid og brann etter eitt års drift. Av dei omlag 60 hotella frå 1880- og 90-åra i Hordaland er halvparten blitt borte gjennom brann, riving eller flytting. Knapt 10 er idag framleis i bruk som hotell.

Dei fleste av desse fantastiske og største hotella i Noreg låg i Hordaland. Mellom desse var det først og fremst det andre Hotel Hardanger i Odda – som stod heilt fram til 1977 – det andre, tredje og fjerde Stalheim Hotel – som brann i 1959 – og Fleischers Hotel på Voss; eitt av dei få sveitserstilhotella i Noreg framleis i full drift, som merkte seg ut. Mange av hotella frå denne perioden var i utgangspunktet små og vaks gjennom påbyggingar, som våningshusa gjorde det på gardane. Stort sett veit vi kven byggherrane var, men vi kjenner ikkje alltid namnet på byggmeisteren. Mellom dei vi kjenner i Hordaland, er det særleg tre som peikar seg ut: Knut Th. Kvale frå Voss, Lars Fixen og Anders O. Steine; dei to sistnemnde frå Kvam. Steine var også arkitektutdanna frå Hannover, og det var han som teikna og bygde Sandven Hotel i Norheimsund.

Med hotella vart det ikkje berre innført ein ny byggestil på bygdene, sveitserstilen – med eit innslag av den «fornnordiske» drakestilen – men også arkitektar vart for første gong nytta til å utforma andre bygg på bygdene enn kyrkjer. Vi kan rekna med at hotella var interessante oppdrag, ettersom fleire av dei mest kjende arkitektane i tida teikna dei. Mellom disse finn vi Ole Bulls nevø Schak A.S. Bull, som teikna Stalheim Hotel II og III; arkitekten, ingeniøren og arkeologen Peter A. Blix, som er kjend for ei rekkje restaureringsarbeid av mellomalderbygg og som teikna Fleischers Hotel og Mundal Hotel i Fjærland; dessutan ein av Bergens mest brukte arkitektar Johan D.I. Faye og den tyskfødde Hans Heinrich Jess, som teikna Hotel Hardanger II, Breifond Hotel i Røldal, Mæland Hotel i Granvin, Hotel Maristuen i Lærdal og Hotel Norge i Bergen.

Sjølv om stilen og forma i desse hotella var ny - tårn og karnapp, altanar og balkongar, forsynte med eit kniplingsverk av utskorne lister og profilar - så var bygningsteknikken tradisjonell. Hotella var dels lafta, dels bygde i reisverk, og materialet var furu og gran. Nye trekk var også den høge grunnmuren, eller kjellaretasjen, og grunnplanen i desse bygga. Dei store matsalane og inngangshallane krov dessutan ofte litt meir dristige konstruksjonar og dermed spesialkunnskapar hjå byggmeisteren.

I tillegg til dimensjonane skilde desse bygningane - som alle hus i sveitserstil frå denne tida - seg ut nettopp gjennom dekoren. Utvendig pryda det rike lauvsagarbeidet altanar og balkongar, vindaugo og gavlar. Altanane og balkongane, med det kraftig utspringande taket, var likevel ikkje berre til pynt. Dei var også viktige for å følgja opp teoriane om den helsesame verknaden av frisk luft, samstundes som ein kunne sitja skjerma for direkte sollys. Dessutan - og dette var kanskje det viktigaste nettopp for turisthotella - her kunne hotellgjestene nyta det storslegne utsynet til landskapet.

Nasjonalromantikk og drakestil

Innvendig i dei større hotella var salongar og matsalar ofte vakkert prydde med store genre- og naturmaleri - ein etterverknad av nasjonalromantikkens landskapskunst og ei understreking av nasjonale serdrag og verdiar. Dette kan vi framleis sjå i Sandven Hotel i Norheimsund og Vøringsfoss Hotel i Eidfjord. Det som var rikast utstyrt, Hotel Hardanger II i Odda, er borte idag.

I Hotel Hardanger utfalda treskjeraren Lars Kinsarvik seg med sin karakteristiske «drakestil». Han var den leiande i treskjerarmiljøet i Hardanger, og «nasjonal» treskurd vart brukt til å pryda både veggfast interiørdekor og møblement i turisthotella.

Slik vart desse hotella både fornyarar, impulsgjevarar og marknad for lokale skapande krefter på bygdene. Trass i at sveitserstilen var ein internasjonal stil, med utgangspunkt i den tyske romantikken tidleg på 1800-talet, fekk stilen ei særprega nasjonal og lokal utforming i Noreg.

Dei lokale tradisjonane vart tilpassa turismen. Bunadskledde serveringsjenter i raud opplut vart prikken over i-en i det treskurdprydde interiøret på hotella. Bunaden vart både trekkplaster og souvenir; figurar vart kledde i bunadstas og stilte ut. Mange mislikte desse reproduksjonane av seg sjølve i butikkane, og her er vi ved reiselivets dilemma, også idag: dei norske kulturtradisjonane må ikkje berre bli salsvare. Dei fantastiske hotella innleier på mange måtar turismens store periode. Idag er dei fleste av desse hotella borte; det same er fleire av dei fine naturattraksjonane som drog reisande til landet. No er desse hotella sjølve blitt ein del av den historiske kulturarven, om enn på ein litt annan måte enn for 100 år sidan, då Noreg i endå større grad framsto som eit «reservat» i Europa.

Skysstasjonen på Seljestad

Skysstasjonen på Seljestad høyrer til generasjonen før turisthotella. Foto frå 1880-åra (Axel Lindahl, eigar: Norsk Folkemuseum (W 1879 1)).

Turistskip ankra opp i vika utanfor Eidfjord

Når dei store turistskipa ankra opp i vika utanfor Eidfjord kring hundreårsskiftet, stod hesteskyssane oppstilte på rekkje og rad (Anders P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum (HFU-WA 1864)).

«Hårebakkane»

Vegen opp Hordalia, eller «Hårebakkane», med Breifond Hotel i bakgrunnen (Skøien (1898), eigar: Riksantikvaren (ark. nr. B 275)).

Det andre Stalheim Hotel med utsynet over Nærøydalen

Det andre Stalheim Hotel med utsynet over Nærøydalen, var eitt av dei mest storslegne turisthotella i Noreg (Skøien (1898), eigar: Riksantikvaren (ark. nr. B 281)).

Laksefiske var ein stor attraksjon

Laksefiske var ein stor attraksjon. Sæbø Hotel i Øvre Eidfjord (Anders P. Wallevik, eigar: Hardanger Folkemuseum (HFU-WA 834)).

Matsalen i det andre Hotel Hardanger

Den imponerande matsalen i det andre Hotel Hardanger var prydd med Lars Kinsarviks treskjæring og Nils Bergsliens nasjonalromantiske bilete (Skøien (1898), eigar: Riksantikvaren (ark. nr. B 276)).

  • Bårtvedt, R. (1984) "Vor gode bræ også i sommer beskuet af høifornemme øine": møtet mellom turistar og bygdefolk i Odda 1861-1914. Hovudoppgåve i etnologi, Universitetet i Bergen.
  • Mykleby, A. C. (1982) De fantastiske hotellene. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 141-162.
  • Opedal, H. O. (1980) Turistferdsla i Hardanger før bilen kom. Bergen.