• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Solsvik, Amaldus Nielsen

Amaldus Nielsens stemningsfulle portrett av Solsvik kring 1860 viser oss eit lite fiskarsamfunn på vestkysten før sildeindustrien skyt fart; ei utvikling som omskapte Solsvik til ein av dei første industritettstadene på kysten av Hordaland (Ann Steindal).

I litteraturen er øyane vest for Bergen karakeriserte som «det grå riket». Det er innbyggjarane i Fjell som sjølve har forma dette landskapet. Først vart skogen rydda og svidd, slik at lynghei og myr fekk overtaket. Gjennom mange tusen år vart lyngen vart brent regelmessig for å få fram grøne nyskot som god attåtnæring til husdyra, og torva utvikla seg til eit teppe over fjellet. Dette teppet vart den viktigaste energikjelda for folket ved havet. Torva vart skoren og brend, og etter hundre generasjonars utnytting kom nakne berget fram. Det grå riket vart til.

Dei store draga i landskapet forklarar kommunenamnet. Fjella er rett nok ikkje særleg høge, men over ei låg, jamn strandflate, omgjeven av hav og fjord, er det som Liatårnet og andre høgdedrag rankar seg i ryggen.

Dei største naturløyndomane gøymer seg likevel under havflata. Under drivinga av Bjorøytunnelen vart det oppdaga sedimentlag som stammar frå slutten av juratida, den tidsperioden då mange av dinosaurane vandra på jorda. Berre nokre få andre stader på det skandinaviske fastlandet nord for Danmark er det gjort liknande funn. I den undersjøiske delen av kommunen finst det også korallrev på djupt vatn, både ved Litle Sotra og Solsvik.

Fjell kommune er i dag ein av dei store omlandskommunane kring Bergen. Etter at Sotrabrua vat opna i 1972, har tilflyttinga auka drastisk til denne romslege øya med mykje byggeland og kjærkome ekspansjonsareal for Stor-Bergen. Fjell er i dag ein av dei viktigaste forstadene til den store bykommunen, men går vi 150 år bakover i tid, var røyndommen ein annan. Då var Sotra eit av dei magre jordbruksområda på strilelandet, avhengig sv fisket og med ein fiskarbefolkning som dei gode byborgarane hadde eit litt nedlatande forhold til.

På 1600-talet var heile Sotra ei eiga skipreide, Sartor, medrekna øyane Bildøy og Bjorøy, medan derimot Lerøy og Bjelkarøy høyrde til Skjold skipreide på fastlandet sør for Bergen. I mellomalderen var det to kyrkjesokner på øya, Sund og Fjell, og for å forstå dei administrative inndelingane i nyare tid, må vi ta utgangspunkt i den geistlege administrasjonen. Fjell sokn høyrde under Sund prestegjeld før Fjell prestegjeld vart skipa i 1813, med eigen prestegard frå 1841 og Askøy som anneks, før Askøy vart skilt ut tretti år seinare. Slik ser vi at kommunegrensene etter at det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837 delvis følgde dei eldre predtegjeldsgrensene og delvis skipreidegrensene frå vikingtida, fram til den store kommunereforma i 1964 – frå båtens til bilens landskap.

Gneisland

Dei særeigne landskapstrekka, med slake fjellskråningar i aust, som går over i bratte stup mot vest, følgjer lagdelinga i grunnfjellsgneisane. Nokre gneisparti er raudlege til gråkvite, som på Haganes og Liatårnet. Dette er harde kvarts- og feltspatrike bergartar som gjev lite og skrinn jord. Andre stader finn vi innslag av mørkare amfibolitt av ulike typar, særleg i området Fjell-Møvik-Lokøy og på Ågotnes. Amfibolitten har opphavleg vore magma eller oppsmelta berg som storkna for ein milliard år sidan eller meir.

Det kan vera krevjande å ta seg fram gjennom utmarka i Fjell. Isen har skulda: For kvar gong breen for fram under dei mange istidene, følgde han dei tallrike sprekkene og forkastningane som går gjennom gneisen, og grov ut sund og dalsøkk, nokre av dei avgrensa av bratte fjellskrentar. Då isen til slutt smelta snøgt attende for om lag 14 500 år sidan, vart det liggjande att reinskurt fjell med lite lausmassar, med unntak av somme store steinblokker. Breen gjorde ein siste framstøyt for 11 700 år sidan, men han nådde ikkje lenger enn til Bildøy. Der ligg det morenejord og store stein i ein rygg som vart skuva saman av isbreen. I sjøen framfor breen la smeltande isfjell att store blokker i fjøra frå Ekrehovda og nordover mot Kolltveit.

At det fortsett er mykje bart fjell i kommunen, er ikkje isens, men menneska sitt verk. Fjerning av jarnalderskogen og etterkvart også myrene som erstatta skogen, brakte fjellet fram i dagen igjen. I dalsøkk der det ikkje er tjern eller vatn, er det framleis myr. Det er og område med god jord, spesielt på stader der fjellet er mørk amfibolitt. Denne jorda er danna etter istida, ved vitring av amfibolitten. I somme lågareliggjande søkk i terrenget (under 30-40 m o.h.), finst skjelsand og evje under torvjorda. Dette fortel at havet dekte delar av strandflata då området vart isfritt.

Kommunen ligg vêrhardt til mot vest. Og når det er vestavêr, er det havet som legg premissane for klimaet, ofte med sterk vind og små variasjonar i temperatur. Ved vind frå austleg kant kan det derimot vera store skilnader i temperatur mellom aust- og vestsida. Havet jamnar ut temperaturen gjennom skiftande årstider. Havvatnet vert seint varma opp om våren og forsommaren, og det held lenge på varmen ut over hausten og vinteren. Dette etterslepet i sjøtemperaturen påverkar oftast og mest lufttemperaturen i dei vestlege områda. Om forsommaren kan det sjølv på ein fin solskinsdag vera hustrig og kaldt utmed havet, medan det på austsida er steikande varme. Motsett kan det ein sein og klar haustkveld leggja seg is på vegen i aust, samstundes som det heilt i vest kan vera fleire varmegrader. Om sommaren kan havskodda breia seg over heile kommunen, og bli liggjande i fleire dagar.

Lyngheier på gammal skoggrunn

Skogane på Sotra for 2000-3000 år sidan var for det meste av eik, furu, bjørk og hassel. Hogst, brenning, slått og beiting tok til slutt knekken på denne skogen. Myrene og lyngheia breidde seg langsamt utover. Torvlaga som vart danna, enda opp som brensel. Tilbake står lynghei på skrinn jord mellom knausane, mest røsslyng, men også klokkelyng og blokkebær der bakken er fuktig. I sørvende tørre bakkar og på berg trivst purpurlyng og mjølbær.

Ser ein bort i frå insekt og småkryp i jordsmonnet, er dyrelivet i lyngheia fattig samanlikna med andre naturtypar. Men ein skapning kan du rekna med å treffa på –heipiplerka. Dette er ein av dei vanlegaste fugleartane her til lands, men det er ikkje mange som kjenner henne. Nokre stader er også bergirisken vanleg. Ytre strok av Vestlandet er eitt av dei få tyngdepunkta i verda for denne arten.

Den sjeldne havburkna finn høvelege stader å veksa i berga ytst mot storhavet. Men dei næringsfattige gneisane i Fjell skaper levekår helst for nøysame planter. Ofte finn ein sur og seig råhumus rett inn på berget, mest utan mineraljord under. Minka bruk av utmarka har ført til auka vekst av lauvskogen. Av same grunn er braken på frammarsj. Det er også store innslag av planta barskog, særleg gran, sitkagran og buskfuru.

Dersom attgroinga held fram, kan Sotra om ikkje altfor mange tiår atter bli skogkledd. Men treslaga vil truleg bli andre enn dei som måtte vika plassen for over to tusen år sidan.

På blå botn ein sølv måke over svarte fjell

Våpenet er godkjent av Fjell kommunestyre 27.4.1957, og er teikna av Magnus Hardeland. Det er ikkje godkjent som våpen etter heraldiske reglar. Fuglen på merket, ein måke, symboliserar «utror». Sjøfuglen hentar næringa si frå sjøen, slik som folket i kommunen gjorde det. Merket symboliserer elles hav, øyar og fjell, og er i stilisert form eit bilete på naturen i Fjell kommune. Fargane er blått, svart og sølv.

valknute

Fjell, uttala Fjædle i målføret, er skrive undir Fjalle i gno. og tyder «garden under fjellet». Førsteleddet i Bildøyna inneheld gno. bilda «bile, øks». Syltøyna er laga til ei avleiing av eldre sult «blautlende, myr», i slekt med dei moderne orda sylte og salt. Hit høyrer òg Sylta i Radøy. Knarrvika inneheld gno. knɋrr «handelsskip». Møvik er ei dialektform av Midvik, namngjeve ut frå lægjet mellom Nordvika og Skålvika. Løno heng saman med gno. lón «stilt vatn», her helst om kilen som skjer seg inn i øya. Landro tyder «landrydningen». Misje har vore tolka av gno. Miđsjóva «øya midt mellom sjøen og fjorden». Det skulle sikta til at Misje ligg mellom Sotra og Toftøyna i seglleia frå Hjeltefjorden til sjøen utanfor. Turøyni inneheld mogeleg eldre Tuđr- eller Túđr-«fangst(øya)» og er i så fall i slekt med sisteleddet i Santor.

  • Dei første bøndene fjernar skogen
  •  porsen
  • Endringar i landskapet på vestkysten av Sotra gjennom tusenåra: frå skog til teppemyr til nake fjell. Motivet er frå nordsida av Algrøyna, mot Kråkøyna
  • Mykje av torva vart skoren på vestsida av Sotra

Frå teppemyr til nake fjell

Overalt på dei ytre øyane og i skjergarden står det grå, blanke fjellet i dagen, blant blautmyr og lyng. Vi er så vande med det nesten vegetasjonslause landskapet at vi er freista til å tru at det er naturens verk. Slik er det ikkje: «Det grå riket» er menneskeskapt. Fjellet kom fram då fiskarbonden skar torv til brensel.

 

Fyringsveden vart borte med skogen. Avskoginga tok til i tidleg jernalder,då beiteland vart rydda for buskapen. Etter kvart vart Fjell så godt som skoglaus – og vedlaus. Derfor byrja kystfolket ei omfattande torvtaking. Gjennom fleire tusen år, heilt fram til den dagen då elektrisiteten kom, var torv ein del av kvardagen.Nord på Sotra og vidare sørover langs vestsida ser vi tydeleg kvar torva er fjerna.

 

Torv er gammal myr og blir langsamt danna etter kvart som myra veks. Dei fleste myrar finst i fuktige søkk i terrenget, ofte som attgrodde tjørner. Myr kan òg veksa i bakkar og på høgder så lenge nedbøren er større enn fordampinga.

 

Tre er storforbrukarar av vatn. Dette gjer at skogsjorda ofte blir relativt tørr. Då skogen vart fjerna i ytre kyststrøk, vart vatnet att i jorda. Dermed overtok myrane. Det nedbørrike klimaet sytte ikkje berre for at myrane breidde seg ut over lågt lende, men òg at dei trekte seg oppover skråningane og med tida over toppane, slik at dei dekte terrenget. Desse lyngdekte teppemyrane gav landskapet mjuke former, slik vi i dag kjenner frå Shetland og Orknøyane. For eit par tusen år sidan var teppemyrane eit samanhengande belte langs store delar av norskekysten. I Hordaland finn vi no teppemyr som restar berre enkelte stader. Der teppemyrane ein gong dominerte, er det i dag lyng på skrint jordsmonn mellom berre knausar.

 

Behovet for brensel tok knekken på teppemyrane. Torva her var godt omdanna, fast, tørr og nesten utan sand og oske. Forbruket av torv til brensel var så stort at folk etter kvart skar teppemyrane ned nesten til berget. Dei lyngdekte bakkane vart spadde vekk. Når folk tok torv og mold, vart plantedekket øydelagt. Sidan vaska regnet vekk den gamle skogstorva og humuslaga som låg under.

 

Torvtaking i stor stil i dei tørre myrane kunne ikkje halda fram: Gjenveksten av teppemyrane var mykje mindre enn forbruket. Skogstorva, som kunne ha starta ny vekst, vart erodert vekk av vêr og vind. Folk måtte derfor henta meir og meir torv frå blautmyrane i søkka. Det var dårlegare torv og tyngre arbeid, men den raskare gjenveksten av blautmyrane balanserte forbruket betre.

 

Slik vart landskapet på Sotra og i skjergarden til: eit resultat av ei meir enn to tusen år gammal menneskeskapt utvikling. Menneskehanda fjerna skogen, slik at myrane tok over – og menneskehanda fjerna myrane. Tilbake stod nakne fjellet.

  • Hasselskog
  • Kvitveis

Hasselskog

Hassel er det vanlegaste edellauvtreslaget i Fjell. Treet har vore her lenge: Truleg hadde steinalderfolk med seg hasselnøtter då dei kom til vestkysten for om lag 11 000 år sidan. Sidan spreidde hasselskogane seg på Sotra.

 

Vi veit at hasselnøtter var viktig føde for dei første nordmennene – nøtteskal er vanleg fangst for arkeologane når dei grev ut buplassane. I dag er hasselnøttene mindre verdsette, men dei som har fått augo opp for dei oljerike nøttene, veit at dei kan nyttast i alle typar bakverk etter tørking og lett røsting.

 

Hasseltreet klarar seg mange stader, endåtil i bergskorer ytst mot storhavet har det slått rot. Det er likevel på austsida av kommunen det trivst best, og område med hasselskog finst sør på Bjorøyna, inst i Fjæreidpollen og i lia aust for Fjell kyrkje. Under lune berghamrar finn hasselen seg særleg godt til rette. Her tek vårsola godt i bakken, og det blir tidleg vår, med blømande kvitveis, kusymre og vårkål. Desse plantene utnyttar dei gode lystilhøva før lauvsprett til å bløma og til å setja frukt. I tillegg er jordbotnen under hasselkronene òg gode, ettersom blada ved lauvfallstider er rike på lett nedbryteleg mineralstoff.

 

Hassel er ofte å sjå i overgangen mellom innmark og lynghei. I mark som ikkje lenger blir nytta til beite eller slått, spreier han seg raskt. På Bjorøyna finst det oppmura stigar og steingardar i hasselskogen. Dei vitnar om eit heilt anna kulturlandskap før. Her var det liv med høyonn og husdyr på beite, no er det hjorten som finn mat i skogen mellom steingardane.

  • Strilekone. Foto kring 1920

Strilelandet

Det er eit faktum at det har vore stor kulturell avstand mellom den kosmopolitiske byen Bergen og det næraste omlandet, strilelandet, gjennom mange hundreår. Dette har gjeve seg utslag i oppfatningar av kystbygdene som fattige og tilbakeståande i næringssamanheng og kulturutvikling; oppfatningar som gjerne er farga av bymenneskets «briller».

 

Ein av dei som hadde meir syn for det kulturelle eigenverdet bygdene hadde, var teologen og sosiologen Eilert Sundt. Studiane hans av husliv, reinhald, husflid og byggjeskikk på bygdene gav han eit langt meir positivt syn på bygdekulturen kring midten av 1800-talet enn det mange av hans meir bornerte akademiske åndsbrør hadde. Men om dei ytre bygdene på strilelandet hadde sjølv ikkje Sundt alltid førstehands kunnskap. I boka om Huslivet i Norge i 1873 skriv han: «Havstrilernes øer ere jo næsten berømte – så tidt har man hørt bergensernes fremstilling om den uhumskhed og stakkarsdom, som der skal være». Som svar på ei spørjeliste han hadde sendt ut for å få merknader til det store arbeidet Om Renlighedsstellet i Norge, hadde han mellom andre fått ei utgreiing frå landhandlar Juuhl i Fjell kommune på Sotra.

 

Eilert Sundts reiser i kyststrøka i Hordaland må ha vore heller sporadiske. Kroting hadde han berre sett i ei einaste stove på Herdlevær i Øygarden. Det var til og med i ei kakkelomnsstove. Vi veit at skikken med å krota stovene til dei store høgtidene må ha vore utbreidd.

  • Folkedraktskisser frå Sotra i Losting sin strek

Welhaven og hav-strilen

I Billeder fra Bergens-kysten, ei essay-samling frå 1842, gjev Johan Sebastian Welhaven eit nærbilete av strilelandet, kanskje like avslørande for bymannens kulturelle horisont som for hushaldet i kystbygdene. Men Welhaven er ikkje utan sans for dei maleriske verdiane i kystkulturen:

 

«Hav-Strilens Yndlings-Dyr er Svin og Høns. Han har paa en Maade indlemmet dem i sin Familie, thi de tilbringe en stor Del av deres Liv i hans Stue. Svinet vises dog i Almindelighed ud, naar dets Natur rigtig har utfoldet sig. Men Hønsene have stadig Tilhold i Familiens Skjød, og føre saaledes et lunt Stueliv den hele vinter. Bonden ved at drage Nytte af denne Ømhed, og ved juletider gjør han gode Affærer med sine friske Æg.

 

Man kan gjette sig til, at Renlighed ei er Hovedsagen i disse Folks Boliger. Der er heller ikke nogen norsk Almue, som er mere berygtet for sit Søleri end Hav-Strilerne. Man lugter deres Stel paa langt Hold. Deres lave Huse ere omgivne af denne Husholdnings Attributer og Herligheder; paa Taget, paa Væggene og paa Stænger ved Indgangen hænger der flækket Fisk og Pjalter af Sildegarn. Indenfor er der en eneste Stue, med Grue og Røghus. Man studser ved dens ubetydelige Omfang, naar man overveier, hvor mange Individer der ofte ere samlede i et saadant Rum baade Dag og Nat. Der er ved disse Røgstuer Intet af den Behagelighed og Orden, som man ofte træffer i lignende Bygninger hos den rigere Bonde paa det faste Land. De glat bearbeidede Tømmerstokke og den egne kniplingsartede Bord af Kridt-Tegninger der løper om en smuk Røgstues Vægge i de anselige Fjeldbygder, ser man kun sjelden ude paa Øerne; thi her bruger man kun ved enkelte høitidelige Leiligheder at skure den hele Stue med Sand. Hos Hav­Bonden er det snevre Rum end mere indskrænket af alskens plumpt Bohave og Redskap. Paa Bænkerne langs væggen er der neppe Plads til et Sæde; man træffer de smaa Børnesenge mellom Saltekar og Tjærebøtter. Ved Gruen hænger ofte den hele Families vaade Sø-Klæder.

 

Paa gulvet kan man blive hildet i Bunkerne af et Garn, der just skal repareres. Men Lysfaldet gjennem Taget over alt dette er af en ypperlig Virkning. Naar den gamle Hav-Stril i sin maleriske Dragt, med sit lange Graaskjæg, sidder i Røgstuen under Lyren, da minder han levende om mangt et prægtigt Billed af den uforlignelige Rembrandt».

  • Sildeskjering

Det er fisket som har skapt livsgrunnlaget for Sotra-strilane. Også kvinnene tok del i dette arbeidet, men berre på land. Sildeskjering i Storasundet, oktober 1924. Kvinna i framgrunnen er Gurina Storesund (Utlån: Nelly Storesund.)

  • Helgekledde koner frå Landro kring 1937

"Striledrakta"

Gunvor Ingstad Trætteberg, som utforska draktskikken på Sotra i mellomkrigstida, kom til Fjell første gong i 1936. Der møtte ho kvinner som enno gjekk i den gamle drakta: «Jeg husker at om fredagene når øygardsbåten la til Zukkerhuskaien, da sto det tett i tett med små rømmekoller på dekksluken; og så kom kvinnene fra Fjell og Sund over landgangen i stakk og blåhue. På ryggen bar de kiper nesten like høye som dem selv. I hver sto 10-20 trebunker med rømme som de skulle levere til familier i byen. Det var en malerisk kvinneflokk. Og den drakten de bar svarte omtrent til den som embeds- og borgermadammene i Bergen brukte for 300 år siden, etter hollandsk og nord-tysk mote».

 

«Det var en fast og uttrykksfull kledning. En høy blåhue føyet seg om ansiktet med fiolett kvaring og hvitt lin innunder, mens en tung, vid rynkestakk og snever trøye ga skikkelsen tydelig silhuett. Drakten virket høytidelig med de store mørke flater. Men fargeløs var den ikke, for når konene tok overtrøyen av så lyste det i røde livstykker og sterkt grønne strikkeermer».

  • Jordkjellar

Jordkjellar

Jordkjellarane, Nordhordlands «stabbur», er ein karakteristisk del av byggjeskikken i kystbygdene (Svein Nord).

  • Rundehaugen mot Sekkingstad

Dette landskapet har skifta farge fleire gonger gjennom tusenåra. Held attgroinga fram, vil skogen på nytt farga ytterkysten grøn. Frå Rundehaugen mot Sekkingstad. (Svein Nord)

  • Bruaskjeret

Bruaskjeret (nedst på biletet) rett aust for Knappskog, ein steinhaug som stikk opp av sjøen, bygd opp av blokker som vart avsette langs iskanten for 11700 år sidan. (Helge Sunde)

  • Havburkne

Havburkne. (Bjørn Moe)

  • Askvik, H. 1996. Berggrunn og landskap i Fjell.I: Kolle, N.(red.) .Fjell bygdebok. Bd.I. Natur og kulturhistoria fram til 1700:461–486.Fjell kommune.
  • Johns, C. J. 1981. The geology of northern Sotra; Precambrian gneisses west of the Bergen Arcs, Norway. Ph.D.avhandl.,Bedford College,Univ. of London.
  • Kobbeltveit, O. red. (1987) Fjell kommune: jubileumsskrift 1837-1987.
  • Krzywinski, K. 1996. Det grå riket.I: Kolle,N. (red.). Fjell bygdebok. Band I, Natur og kulturhistoria fram til 1700:17–96.Fjell kommune.
  • Moe, B. 2003. Kartlegging og verdisetjing av naturtypar i Fjell. Fjell kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 11/2003.
  • Overvoll, O.;Bjørkevoll,I.(under arbeid). Viltet i Fjell. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Fjell kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Trengereid, N. red. (1970) Bygdesoga for Fjell. Fjell.