• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kikedalen ved enden av Gjønavatnet

Skogar og vatn og lange dalar gir deg ei kjensle av villmark – men ikkje heilt urørd. Far etter menneske finn vi mange stader. Frå Holdhusområdet. Den bortgøymde Kikedalen ved enden av Gjønavatnet, i det fjerne midt på biletet. (Svein Nord)

Vakre kulturlandskap, store utmarksareal, fiskevatn og jettegryter set sitt preg på kommunen aust for Bjørnefjorden. Framleis er det mange veglause dalar i Fusa, og om vi vil til skogs, er dette rette staden. I Yddal finst ein av dei største furuskogane i fylket, og her er det råd å vandra i dagevis med ryggsekk og telt, helst også med kart og kompass.

Fusa kommune, som i dag strekkjer seg frå Holmefjord i nord til Sundfjord i sør, har frå mellomalderen vore delt i to skipreide. Den nordlege delen, frå Holmefjord til Koldalselva i Eikelandsosen, høyrde til Framnes (Os) skipreide. Dei andre soknene i Fusa og Hålandsdalen, saman med Strandvik, utgjorde Strandvik skipreide. Fusa vart skilt ut frå Os som eige prestegjeld og eigen kommune i 1855. I tidsrommet 1903 – 1963 var dei to bygdene Strandvik og Hålandsdal eigne kommunar. Vi forstår desse inndelingane når vi ser på at det viktigaste rikdomsgrunnlaget låg i jordbruket og skogen.

Mest ein tredel av landarealet i kommunen er produktiv skog. Furu er det vanlegaste treslaget. Skogen står mange stader så vanskeleg til at han ikkje har vore driven på lang tid. Urørte, samanhengande skogareal gjer at hakkespettar og skogsfugl trivst i Fusa. Mår har det blitt meir av fleire stader, og Fusa har lenge vore mellom dei kommunane i fylket der det vert felt mest hjort.

Jordbruk og skogbruk, handel og industri

Bøndene i Hålandsdalen hadde opplagsplassar for båtar på Torsneset i Eikelandsfjorden, heilt frå mellomalderen like til vårt hundreår. På Torsneset – etter tradisjonen stod det eit hov her for tusen år sidan – låg det også ein gjestgjevarstad. Bøndene ved Eikelandsfjorden hadde kvernhusa sine i Koldalselva, og på 1500- og 1600-talet var det sagbruksverksemd i Koldalsfossen, i skotte-handelens høgkonjunktur – bord og bjelkar, plankar og sperrer til Skottland og Vesterhavsøyane. To hundre år seinare er vi i sildefiskets store periode. Sildesalting i Engevikhavn gav store laster med sildetønner, skipa til Baltikum på handelsmann Lars Meidell sine skuter, som kom tilbake fullasta med korn.

Industrien kom til bygda på slutten 1800-talet. To smørfabrikkar, sagbruk, stamper, snellefabrikk og meieri gav arbeid til mange. Hermetikkindustrien overtok lokalet til den eine smørfabrikken. På denne tida fekk Eikelandsbygda vegutløysing mot hovudsoknet Fusa, og deretter nordover mot Tysse og austover mot Hardangerfjorden. Frå 1. april 1896 fekk denne bygda namnet Eikelandsosen, for å unngå forveksling med Torsnes i Hardanger. Kring 1900 tar tettstaden form, og i 1964 – i bilens tidsalder – vart Strandvik, Fusa og Hålandsdalen slegne saman til ein kommune. Då var det naturleg å leggja administrasjonssenteret til Eikelandsosen.

Ein eim av lauk

Det ujamne terrenget, med mange bratte skråningar, dalar, slukter og snaufjell, gjev naturleg grunnlag for variert vegetasjon. Du kan brått råka på parti med edellauvskog i bratte lier i furuskogen. Lauvskogen vart tidlegare lauva og nytta som fortilskot. Mest kjend er kanskje bruken av hassel til tønneband; bøkkerverksemd har lange tradisjonar i Fusa. Mange stader finst ein rik flora med kalkkrevjande artar, både i låglandet og høgfjellet. På somme fjelltoppar over 600 m kan du finna fjellsmelle, reinrose og flekkmure som lyser mot deg i raudt, kvitt og gult. Dei same fjellplantene, og fleire til, kan følgja bekkekløfter ned til låglandet. Jamvel på strandberg på austsida av Lukksundet veks reinrosa. Reiser du gjennom Fusa i slutten av mai, kan du ikkje ha unngått å kjenna den stramme eimen av blømande ramslauk. Litt tidlegare på året kan du finna meir eller mindre sjeldne vårplanter, som raudsildre, moskusurt, skjelrot, og gullstjerne. Langs Bjørnafjorden pryder kusymre bakkar og skogkantar.

Takskifer og kvartsitt

Dalar, innsjøar og fjordar følgjer dominerande retningar i berggrunnen. Nokre av fordjupingane, slik som Henangervatnet-Skogseidvatnet (sørvest-nordaust), følgjer langs skiferlagninga som vart til under danninga av den kaledonske fjellrekkja. Andre følgjer sprekker og forkastingar om lag nord-sør, slik som Mundheimsdalen med fortsetjing gjennom Gjønavatnet og Kikedalen.

I store delar av Fusa er fjellgrunnen hard og kvartsrik gneis og kvartsitt der lite kan veksa, som til dømes dei nakne berga nord for Skjelbreidvatnet. Bergartane er grunnfjell som vart slite laus ein stad lenger nordvest. Grunnfjellet vart så flytta austover som gigantiske flak oppå underliggjande glimmerskifer. Dei underste og mest skifrige partia i desse grunnfjellsflaka ser ein langs sørsida av Eikelandsfjorden. Her har kvartsskiferen, som liknar på vossaskiferen (litt lysare), fleire stader vore nytta til bygningsstein og takskifer, både lokalt og i Bergen. Dei imponerande steingardane langs utmarka på gardane Eikeland og Austestad er murte opp av same steinen. Ved Tveita, Kilen, Bolstad og Skogseid har ein også teke ut takskifer. Den ljose kvartsitten har og vore broten til industrielle føremål i Horgaberget ved Vandvik, der ein tidlegare henta kvartsitt til ferrosilisiumindustrien. Denne produksjonen er for lengst gitt opp, industrien har i dag heilt andre og strengare krav til kvartsråvarene.

I dalen mellom Eikelandsosen og Skjelbreid dukkar den underliggjande glimmerskiferen og grønskiferen fram og smuldrar til god, mineralrik jord. Der er allikevel morene- og leirjord som har størst utbreiing og gjev det djupaste jordlaget i kommunen.

Høge fjell ut mot kysten skjermar områda innanfor mot vestavêret, og sommartemperaturen kan verta høg. Men dette gjer og at desse områda er utsette for låge nattetemperaturar med nattefrost seint på våren og tidleg på hausten. Det regnar ikkje oftare i Fusa enn mange andre stader i Hordaland, men det kjem etter måten mykje nedbør. I nordaust, mot Kvamskogen, er den midlare årsnedbøren om lag 2800 mm, medan det kjem om lag 2200 mm langs kysten i vest.

Fiskerike og fisketome vatn

Fusa har mykje ferskvatn, og mange vatn og tjørner ligg godt skjerma. Ein meiner at det hekkar fleire par av både storlom og smålom her. Sjølv om det ikkje er tale om mange par, er bestanden av storlom blant dei største i heile fylket. Der lomen finst, er der og mykje småvaksen fisk. Skogseidvatnet er Hordalands mest namngjetne fiskevatn. Mykje skuldast den svært store fisken som lever her, men også den gode tilrettelegginga for fritidsfiske i vassdraget. I kommunen er det også framleis naturleg fisketome vatn, særleg i grenseområda til Kvinnherad og Kvam, langt frå veg og busetnad. Det er mellom anna fiskeløysa som gjer at den truga storsalamanderen finn levekår i desse vatna.

Den beste forma for naturforvalting er den naturen greier med sjølv. Slik har det vore i Fusa meir enn mange andre stader. Får dette halda fram, vert ikkje særpreget mindre med åra.

På sølv grunn tre blå spiralar stilte i trepass

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 27.9.1991 og er teikna av Arvid Sveen. Motivet spelar på innhaldet i bygdenamnet Fusa; «strøyma sterkt», kanskje om den vêrharde fjorden, på vasskvervlar og på jettegryter. Jettegryta som er forma i berget ovanfor sentrum, er ei av dei største i landet.

valknute

Fusa er i slekt med fus «framfus» og fusa «strøyma sterkt», kanskje om fjorden; i så fall kan det tydast som «den vêrharde». Øpsta kjem av eldre Øfstastofa. Førsteleddet i Vinnes heng truleg saman med vinna «arbeid»; her i tydinga «neset som er hardt å vinna framom». Skagatangen er «smør på flesk», jf. gno. skagi «framstikkande land»; lik Skagen på Jyllands nordspiss. Mjånes kjem av mjå «smal», medan Balleseim (Balders-) kan innehalda gudenamnet Balder. Sundvor kan setjast i samband med gno. sundvorđr «sundvaktaren». Førsteleddet i Holdhus er gno. holdr «odelsbonde». Hammar «berghammar» ligg til grunn for Hammarsland, medan førsteleddet i Kikedalen synest vera gno. keikr «tilbakebøygd». Gjøn er ei samandraging av eldre Gó-vin, der førsteleddet er gno. gói «tida frå nymåne i slutten av februar til neste nymåne»; her kanskje fordi det er tidleg snøbert. Boga heng saman med gno. bugr «innbøying (i terrenget)».

  • Strandvik med Sævareidfjorden i bakgrunnen

Strandvik med Sævareidfjorden i bakgrunnen. Endemorenen i Strandvik har gitt opphav til det grøne neset til høgre for kyrkja. Leire vart avsett på havbotnen utanfor breen der fylkesvegen går i dag. (Helge Sunde)

  • Hønsehauk

Hønsehauk, ein plasskrevjande rovfugl som trivst i gammal furuskog.Fusa er ein god stad for denne fuglen. (Jan Rabben)

  • Gamle hellebrota på Eikeland og Austestad blir no nytta i murar langs riksvege

Dei gamle hellebrota på Eikeland og Austestad har funne ein ny marknad – blokkstein frå brota blir no nytta i murar langs riksvegen. (Svein Nord)

  • Hundekjeks og skogstorkenebb

Når markene i kulturlandskapet ikkje lenger blir regelmessig slått, gror dei til med høge staudar, slik som hundekjeks og skogstorkenebb. Frå Baldersheim-området. (Svein Nord)

  • Bratli, H. 2003. Biologisk mangfold i Fusa kommune. Norsk Institutt for Jord- og Skogkartlegging, NIJOS rapport 4/03.
  • Kolderup, N.-H. Fjell og fjord. www.fusasoga.ivest.no
  • Naustdal, J. 1961. Plantelivet i Fusa, Hålandsdal og Strandvik.I:O.B.
  • Overvoll, O.; Stadaas, A. 2003. Viltet i Fusa. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Fusa kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 5/2003.
  • Ragnhildstveit, J. 1987. Geologien i Fusaområdet, Hordaland, Vest-Norge. Cand.scient avhandl., Univ. i Oslo.
  • Sekse, L. 1982. Hovudtrekk i flora og vegetasjon langs Kvanndalsvassdraget i Fusa. UiB.Botanisk inst.Rapport 20.
  • Skaathun (red.): Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik:80–131.
  • Skaathun, O. B. (1961-1967) Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik. Bergen.
  • Vangsnes, E. M. B. 2003, Fusa 1900–2000, Fusa kommune.
  • Fusa før i tio (1988-). Fusa, Fusa kulturminnelag.