• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Osøyro fremst og «Framneset», landet som stikk lengst ut i Bjørnafjorden, frå Lekvenvågen til Bjørnatrynet, bak til høgre

Osøyro fremst og «Framneset», landet som stikk lengst ut i Bjørnafjorden, frå Lekvenvågen til Bjørnatrynet, bak til høgre. (Helge Sunde)

Som eit stort nes fram i Bjørnafjorden ligg Os, den sørlegaste spissen av Store Bergensboge. Derfor vart mellomalderens skipreide kalla Framnes, som namn på dei solrike, skogkledde bygdene nord for Bjørnafjorden. Men det er det flate sanddeltaet ved munningen av Oselva som har gitt namnet til dagens kommune. Os og bygdene kring Fusafjorden og Samnangerfjorden høyrde til same skipreide og prestegjeld fram til 1800-talet. Og i den lune, austvende Lekvenvågen ved Ferstad har truleg leidangsskipet hatt sin plass.

Då det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837, vart grensene for Ous kommune trekte etter mellomalderens grenselinjer. Os prestegjeld omfatta tidlegare Os, Fusa og Samnanger kommunar. Fusa vart eige prestegjeld og kommune frå 1855, medan Samnanger nådde i det kommunale sjølvstyret i 1907. Det noverande Os høyrde til Os skipreide, med unntak av Lysekloster gods sine gardar, som utgjorde eit eige tinglag før 1857. Os skipreide var ein del av sorenskrivaren i Sunnhordland sitt distrikt og Os var ein sunnhordlandskommune fram til Midhordland sorenskrivardøme vart skipa i 1848. Lyseklostergardane høyrde rettsleg til ein eigen jurisdiksjon fram til 1853.                             

Naturen hadde lagt det meste – men ikkje alt – til rette for cisterciensarmunkane som slo seg til i Os i 1146. I Valle Lucidae – Lysedalen – fann dei det dei søkte: ein bortgøymd stad med vassjuk mark som lét seg odla og kultivera til ein blømande hage. I klosteranlegget på Lyse kunne dei leva tilbaketrekte frå verda. Også for munkane var laksen i Oselva ein ettertrakta ressurs, slik han er det for dagens sportsfiskarar. I nokre vatn finst karuss og andre framande fiskeslag som ein meiner munkane kan ha sleppt ut.

Gammal havbotn

Den bynære kommunen er ein grøn kommune. Her er våtmarker, furuskogar, frodige lauvskoglier og – enno – mykje dyrka jord. Jamvel steinen er grønleg; grønstein er ein av dei vanlegaste bergartane i Os.

Grønsteinen var, saman med grønsvart gabbro, fjellunderlaget til havbotnen ein gong i ordoviciumtida. På botnen av dette havet vart det avsett lag av leire og sand.I dag finn vi både den gamle havbotnen og laga oppå i Store Bergensboge, strukturen som har sytt for fordeling av fjellgrunnen og landskapsdrag i kommunen. Leira og sanden kjem fram som glimmerskifrar langs Fusafjorden,slik som på ferjekaiene i Hatvik og på Haljem. Det gode jordsmonnet her kjem nettopp av at glimmerskifer forvitrar lett og er kalkrik i tillegg. Langs Hegglandsdalen og sørvestover forbi Os er det dessutan ei sone med rein kalkstein eller marmor. I fjell som Sveningen (843 moh.) og Møsnuken (639 moh.) er det gabbroen og grønsteinen som rår grunnen. Frå desse to toppane er det vidt utsyn over Os.

Elvar, og seinare isbrear, har grave djupe dalar og fjordar langs soner med mjuke fjellslag, til dømes Hegglandsdalen og den djupe Fusafjorden. Os vart isfri for om lag 14 000 år sidan. Havet trengde då inn over Osdalføret heilt til Hauglandsvatnet. Skjel frå denne tida er å finna på elvebotnen i Oselva, i Stongavadet ved Tøsdal. 1500 år seinare rykte breen fram att,frå fjellområda i Sveningen og ned Osdalføret og ut gjennom Fusafjorden. Brefronten som gjekk ut fjorden, stoppa opp då han nådde ut til Haugsneset og Vinnes. Havet stod då 58 meter høgare enn i dag. Det vart avsett tjukke morenemassar på Hauge, mellom breane i Fusafjorden og Osdalføret. Samstundes vart det avsett mykje lausmateriale framom breen på Ulvensletta og Moberg.

Då breen på nytt smelta attende, vart det avsett silt (grov leire) i fjorden framom breen i dalføret oppover mot Tøsdalsvatnet. Etter kvart som landet steig,skar småbekker seg ned gjennom siltlaga og grov ut ei mengd V-forma smådalar – ravinar. Ravinane er særleg å sjå ved Flåten like nord for Os gymnas. Ved Solstrand og i Mobergsvikjo ligg det sandstrender med rullestein som breen la etter seg.

Sunnhordlandsnatur

I kommunen kan det vera store kontrastar i temperaturtilhøva, særleg om hausten og vinteren når det er stille klårvêr. I det småkuperte landskapet i området frå Søfteland til Ulven kan det då bli svært låge temperaturar. Samstundes kan det vera mykje mildare berre nokre få kilometer lenger vest og sør. Søfteland har lågare middeltemperatur enn Bergen i alle månadene i året. Skilnaden er minst i juli (0,6°C) og størst i oktober og november (2,5°C).

Os skil seg på fleire måtar frå det meste av Bergenshalvøya. Det frodige plantelivet har meir til liks med det vi finn i Sunnhordland. I Os veks barlind, kristtorn, bergflette og mange av dei andre plantene som er knytte til næringsrikt jordsmonn. Furuskogen er dominerande sørvest i kommunen. Eik og hassel er vanlege lauvtre i denne skogen. Svartor trivst nær sjøkanten eller der det er fuktig. Det er nokså mykje edellauvskog i Os, men dei fleste av desse skogane er små. Best kjend er skogen ved Hatvik, der lind på imponerande vis klorar seg fast i den steile bergveggen. Denne edellauvskogen strekkjer seg nordover langs fjorden og inn i Floget naturreservat. På Møsnuken er det funne nokre moseartar som er sjeldne her til lands. Grunnen til at dei trivst på dette fjellet, er at klimaet er fuktig og relativt mildt heile året, utan store snømengder som forkortar vekstsesongen.

Jamvel om mykje av landarealet er oppdyrka, er det fleire fine våtmarker att i Os. Den stiltflytande og varig verna Oselva er hovudvassvegen. Ulvenvatnet blir rekna som ei av dei mest varierte våtmarkene i fylket. Med ny riksveg tvers over vatnet kan vilkåra bli vesentleg endra. Mest kjend er staden for sitt rike og spesielle fugleliv. I Ulvenvatnet veks iaugefallande, store vassplanter,som takrøyr og sverdlilje. Ei anna vassplante, toppstorr, finst i fleire tjørner.Toppstorr er sjeldsynt,men det er få stader i Noreg som har meir av han enn Os.

Kommunevåpenet til tidlegare Os kommune: På raud botn ein gull oselvar

Merket vart teke i bruk etter ei større bygdeutstilling i 1949 og er teikna av Trygve Eriksen. Det framstiller ein båt under ei stor rose, omgjeven av ni små roser. Det er ikkje godkjent som våpen etter heraldiske reglar. Kommunemerket symboliserer hevdvunne handverk i Os, i form av Oselvarbåten og rosemåling. Dei små rosene tilsvarar talet på skulekrinsar i 1949. Fargane er raudt og gull.

valknute

Det er sjølvsagt elveosen som har gjeve garden, bygda og seinare kommunen - Os - namn. Lysekloster inneheld ei avleiing av gno. ljóss «lys», kanskje opphavleg om fjorden. Søvik er ikkje lett å tolka, førsteleddet er mogeleg sid i tydinga «lågtliggjande, blautt». Enklare er Drange, av gno. drangr «høg stein, bergtopp». Ferstad er usikkert, men mykje talar for at det kjem av ferjestad. Halgjem er no ofte skrive Halhjem, men Halgheimir (1427) kan truleg knytast til gno. heilagr «heilag» i førkristen tyding. Lunde «lund» har truleg samanheng med offerlund, og Lekven tyder «leiksletta». Døso kjem av gno. dys «steinrøys, gravrøys». Vargavågen er eit namn som er lett å gjennomskoda, likeins Katlabrotet, der førsteleddet er ei genitiv fleirtalsform av gno. ketill «kjel».

  • Oselvar bygd på Drange i Os

Oselvaren

  • Grønstein ved Hetleflotvatnet

Grønstein ved Hetleflotvatnet. Grønsteinen, ein omdanna lavabergart, vart til på havbotnen i ordoviciumtida.Lava som størknar på havbotnen, får ofte ein «putestruktur» (som ein kan ana på biletet) og blir kalla putelava. (Haakon Fossen)

  • Moldadalen

Mange av landskapsdraga i Os er styrte av lagdelinga i Store Bergensboge, slik som her i Moldadalen på vegen mellom Os og Hatvik. Ei sone med mjuk glimmerskifer mellom hardare bergartar dannar eit snorrett søkk i terrenget. (Helge Sunde)

  • Jordnøtt

Mange hugsar den søtlege smaken av rotknollen til jordnøtt – «natursnop» som no sjeldan står på menyen. Jordnøtt er vanleg i kulturlandskapet, som her i Hegglandsdalen. (Bjørn Moe)

  • Hetlefloten

Før landet heva seg etter siste istida, har det vore ein stor fjord langt inn i landet der Osvassdraget ligg. Gardane på Hetlefloten ligg på dei store grusterrassane som isen la etter seg ut i denne fjorden. Biletet er frå 1890-åra. Sanden frå sandtaket (i bakgrunnen) vart nytta då ein la traseen for Osbanen.

  • Bjelland, Olav et al. (1987) Det ligg ei bygd: Os gjennom 150 år. Os, Os kommune.
  • Engevik, A. K. red. (1980) Bygdesoga for Os. Kulturhistorisk band. Os, Os sogenemnd.
  • Ingdahl, S. E. Stratigraphy, structural geology and metamorphism in the Os area, Major Bergen Arc. 1995.Cand.real.avhandl.,UiB.
  • Krüger, H. A. (1820-1821) Efterretninger om Ous Prestegjæld i Søndhordland. Budstikken, s. 497-512, 529-541.
  • Lunde, O. & Lunde, B. (1987) Osbygda - mellom fjordar og fjell. Os.
  • Moe, B. (under arbeid). Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Os. Os kommune og Fylkesmannen i Hordaland,MVA-rapport.
  • Tveit, N. (1932-1941) Os: eit utsyn over Osbygdi frå gamall tid til no. Bergen.
  • Tveit, N. red. (1937) Ous prestegjeld: Os, Samnanger, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen herader 1837-1937. Bergen.
  • Osingen: årsskrift (1985-). Os, Os mållag.