• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Slik kan den nordlegaste delen av fiskeværet ha sett ut i vikingtida

Slik kan den nordlegaste delen av fiskeværet ha sett ut i vikingtida (rekonstruksjonsteikning av Marvin Halleraker1993, etter S.Alsaker1989.)

EIT FISKEVÆR FRÅ JERNALDEREN

For 1000 år sidan var det ikkje det svarte gull, men havets sølv som var rikdomskjelda vest av Hjartøy. Gjennom dei arkeologiske granskingane som Universitetsmuseet i Bergen gjennomførte på Hjartøy, der røyrleidninga frå Oseberg skulle førast i land, kom det interessante funn for dagen.

Ved to små vågar vest på øya; nore og søre Hjartøyvågen ligg det 36 hustufter og 9 båtstøer. Tuftene er overgrodde og lite synlege. Låge rullesteinsvegger har vore fundament for små trebygningar med golvflater jamt over på 15-25 m²; lagde nær sjøen på stader det er mogeleg å dra opp båtar.

Langs veggene innvendes fanst låge steinpakningar; truleg restar etter jordfaste benker, både for sitjande og liggjande. Midt på golvet var åren – eldstaden. Her laga dei mat, her fekk dei seg varme, og her kunne dei tørka kleda etter kalde og våte dagar på sjøen. For alle funn i desse tuftene peikar mot sjøbruk og fiske. I ei av tuftene er det avdekt ein stor eldstad med beinrestar frå dei siste måltida her for over 1000 år sidan. På jordgolvet nedanfor brisken kom det for dagen eit skiferbryne saman med nokre fiskekrokar. I kanten av eldstaden låg eit knust klebersteinskar med forkola matrestar på innsida. Like ved låg ein liten bit av det same karet, laga om til eit fiskesøkke.

Liksom tuftene på Risøya i Sund tykkjest dette vera restar etter fjæremannsbuer – minne om eit eldgammalt sesongfiske som vart drive av folk inne frå fjordane. Bein frå avfallslaga er av storfe, sau, geit og hjort og syner at karane hadde med seg nistemat heimanfrå.

Dateringane vitnar om busetnad frå 300-talet og fram til kring 1050 e.Kr., men frå 700-talet og ut gjennom heile vikingtida har aktiviteten vore særleg stor. Då var så mange buer i bruk samstundes at ein verkeleg kan tala om fiskevær. Tenkjer vi oss at alle hus var i bruk, og med eit båtlag på 4 personar i kvart hus, kan så mange som 160 mann ha halde til her samstundes.

Ein dag på sjøen

Når arkeologen arbeider seg sakte og systematisk gjennom eit utgravingsfelt og let spor etter forfedrene gli sakte gjennom hendene, er det lett å gje fantasien spelerom. Gradvis stig menneska bak gjenstandane fram og vert ein del av livet og kvardagen slik han kanskje var i vikingtida:

 

«En lang dag på sjøen er slutt, fisken er gjort opp, og båten trukket opp i støa sammen med båtene til de tre andre fiskelagene som har buene like ved. Her må en dele på den lille plassen som er, både utomhus og innomhus. Selv om en er kommet på land, er gjøremålene likevel mange, før det er tid å krype opp på brisken og ta natt. Stormen tidligere i vinter fór ille med taket på bua, og ny never og torv må legges på. Ikke noe trivelig arbeid etter timer bak årene i tung sjø, men en trøst er det å se at røyken stiger opp av ljoren og varsler om at matgryten er hengt over varmen.

 

Enda er det mye igjen av de speka sauebogene som var med hjemmefra som niste, men det går med mye mat til fire mann, så det er nødvendig å spe på med litt fisk eller en og annen sjøfugl som setter seg fast i garna i løpet av natta. Aldri smaker maten bedre enn når en ligger på fiske, selv om det ikke er kvinner som har tilberedt måltidet. Etter at gryta er tømt, blir bein og matrester kastet på bålet, som gir arbeidslys til dagens siste gjøremål. En del fiskekroker og sløyekniven trenger en omgang med bryne før en ror ut i morgen. På andre siden av ildstedet sitter yngstemann i laget og smir til fiskesøkker av bitene fra den gamle klebersteinsgryta som nylig sprakk over varmen. Flammene dør sakte ut.»