• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skogsnøya

FUGLETREKKET FRAMOM SKOGSØYNA

Det er ikkje mykje skog på Skogsøyna i dag, og den som finst, er planta. Det er ikkje mykje dyreliv heller. Men svært mykje fugl passerer Skogsøyna i trekktidene. Ingen stad på kysten kjem du tettare inn på dei store sjøfugltrekka.

Varden sørvest på øya, tre kvarters gang frå vegen, er det beste utkikkspunktet. Stigen byrjar ved ei lita grind i bakken ned mot bruene til Herdlevær. Fugletrekka er lettast å få auga på tidleg om morgonen og litt utover føremiddagen. Vårtrekket er frå april til tidleg i juni, hausttrekket frå slutten av juli til i oktober. Kikkert er naudsynt for å få godt utbytte, endå større blir opplevinga med teleskop.

Sjøfuglane dominerer. Gråmåsen og fiskemåsen er i fleirtal, men også store mengder havsule, storskarv, grågås, tjeld (biletet) og andre vadefuglar dreg forbi. Langt ute passerer den meir sjeldne grålira, somme dagar òg mange lommar. Etter nokre dagar med sterk pålandsvind kan det vera mykje havhest å sjå like utanfor Skogsøyna. Inne over land er det gjerne flokkar med trast og piplerker vi lettast legg merke til.

Det er mest fugl å sjå om hausten. Dei travlaste haustdagane kan langt over 10 000 fuglar av mange ulike slag passera. Det er vel verdt å få med seg vårtrekket òg. Måsane er mest talrike, men det kan også vera mykje smålom å sjå i april og tidleg i mai. Somme dagar fer fleire hundre tjuvjo og fjelljo forbi, men dette trekket er svært konsentrert i tid. Endå meir tidsavgrensa er trekket av ringgås. På ein einaste time ein dag i mai kan mest heile Svalbard-bestanden på om lag 4000 individ passera. Når danske ornitologar registrerer at fuglane forlèt overvintringsplassane i Limfjorden på Jylland, går alarmen! Fugleinteresserte på Bergenskanten set seg då i bilen og dreg til Skogsøyna for å sjå når ringgjæsene flyg forbi nokre timar seinare. Kjenner ein avreisetidspunktet frå Danmark og distansen – og vinden ikkje er for sterk – kan observasjonen av overflyginga planleggjast mest på minuttet.

  • havsvale

Lyssky aktivitet

Du har truleg aldri sett ei havsvale. Det er ein liten, mørk sjøfugl som held seg ute på havet om dagen, men som kjem inn mot kysten om natta. Frå varden på Skogsøyna vart det i åra 1992–1997 lokka inn over 700 havsvaler, som vart ringmerkte her. Ornitologane brukte kraftige bandspelarar og megafon til å kringkasta havsvalelydane utover storhavet. Og fuglane lét seg lura.

 

Slik ringmerking er berre mogleg i vindstille augustnetter. Då er det mørkt nok, slik at havsvalene ikkje ser fangstnetta. Havsvala er både lyssky og gåtefull. Mange av havsvalene som er fanga på Skogsøyna, er tidlegare ringmerkte heilt andre stader (som på Røst, Sunnmøre, Shetland og Færøyane), og dei flyttar seg svært langt på kort tid, sjølv om det er midt i hekketida. Gjennomsnittleg har éin av fire innfanga fuglar ring om foten frå før. Vandringsmønsteret er likevel vanskeleg å tolka. Det er mogleg at foreldrefuglane må flyga til den andre sida av Nordsjøen for å finna plankton – medan den svoltne ungen må liggja i reiret og venta på kalde middagsrestar frå gårsdagen. (Frode Falkenberg)

  • Grågås

Grågås. (Jan Rabben)

  • Byrkjeland, S.; Svenkerud, K.; Hansen, K.A.; Sætersdal, M. 1982.  Fugletrekket ved Skogsøy. Øygarden høsten 1981. Krompen 11:45–56
  • Svenkerud, K.; Hansen, K. A.; Mjøs, A. T. 1983. Fugletrekket ved Skogsøy, Øygarden våren 1982. Krompen 12:58–69.
  • Tjensvoll, N.-I. 2002. Havsvalemerking. Krompen 31:120–122.