• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Toftøyna

JORDSKJELV FRÅ DEVONTIDA

Jordskjelv kjem av rørsler langs forkastingar, soner i fjellet der bergblokker gnurar mot kvarandre. I devontida var det store og mange skjelv som førte til at Hordaland vart brote opp langs forkastingar. Nokre av desse forkastingane viser att i vegskjeringane mellom Toftøyna og Turøyna. Langs Hordalandskysten hender det framleis at jorda skjelv, men skjelva er heller svake.

Gjennom den kaledonske kollisjonshistoria vart grunnfjellet pressa djupt ned i mantelen. Deretter flytta berggrunnen seg raskt opp mot overflata att. Medan fjellet i devontida enno var på 10–15 kilometers djup, på veg oppover, oppstod det jordskjelv som gjorde at grunnfjellet vart brote sund. På denne tida var det truleg mange fleire jordskjelv enn i dag. Mange av forkastingane som vart danna, er synlege i dag fordi det overliggjande fjellet er vorte fjerna. Nedbrytande krefter, som vatn og vind gjennom fleire hundre millionar år, og til slutt også isens arbeid, har saman tært bort fjellet og sytt for at vi no kan sjå korleis ei forkasting ser ut i djupet.

Få stader visest forkastingsflatene så klart som langs vegen som fører til Turøybrua. Dei har eit grønt belegg av mineralet epidot, og mange stader skin det i flatene. Dette har samanheng med at rørslene langs forkastingane har gnura og polert dei grøne mineralkorna. Den glatte og fine strukturen kan vi lett kjenna ved å føra fingrane langs forkastingsflata. Stripene viser retninga på rørslene då jordskjelvet skjedde. Fastsetjing av alderen på forkastingane ved hjelp av avanserte dateringsmetodar tyder på at dei eldste er frå byrjinga av devontida. Dei blankpolerte flatene ved vegen til Turøybrua kan altså vera opp mot 400 millionar år gamle.

  • Forkastingsflate frå Turøyvegen

Forkasting

Forkastingar er brot i berggrunnen der fjellet på den eine sida av brotet har flytta seg i høve til den andre sida. Når det blir danna forkastingar, kjem det gjerne jordskjelv. Ei enkelt forkasting kan ha ei lang rørslehistorie bak seg, med mange skjelv. (Haakon Fossen)

  • Fossen, H. 1998. Advances in understanding the post-Caledonian structural evolution of the Bergen area,West Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift 78: 33–46.