• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Glesvær

Frå Glesvær. (Svein Nord)

«SJØORMANE» VED GLESVÆR

Han undra seg nok, fiskaren som i 1769 fann eit 3,3 meter langt sølvglinsande sjødyr på stranda ved Glesvær. Kanskje hadde han høyrt segner om sjøorm. I så fall måtte han mest ha trudd det var ein slik han hadde funne, for sjødyret likna meir på fantasiteikningar av sjøormar enn på nokon fisk han hadde sett.

Det skulle visa seg at glesværingen hadde kome over sjølvaste sildekongen, verdas største beinfisk – enno ikkje kjend av vitskapsfolk. Ekspertane som tok over dyret, var sikkert òg i tvil om kva dyr dei hadde med å gjera. I 1766 hadde det drive i land eit eksemplar av same sortenpå Glesvær. Den slangeforma fisken fekk namnet sildekonge – Regalecus glesne – med eit artsnamn som refererer til funnstaden. Fisken vart første gongen skildra av berghauptmann Ascanius i tidsskriftet Icones Rerum Naturalium, som kom ut i København i 1772.

Kring 1840 vart ein ny sildekonge på fem meter funnen på Golta, og i 1899 endå ein. Den siste var tre og ein halv meter lang. I mars 1791 skal dessutan eit eksemplar på 12 fot har stranda «paa Bergens Vaag», og vart omtala i Bergens Adresse-Avis 25. mars dette året. Utover dette er det påfallande få funn av arten i Noreg, og ingen sidan 1899.

Vi veit ikkje mykje om sildekongen. Med eitt unntak er fisken aldri sedd i levande live – dei fleste vi kjenner, er funne daude eller døyande rundt om i verda. Ofte dreier det seg berre om fragment av dyra. Han kan leva på djupt vatn ned til 1000 meter og finst i alle varme og tempererte hav. Vestlandet er heilt i den nordlege utkanten av utbreiingsområdet. Det er Golfstraumen som sørgjer for at fisk med adresse lenger sør frå tid til anna råkar våre farvatn. At så mange sildekongar er funne nettopp ved Glesvær, kan òg ha samanheng med dei rike sildefiskeria som var her før om åra.

Eksemplara som er funne hos oss, er ikkje spesielt store. Verdsrekorden er ein 11 meter lang sildekonge på 272 kilo. Dette er rekord for beinfiskar.

  • Zoologane Ingvar Byrkjedal (t.v.) og Stein Byrkjeland
  • Sildekonge

I kjellaren på Bergen Museum ligg tre sildekongar på sprit i dette spesiallaga karet. Den største er 346 cm lang og vart funnen ved Glesvær 27. januar 1899 av Knut M. Golten. Dei to andre dyra i karet er funne i Nordfjord og ved Alstadhaug. Zoologane Ingvar Byrkjedal (t.v.) og Stein Byrkjeland viser fram den største av sildekongane.

  • Stortare

Stortare - Verdifull naturressurs

Kysten på Vestlandet og i Trøndelag er dei viktigaste vekseområda for stortare i verda. Denne brunalgen har vist seg å vera særs nyttig også for menneske. Stortaren, som kan bli opptil fire meter, veks på berg og steinete sjøbotn ytst på kysten, ned til om lag 20 meters djup. Sund har store førekomstar av stortare, særleg på vestsida. Dei aller beste områda er frå Lyroddane nord til Telavåg og elles der det er god vassutskifting, samstundes som det er grunt nok. På landsbasis veks det stortare på om lag like store areal som dei som er oppdyrka på land.

 

Stortare kan foredlast til alginat, eit særs brukeleg stivingsprodukt, som blir nytta i matvarer som gelé og iskrem, og faktisk òg ved produksjon av regnklede, bildekk og mykje anna. Tidlegare skar ein tare frå robåt, no til dags blir det nytta spesialbygde taretrålingsfarty. Slik tråling har nærast form av undersjøisk flatehogst. Det er laga trålingsplanar for heile kysten der stortare veks. Stortaren treng 6–8 år på å veksa seg fullstor, men avkastinga blir maksimal når ein haustar kvart femte år. Noreg er det einaste landet som driv taretråling i stort omfang.

 

Med eit utal av blautdyr er tareskogen eit svært viktig oppvekstområde for hummar og mange fiskeslag. Dessutan er han næringsområde for mange dukkande sjøfuglar.

  • Ascanius, P. 1772. Icones rerum naturalium. Bd 2.København.
  • Bustnes, J. O., Christie, H.; Lorentsen, S.- H. 1997. Sjøfugl, tareskog og taretråling: en kunnskapsressurs. NINA-Oppdragsmelding 472.
  • Fosså, J. H.; Sjøtun, K. 1993. Tareskogsøkologi – fisk og taretråling. Fiskets Gang 1993 (2):16–26.
  • Pethon, P . 1998. Aschehougs store fiskebok. Aschehoug.