• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Prestegjeldsgrensene i 1837 danna grunnlaget for dei nye kommunegrensene då det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837/38. Dei kyrkjelege soknegrensene var i store trekk dei same då som i mellomalderen. Same farge viser grensene for prestegjelda/kommunane i 1837, med einskilde unntak: Manger kommune omfatta i 1837 både Herdla (eigen kommune i 1871) og Hjelme (eigen kommune i 1910). Berre dei soknene som vart til eigne kommunar er tekne med på kartet, bortsett frå Seimssokna i Nordhordland, som høyrde til Hosanger kommune fram til 1885. Kring Bergen er det markert eit område som inneheld Årstad sokn (eigen kommune til 1915) og Korskirken og Domkirkens landsogn (eigen kommune til 1877). Dei stipla grensene viser kommunegrensene før 1964.