• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gravrøyser på Hæreid

Gravrøyser på Hæreid (Svein Nord)

Det største forhistoriske gravfeltet i Hordaland ligg på Hæreid. Oppå terrasseflata, inne i den fine bjørkehagen, ligg dei, haugane og røysane, einskildvis etter i tette klyngjer, store og små, runde og avlange — minst 350 i alt.

Dei fleste røysane er små, mellom 2 og 5 meter i tverrmål. Somme av desse kan vera rydningsrøysar utan grav. Ei samling større haugar, 12-13 m i tverrmål eller meir, og over meteren høge, ligg i eit belte på begge sider av vegen, lengst sør på terrassen.

Hæreidfeltet er lite granska. Berre 9 funn er kjende. Av desse kjem berre eitt frå arkeologisk utgraving. Funna spenner frå 500-talet til fram mot år 1000. Men vi kan vera nokså sikre på at somme av haugane inneheld eldre graver.

Krukkebrot og bein frå ei branngrav kan daterast til folkevandringstida (400-600 e. Kr.). Dei andre funna er frå yngre jernalder (600-1000 e. Kr.). Mellom desse finst øksar og pilespissar, restar av eit sverd, ei bronsespenne, eit beksel, kokekar av kleberstein, ei steikjepanne og restar av eit skjold.

Vi kan undrast på kvifor nettopp Eidfjord har slike store gravfelt. Også på Lægreid har det vore mange haugar, og i Øvre Eidfjord finst fleire større felt. Anten må gravskikken ha vore annleis her enn i andre bygder, slik at dei fleste døde, og ikkje berre nokre få, vart heidra med haug eller røys. Elles så har folkesetnaden vore svært stor. Granskarar har ofte drøfta dette, utan å finna noko sikkert svar.

  • Kart over gravfeltet på Hæreid

Kart over gravfeltet på Hæreid (Sigrid H. H. Kaland/Svein Indrelid, etter K. Sognnes, 1973).

  • Treflika spenne frå 900-talet

Treflika spenne frå 900-talet (Svein Skare, eigar Universitetsmuseet i Bergen).

  • Manns- og kvinnedrakt frå yngre jernalder

Manns- og kvinnedrakt frå yngre jernalder. Bruken av spenner var ein viktig del av klesdrakta (teikning henta frå: Kaland, S. H. H.: Eidfjord i førhistorisk tid. Utstillingshefte, utan år).

  • Sognnes, K. (1973) Gravfeltet på Hæreid i Eidfjord. Hardanger. S. 269-280.