• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Herdla, Askøy

Herdla (Helge Sunde).

Talrike fornfunn viser at busetnaden på Herdla går attende til forhistorisk tid, og storgarden på Herdla har hatt ein sentral plass i rikssoga sidan høgmellomalderen. Liksom Ask var Herdla ein del av det jordegodset Harald Hårfagre tok hand om då han la under seg Vestlandet.

I 1139 vart Herdla herja av kongane Sigurd Slembe og Magnus Blinde, medan eigaren, Lakse-Pål, sat på tingsete på Hamre i Osterfjorden. Filippus Simonsson, dotterson til lendmannen Arne på Stårheim i Nordfjord og nevø av den mektige oslobispen Nikolas Arnesson, var heime på Herdla då han vart vald til baglarkonge i 1207. I seinmellomalderen vart Herdla adeleg setegard, for så atter å gå over til kongen under reformasjonen.

I 1637 vart garden ein del av eigedomane til Crijin Hooft, Bergens fremste kjøpmann, skipsreiar og hovudinteressent i «Det russiske rugkompani». Han bygde ein kornsilo, «Kornspeicher», på garden, som lagerplass for korn importert frå Arkhangelsk. Når kornet skulle seljast til byens innbyggjarar, vart det skipa i mindre parti til sjøhusa ved Nykirken i Bergen. I 1662 vart garden Herdla kjøpt av lagmann Hans Hannssøn Smith. Han vart adla under namnet Lilienskiold og var mellom Bergens rikaste menn, med store jordegods i alle vestlandsfylka. Seinare gjekk garden over til sonen med same namn, som vart amtmann i Finnmark 1684-1701 og mest kjend for sitt verk Speculum Boreale, 1698.

Fram gjennom hundreåra møter vi kjende embetsslekter og kjøpmannsslekter på Herdla gard: Svanenhielm, Heiberg, Krüger og Konow. Sidan 1841 har garden vore familien Bjørnstads eigedom.

  • Den tyske militærflyplassen på Herdla, Askøy

Den tyske militærflyplassen på Herdla

Britisk flyfoto av den tyske militærflyplassen på Herdla. Biletet er eit spionfoto fra september 1944. 27. desember 1941 vart Herdla flyplass bomba av britiske fly for å hindra den tyske flystyrken i å ta del i Måløy-«raidet» som gjekk føre seg samstundes (eigar: Air Photo Library, University of Keele (England)).

  • Garatun-Tjeldstø, G. (1972) Herdla - soga og folkeliv. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 66-87.