• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Koleragravstad. Møvik, Fjell

Koleragravstadene i Hordaland ligg oftast i utmarka, som her på Møvik. Ved toppen av Bildøybakken er det ein tilsvarande gravstad omhegna av steingard og høge graner (Svein Nord).

Vinteren 1849 vart den fattige Fjell kommune nøydd til å leggja pengar i nye gravstader, Møvik og Bildøydalen, på grunn av koleraepidemien som herja. 28. mars gjorde formannskapet vedtak om «at indgå til Hans Majestet Kongen med underdandigst ansøgning om at faa bevilget et laan stort 500 spesiedaler...»


Dei store infeksjonssjukdomane, og først og fremst kolera, vart ei mare for det 19. hundreåret. Kolera hadde opphav i India og synte seg første gong i Europa i 1817. Den andre store epidemien kom i 1832. I 1848 kom den tredje, denne gongen med båt frå England. Epidemien herja frå Gulen ved Sognefjorden til Egersund. Frå Bergen spreidde sjukdomen seg til bygdene ikring. Han kom òg til Espevær på Bømlo, midt under sildefisket i 1849, og vart derifrå spreidd vidare med fiskarane.

Dei førebyggjande tiltaka mot kolera var mellom anna å peika ut høvelege område for gravstader. Det er svært få eksisterande koleragravstader i landet utanom Hordaland.

 

  • Minnestein på koleragravstaden på Møvik, Fjell

Minnestein på koleragravstaden på Møvik.

  • Naust i Nordvika, Fjell

Naust i Nordvika. Framleis finn vi slike perler langs kysten av Sotra.