• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hamre kyrkje, Osterøy

Hamre kyrkje (Svein Nord).

Hamre kyrkje har etter alt å dømma vore ei av dei fire fjordungskyrkjene i Hordafylke i mellomalderen. Hamre var hovudkyrkje for heile Nordhordland. Bygningsrestar i den noverande tømmerkyrkja syner at det stod ei stavkyrkje her i mellomalderen.

Stavkyrkja måtte vika då den kyrkja som står i dag vart bygd, truleg i første halvdel av 1600-åra. Denne kyrkja er ei stor langkyrkje, med to smale utbygg på langveggene; kanskje påemna krossarmar. I vest står det eit høgt tårn, bygt i ein stavkonstruksjon, medan resten av kyrkja er tømra. Den utvendige trekledningen er tjørebreidd, og Hamre er ei av dei mest autentiske av dei tømmerkyrkjene som avløyste stavkyrkjene etter reformasjonen.

Interiøret er påkosta med dekor og inventar. Midtpartiet av det seinmellomalderlege alterskapet heng i skipet. Truleg er dette eit nordtysk arbeid kring 1500. Preikestolen er frå 1640, eit sentralt arbeid i den vestnorske "bruskbarokken". I kortaket, som er måla i 1653, ser vi framstilt: Speiderne i Kanaan, Jakobs drøm, Abrahams offer og Samson sønderslider en ung Løve. Også skipet har vore rikt dekorert. Det som er att av denne prydmålinga, vart avdekka og restaurert i 1949. I koret finn vi også den mellomalderlege døypefonten av kleberstein, og kopiar av ein bispestol frå 1690-åra og ein mellomalderleg korstol (originalen er i Universitetsmuseet i Bergen). I tårnfoten står den gamle kyrkjedøra frå 1585, og på veggen heng det ein planke frå ein veggfast benk i koret. Planken har to runeinnskrifter; den eine lyder slik: "Her nedanfor kviler jomfru Margareta. Be Pater Noster for sjela hennar".

  • Altertavla i Hamre kyrkje

Altertavla i Hamre kyrkje

Altertavla, frå 1622, ber lensherre Knud Gyldenstierne og husfrua Sophia Lindenow sine våpen og initialar måla på fotstykket, «predella». Altertavla er prydd med utsøkt renessansedekor; eit hovudarbeid på Vestlandet. Vengene har såkalla "kartusjverk" med beslagornamentikk; medan flatskurdrankar pryder midtpartiet (Egil Korsnes).

Hamre prestegjeld

  • Bergo, L. (1951) Hamre kyrkja. Bergen.
  • Litleskare, J. (1930) Hammarkyrkja fraa dei eldste tider til no. Bergen.