• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sorenskrivargarden

Sorenskrivargarden, bilete frå 1980-talet (Svein Nord).

SORENSKRIVARGARDEN

Hesthamar, nokre kilometer nord for Utne, er ein av dei eldste sorenskrivargardane i landet. I 1637, knappe 50 år etter at sorenskrivarembetet var skipa i 1591, kjøpte almugen i Hardanger denne garden av futen Lauritz Johnsen på Torsnes. Frå 1659 budde sorenskrivarane her, i vekslande periodar, fram til 1790. Då vart Helleland ved Lofthus «skrivargard».

Hesthamar vart kjøpt til bustad for sorenskrivaren, kanskje for å få han meir sentralt plassert i Hardanger, kanskje for å sleppa å betala leige. Vanlegvis var det ein gard i offentleg eige – krongods – som vart utlagd til dette føremålet, og bygdefolket skulle betala leiga, den såkalla skrivartollen; eigentleg løna til sorenskrivaren. Men skrivartollen måtte dei betala like fullt, bøndene i Ullensvang, trass i denne investeringa, og dette vart årsak til ein årelang strid.

Ikkje alle sorenskrivarane budde på Hesthamar. Innimellom stod garden ledig og vart pakta bort, men i 1720 busette Jens Fabricius seg her og bygde nytt våningshus i 1723. Det er denne bygningen som står i dag. Fabricius´ etterfølgjar, J.S. Fleischer, som residerte på Hesthamar frå 1733-75, bygde truleg litt på denne bygningen og fekk meir rom på loftet. Kanskje er det han som sette ark på hovudfasaden. Det er 1700-talets stilar som pregar Hesthamar: dører og listeverk i regence og rokokko, til dels også av ein eldre barokktype; ein av dei mest autentiske gamle embetsgardane på Vestlandet. I 1775 overtok Søren Schelderup garden etter Fleischer, som kjøpte Grovendal på Voss og flytta dit i 1775. Schelderup heldt eit gjestfritt hus på Hesthamar, men etter hans død gjekk garden ut som embetsgard. Etter nesten 200 år, i 1970-åra, har staden fått attende litt av sin gamle status, mønstergyldig sett i stand av bergensfilosofen Arild Haaland (1919-2012).

  • Hardanger Gjestegard, Ytre Alsaker

Hardanger Gjestegard, Ytre Alsaker – ny næring under gamle tak (Svein Nord)

  • Steinkrossen

Steinkrossen

På Hesthamar, eit stykke ovanfor fjorden, står enno i dag ein steinkross. Segna seier at denne steinkrossen skal vera reist til minne om lagmannen Sigurd Brynjulfsson på Aga. Han omkom under ei sjøreise på Samlafjorden, truleg i 1302. Der liket dreiv i land, vart steinen reist, med ein klebersteinskross på toppen. Denne segna er nedskriven alt i 1626, av Jonas Skonvig, ein presteson frå Skånevik som var ein av Ole Worms medhjelparar i arbeidet med det store runeverket. Det gjev oss grunnlag for å tru at innhaldet er å lita på. Sjølve steinen er av «graa Kamp» og var 7 alen høg. Klebersteinskrossen vart nedriven midt på 1800-talet og er tapt. Gravsteinen over Sigurd Brynjulfsson er i dag i Ullensvang kyrkje.

  • Hamre, L. (1954) Då Hesthamar vart skrivargard. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 171-174.
  • Kolltveit, O. (1951) Sorenskrivargarden Hesthamar. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 349-361.
  • Olafsen, O. (1915) Sorenskrivar-Gaarden Hesthammer. I: Hardanger. [Utne], Hardanger historielag, s. 37-41.