• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kandagås

KANDAGÅS - IMPORT MED BISMAK

Norske jegerar ynskte seg eit ekstra stort og velsmakande bytte. Derfor vart den amerikanske kanadagåsa innført til Noreg i 1960-åra.

I Hordaland vart kanadagås først sett ut ved Erslandsvatnet på Bømlo i 1972, dit ti ungar vart henta frå Sverige.Ti år seinare var bestanden i fylket kanskje 100 individ. Etter endå nokre år skaut bestandsveksten verkeleg fart. Det har på ingen måte stoppa opp, for kanadagåsa er ikkje noko lett bytte.

I dag hekkar fuglen fleire stader på Bømlo og også elles i Hordaland. Kring 2000 rekna ein med at det fanst mellom 30 000 og 40 000 kanadagjæser i Noreg. Det er fleire i dag, men auken er ikkje problemfri. Kanadagåsa er stor og tung, ei vaksen gås veg mellom 5 og 7 kilo, og plattfota som ho er, blir ho ofte skulda for å trampa avlingane flate. Som vegetarianar treng ho òg mykje mat, og store mengder gåseskit er lite velsett på dyrka mark, i parkar og på badeplassar