• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Espevik

På neset ved kaien i Espevik står diabasgangane fram som svarte, nedsenka striper eller band i fjellet. Desse mørke bergartane er gjester frå den raudglødande mantelen under jordskorpa. Dei mørke gangane skil seg klart frå den lyse vertsbergarten. Det er då òg rundt 270 millionar år i aldersskilnad mellom dei. (Svein Nord)

BESØK FRÅ UNDERVERDA

220 millionar år tilbake i tida trengde glødande og flytande bergmassar opp gjennom spalter i jordskorpa i ytre delar av Hordaland. Ein del av massane rakk truleg ut i fri luft og danna lavastraumar, som sidan vart tærte vekk av vêr og vind. Men det meste størkna til diabasgangar før det nådde overflata. Dei best bevarte av desse finst i Espevik på Tysnes.

Då dei dramatiske hendingane gjekk føre seg, låg det som no er overflata, fleire kilometer nede i jorda. I dag ser vi restar av steinsmelta (magmaet) som fylte sprekkane i jordskorpa.Magmaet følgd helst dei mange steile forkastingane langs kysten, soner som dannar dalar, sund og fjordar med nordleg eller nord-nordvestleg retning. Dette sprekksystemet må ha strekt seg svært langt nedover i djupet. Magmaet kom nemleg frå over 50 kilometers djup (mantelen) og har trengt seg tvers gjennom jordskorpa på veg mot overflata. Magmaet som vart att i sprekkane, kan ein finna som gangar av diabasbergartar, det vil seia finkorna basiske størkningsbergartar.

Nær hundre slike gangar er funne frå Sund i nord til Sveio i sør. På neset ved kaien i Espevik kan ein sjå mange av dei mørke gangane. Her er dei òg aldersbestemte.Ved å studera isotopane til grunnstoffet argon har ein funne ut at dei er rundt 220 millionar år gamle (frå triasperioden). Somme andre stader tyder aldersfastsetjingar på inntrenging også i permtida for rundt 250 millionar år sidan, mellom anna på Sotra. Dette er langt tilbake i tid, men gangane er likevel dei yngste bergartane på tørt land i Hordaland. Berre laga i den undersjøiske Bjorøytunnelen er yngre.

Gangar

Gangar er bergsmelte som har størkna på veg opp langs sprekkar i jordskorpa frå ei djupare kjelde av smelta berg. Ein gang er gjerne ein meter brei eller mindre, men kan strekkja seg innover i fjellet og i djupet. Dersom smelta når jordoverflata, blir ho kalla lava.

  • Medlemmer av «Østerskompaniet Norge»

Medlemmer av «Østerskompaniet Norge» på synfaring i Espevikpollen i 1886.Her er mange framståande folk, mellom anna seinare statsminister Gunnar Knudsen. Espevikpollen har lang tradisjon for østersdyrking, og er ein av dei få stadene i Hordaland det har vore oppdrett opp til vår eiga tid.

  • Fossen, H.; Dunlap, W. J., 1999. On the age and tectonic significance of Permo-Triassic dikes in the Bergen-Sunnhordland region, southwestern Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift 79:169–178.
  • Færseth, R. B. 1978. Mantle-derived lherzolite xenoliths and megacrysts from Permo-Triassic dykes, Sunnhordland, western Norway. Lithos 11:23–35.
  • Færseth, R. B.; Macintyre, R. M.; Naterstad, J., 1976. Mesozoic alkaline dykes in the Sunnhordland region, western Norway: ages, geochemistry and regional significance. Lithos 9:331–345.
  • Valle, P.; Færseth, R. B.; Fossen, H., 2002. Devonian-Triassic brittle deformation based on dyke geometry and fault kinematics in the Sunnhordland region, SW Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift 82:3–17.