• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Svaberg med lang historie

Svaberg med lang historie – kvite gangar av granitt som har trengt inn i falda kalksilikatbergartar. (Helge Haukeland)

REINVASKA GEOLOGI

Havet held fjellet reint og fint mot dei ytste skjera. Når bergrunnen òg er variert og interessant, ligg alt til rette for oppdagingar på svaberga.

I Møkster- og Selbjørn-området finst det restar både etter ei rundt 490 millionar år gammal havbotnskorpe og avsetjingane oppå denne skorpa. Sjølve havbotnskorpa, som i hovudsak er gjord av gabbro og grønstein, er berre å sjå på dei små øyane og holmane mellom Lunnøya og Selbjørn. Avsetjingane oppå skorpa er bevarte på Selbjørn og andre øyar i området, mellom anna Litla Kalsøy. Dei finst her att som kalksilikat og marmor i veksling. Opphavleg vart dei avsette oppå skorpa som lag på lag med leire og kalk.

Kalksilikatlaga er omdanna leirstein. Somme av dei opphavlege leirlaga som seinare vart til leirstein og kalksilikat, var uvanleg rike på grunnstoffet bor, eit stoff som finst i område med undersjøisk vulkanisme. Då gabbro og granitt trengde inn i og delvis smelta leirsteinane, kunne det derfor veksa store og prektige krystallar av det borrike mineralet turmalin. Turmalinkrystallane er heilt svarte, på grunn av det høge innhaldet av jern. Desse krystallane er funne i ei rekkje granittgangar i området.

Mønsteret i kalksilikatbergarten kan bli nokså spesielt og dekorativt. Han er lett å polera og kan handsamast med syre, dersom ein ønskjer ein pyntestein frå dette området.

Marmoren vart danna ved samankitting av kalkskal frå tallause små organismar som levde i eit forhistorisk hav ein gong i ordoviciumtida. Finaste og reinaste marmoren finst på Salthella, der det òg har vore marmorbrot. Andre stader kan marmoren ha ei rustbrun overflate på grunn av mineralet grafitt. Grafitten er omskapt frå kol og olje, som igjen stammar frå dyra som levde inne i kalkskala. Truleg var det altså olje i berggrunnen i Austevoll ein gong i tida.

  • Svart turmalin i granittgang.
  • Kalksteinar som inneheldt kvartskorn, vart oppvarma, utvalsa og samankrølla til kalksilikatbergartar

Svart turmalin i granittgang.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kalksteinar som inneheldt kvartskorn, vart oppvarma, utvalsa og samankrølla til kalksilikatbergartar. Dei harde, utstikkande laga er kvartsrike, medan marmorlaga i større grad er forvitra.

  • Fossen, H.; Dunlap, W. J.,1999. On the age and tectonic significance of Permo-Triassic dikes in the Bergen-Sunnhordland region, southwestern Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift, 79:169–178.
  • Færseth, R. B., Macintyre, R. M.; Naterstad, J., 1976.Mesozoic alkaline dykes in the Sunnhordland region, western Norway: ages, geochemistry and regional significance. Lithos 9:331–345.
  • Færseth, R. B.,1978. Mantle-derived lherzolite xenoliths and megacrysts from Permo-Triassic dykes, Sunnhordland, western Norway. Lithos 11:23–35.
  • Rykkelid, E. Geologisk utvikling i Møkster (Selbjørnområdet) i Sunnhordland. Cand.scient.avhandl.,UiB,1987.