• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ulven leir kring 1915

Ulven, ved nordenden av Ulvenvatnet, er ein gamal gard. Namnet kjem truleg av alfr («grus, sand») samansett med -vin: garden på den store sandsletta. Grannegarden til Ulven, Kuven, har også eit -vin namn. Det er ein meir grøderik gard, og dette kjem nettopp til uttrykk i namnet. Kuven kjem av Kornvin: «Kornsletta».

Ulven vart liggjande øyde etter svartedauden, men vart teken opp att i siste del av 1500-talet. Garden var Lyseklostergods fram til 1873, då staten kom inn som eigar og flytta eksersisplassen hit frå Osøyro.

Då forsvaret overtok garden Ulven, måtte brukarane flytta bort. Den store sandsletta på Ulven eigna seg særs godt til eksersisplass, og militæraktiviteten vart flytta frå Osøyro til Ulven. Ulven leir vart bygd opp som øvingsleir for soldatar frå Bergensområdet.

Søndre Bergenhusiske Infanteriregiment nr. 9 vart etablert i 1911, og fram til andre verdskrigen var sommarrekruttskule og regimentsamlingar viktigaste verksemda på Ulven. Ulven vart ein av dei mest kjende norske fangeleirane under den andre verdskrigen.

Etter krigen har leiren mest vore brukt til repetisjonsøvingar og heimevernsøvingar. Fram til 1994 var administrasjonssenteret for Hordaland Infanteriregiment nr. 9 på Ulven, men no er det Sjøforsvaret og Haakonsvern Orlogsstasjon som har driftsansvaret for leiren. 

Med dei gode tilhøva ein her kan tilby, er Ulven blitt ein av dei faste arenaene for Landsskyttarstemnet.