• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fedjemyrane

VILLKANIN

Villkaninen høyrer eigentleg heime i Nordvest-Afrika, men dei gamle romarane spreidde han til store delar av Europa. Ikkje til Noreg, rett nok, stamma på Fedje har opphav i 3–4 par som vart henta hit frå Shetland i 1875, som første stad i landet.

Normalt blir mange kaninar tekne av rev, men dette er ikkje noko problem på dei ytre øyane på kysten. Derimot kan minken vera eit trugsmål. Offisielt er det sett ut kanin berre tre stader i Noreg, men det kan nok ha skjedd fleire plassar. Om nokon søkte om å få setja ut arten i Noreg i dag, ville svaret truleg vorte nei. Forutan på Fedje vart han sett ut på Edøya på Nordmøre (1902) og Mølen i Vestfold (1899). Stamma på Mølen er for lengst utdøydd.

På Fedje synest dyra å greia seg. Det finst kanskje 15–20 par på øya, men det har vore langt fleire før. Minken tok nesten knekken på fedjekaninane. Ei tid brukte kommunen skotpremie på mink for å verna kaninane. Det var helst på Stormark søraust på hovudøya at dei overlevde. No er det mindre mink og aukande kaninbestand. Ser du ikkje dyra, er det i det minste enkelt å finna spor etter dei – dei inngravne gangane er ikkje til å ta feil av.

  • villkanin sørvest på hovudøya på Fedje

I dag finn vi helst villkanin sørvest på hovudøya på Fedje, men det finst òg nokre få individ mellom anna ved Varden nordaust på øya, der dette biletet er teke. Kaninen er helst knytt til opne område i overgangen mellom kulturmark og lynghei. Tette plantefelt av gran er eit framandt miljø for kaninen, sjølv om det nettopp er dette som utgjer bakgrunnen på biletet. (Frode Falkenberg)

  • Kvit nykkerose

Fedjemyrane landskapsvernområde

I høve til storleiken er det mykje verna natur i Fedje. Fedjemyrane åleine utgjer 838 dekar, mest 10 % av landarealet i kommunen.

 

Fedjemyrane er eit småkupert og myrrikt område, som femner om 17 tjørner og mindre vatn. Dei fleste vatna er næringsfattige. Dominerande planter i tjørnene er hesterumpe, tjønnaks, kvit nykkerose (biletet) og flôtgras. På fastmarka rår røsslyngen det meste av grunnen, men det er òg vekstkår for fleire andre lyngartar, tytebær og noko bjørk. Utmarka er delt opp i uvanleg mange teigar, noko som truleg har samanheng med gamle torvrettar.

 

Mest av alt er det fuglelivet i området som er grunnlag for vernet. Fleire par hekkande grågås har slått seg til på myrane, der dei ikkje skaper problem for avling eller bading. Eitt til to par smålom og nokre tjuvjopar fann òg hekkestad her. Lommen har vorte meir sporadisk dei seinare åra, og tjuvjoen har vorte borte, slik det har skjedd elles i Hordaland. Men dei vanlegare artane, som enkeltbekkasin, raudstilk og storspove, held ut. Det er lett å ferdast på Fedjemyrane, ettersom Nordsjøløypa går tvers gjennom området.

  • Grågåsa

Grågåsa i framgang

Grågåsa trivst særleg godt på Fedje; kommunen har om lag 30-40 av dei 800-1000 hekkande grågåspara i fylket. Tidlegare var det så sterk uro for den norske grågåsa at det vart kjøpt opp overvintringsområde for henne i Spania. Seinare har gjæsene teke til å overvintra lenger nord, og trenden har snudd. Dei siste åra har bestanden vakse merkbart.

 

Gåsa er stor og staseleg, men kan oppfattast som eit problem når ho kjem i flokk. Ho er vegetarianar, og kan gjera skade på avlingar. Dei pølseforma ekskrementa er heller ikkje alltid så populære. På Fedje er det eit irritasjonsmoment at badeplassen i Husavatnet blir noko tilgrisa av fuglane, som jamvel forsvarar denne plassen når folk kjem for å bada. Det er frykt for at også drikkevatnet kan bli ureina.

  • hettemåse

Sør på Fedjemyrane fanst i mange år den einaste kjende hekkekolonien for hettemåse i Hordaland. I dag hekkar arten berre sporadisk på Fedje. (Ingvar Grastveit)

  • Olsnes, O. 1980. Villkaninen på Fedje.