• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Lindåsosane

Lindåsosane har fleire grunne og tronge opningar til Lurefjorden. Det fører til at tidvatnet innanfor er forseinka med ca. 2,5 timar og høgda redusert til nesten firedelen av nivået i Lurefjorden. Sterke tidvasstraumar i opningane gjer innløpa for båtar vanskelege å forsera. Den einaste trygge tilkomsten går gjennom Lindåsstraumen, sør om Spjotøyna. Av omsyn til rutebåtane vart dette løpet i 1908 regulert med sluser. Portane har sidan 1963 ikkje vore i funksjon, men sluseanlegget er no under restaurering. (Helge Sunde)

ETTERKOMARAR FRÅ SLUTTEN AV ISTIDA

Både Lurefjorden og Lindåsosane innanfor gir levekår for sjeldsynte marine organismar: maneter, skjel og fisk. Dyra kom inn etter istida, då havet stod høgare. Etter kvart som landet steig, kan nokre av heimfødingane ha vorte innesperra.

Lurefjorden og Lindåsosane har grunne tersklar ut mot open sjø. Den djupaste terskelen inn til Lurefjorden ligg 20 meter under havflata, medan det frå Lurefjorden til Lindåsosane ikkje er djupare enn eit par meter ved dei tre innløpa. Sirkulasjon og utlufting av vassmassane i desse bassenga kan derfor vera dårleg – i Lindåsosane så dårleg at oksygenet ofte blir brukt opp i botnvatnet.

Tersklane inn til Lindåsosane har òg til ein viss grad hindra fritt samband av levande liv mellom dei innelukka fjordsystema og omverda. Då den siste istida tok slutt for ca. 11 000 år sidan, stod havet 40 meter høgare enn det gjer no. Då var sambandet langt betre. Men landhevinga som oppstod i dei påfølgjande tusenåra, som eit resultat av at isen ikkje lenger trykte landet ned, gjorde at kontakten med verda utanfor etter kvart minka. Fagfolk omtalar organismane som er att, som relikte, det vil seia etterkomarar frå ei tid då dei var meir utbreidde og vanlege.

Sjølvlysande manet

Sør i Lurefjorden lever ei verdskjend stamme av kronemanet, Periphylla periphylla. Arten finst spreidd i dei fleste verdshava og i nokre andre norske fjordar, men i Lurefjorden er det større konsentrasjonar enn vanleg. Maneta, som kan bli opptil 30 år, er sjølvlysande, og lyset kan vera så sterkt at det er råd å lesa avisa med det. Lysenzyma blir i dag nytta mellom anna i kreftforsking: Enzymet kan bindast til kreftceller for å spore spreiing, i staden for at ein nyttar skadelege røntgenstrålar. Forskarane er meir entusiastiske enn fiskarane – maneta har konkurrert ut fisken. Hovudføda ser ut til å vera hoppekreps, krill og andre krepsdyr.

Stasjonær sildestamme

Knapt noko marint økosystem i Noreg er betre undersøkt enn Lindåsosane. Det har samanheng med den lokale sildestamma i dei tre bassenga. Gjennom 9000 år har ho tilpassa seg dette delvis innestengde miljøet, utan særleg kontakt med sild utanfor pollane og utan å leggja ut på vandring, slik sild helst plar gjera. Isolasjonen har gitt silda særtrekk – sildestamma i Lindåsosane har færre ryggvirvlar enn anna sild. Ho veks òg seinare og når ikkje same lengda, såleis er ho 15 centimeter kortare enn nordsjøsild. Inne i pollsystemet legg ho ut på sesongvise vandringar. År etter år skjer gytinga inne i dette systemet, og her veks nye årgangar til.

Haneskjel

Haneskjela i Lindåsosane er òg ei leivning etter istida, då havet var kaldare. Haneskjel er ein nordleg kamskjelart som blir inntil 11 centimeter stor.

Sjøtemperaturen avgjer utbreiinga av arten; skjela døyr ut ved temperaturar høgare enn 13–15 ºC. Normalt er haneskjelet å finna i den nordlege delen av Atlanteren og i Barentshavet. I norske område veks det hovudsakleg i fjordar nord for Lofoten og ved Jan Mayen, Svalbard og Bjørnøya. I istida var haneskjel utbreidd også i Sør-Noreg. Det er desse istidsleivningane som har klora seg fast i Lindåsosane, på djup frå 20 meter og nedover, der temperaturen er låg nok, jamvel om sommaren.

  • Periphylla periphylla, sjølvlysande manet

Periphylla periphylla, sjølvlysande manet (Erling Svensen)

  • Nils Kvalvågnes og Ola R. Lygre på sildefiske i Lindåsosane

Nils Kvalvågnes og Ola R. Lygre på sildefiske i Lindåsosane. (Erlend Spurkeland)

  • Haneskjel

Haneskjel er ein nordleg kamskjelart som blir inntil 11 centimeter stor. (Stein Mortensen)

  • Jarms, G.; Båmstedt, U.; Tiemann, H.; Martinussen, M. B.; Fosså, J. H. 1999. The holopelagic life cycle of the deep-sea medusa Periphylla periphylla (Scyphozoa,Coronatae). Sarsia 84:55–65.
  • Lie, U.; Dahl, O. 1981. Lindåspollene — et naturlig forskningsakvarium. Naturen 3:99–112.