• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Storavatnet

SMÅLOM

Dei trolske lydane frå smålommen ber langt mellom fjella kring Storavatnet. Dei høge og såre skrika i stille maikveldar er teikn på at det er paringstid.

Hekkebestanden av smålom i Hordaland er truleg ikkje større enn 10–20 par. Fleire av dei finst på Osterøy, der dei hentar mykje av næringa si frå Storavatnet og andre fiskerike vatn i det store myrriket kring dette vatnet.

Det er godt med småaure og stingsild i desse vatna, som gir lommen stabil tilgang på mat. Ein vaksen fugl veg halvtanna kilo og treng mykje mat gjennom ein lang hekkesesong. Ein smålom som vart skoten på kysten - vinterstid, hadde 66 småsild av gjennomsnittslengd 8 centimeter i fordøyingssystemet. Slike storfiskarar trengst i Storavatnet – prøvefiske har vist at vatnet har ein tettare fiskebestand enn ynskjeleg, med mykje småfisk kring 100 gram. Fisket er fritt, også for menneske, som gjerne tek seg ut på vatnet i kano.

Smålommen hekkar ikkje i Storavatnet. Det ville ikkje ha vore mogleg, ettersom reguleringa senkar vatnet fleire meter i sommarhalvåret. Fuglearten er så baktung og klossete på landjorda at reiret må liggja heilt i vasskanten. Såleis finn lommen helst reirplass ved mindre og avsidesliggjande tjørner, der fuglane gjer lite av seg. Det er viktig, for i hekketida er arten særs sårbar.

Du kan sjå smålom i området heile tida frå april til september. Best er det seint på kvelden eller tidleg på morgonen, om våren og forsommaren. Og om du ikkje kan sjå han, høyrer du han gjerne. Mest låt er det i paringstida, men òg når den eine fuglen ligg på egg, held maken kontakt med kaklinga si. På avstand kan smålommen forvekslast med silanda, som det finst ein vesentleg større bestand av på Herlandsnesjane og ved Storavatnet. Er du tidleg oppe, vil du kunna høyra spelande orrfugl frå åsane kring Herlandsnesjane. Det finst òg storfugl i furuskogen, og jamt godt med nøtteskrike og kvitryggspett.