• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Otterstadstølen

DEN VESTLEGASTE NATURLEGE GRANSKOGEN I LANDET

Otterstadstølen ligg idyllisk til på ei lita grasslette omgitt av mykje skog, men også høgfjellet kjem tett innpå. Fjellsidene er bratte og typiske for denne delen av fylket. Det same kan ikkje seiast om skogen: Denne granskogen har fått utvikla seg fritt gjennom hundretals år. Elles i fylket er det berre Voss som har slik granskog.

Otterstadstølen,  også kalla Granheim, er ein av to stølar under garden Otterstad. Den andre er Leitet, som ligg lenger oppe i same dalen. Den naturlege granskogen på Otterstadstølen har ord på seg for å vera den vestlegaste i landet. Rett nok finst det naturleg frødd gran lenger vest, men desse tresamlingane er så små at dei ikkje kan reknast som skog. Ved Otterstadstølen veks grana frå 200 til 420 moh. Det finst gran høgare òg, helst som seintveksande låge tre og buskar. I dei bratte liene kring stølen er det tettvaksen skog med store tre. Somme av dei er kanskje så mykje som 150 år gamle. Rotvelter har skapt opningar som gir godt med lys og liv til skogbotnen.

I granskogen veks det helst bregnar og lyng. Dei fleste stader kan ein finna hengjeveng, fugletelg og blåbær. Store mengder med bjønnkam og smørtelg fortel oss at skogen høyrer til eit distrikt med fuktig kystklima. Det er ikkje berre på Vestlandet det veks granskog under slike klimatilhøve. Vi finn mykje granskog heilt ute ved kysten i delar av Trøndelag. I den trønderske granskogen veks det ei rekkje artar av lav som er bundne til kystgranskog. Enkelte av dei, groplav til dømes, veks på tynne greiner av gran også i skogen ved Otterstadstølen. I dette området finn vi altså artar som er sjeldne på Vestlandet, nettopp fordi det er så lite naturleg granskog i landsdelen.

Studiar av pollen nede i jordlaga tyder på at grana kom til Otterstadstølen for mindre enn 400 år sidan. Spora etter grana er yngre enn spora etter menneske i dette stølsområdet. Det er derfor nærliggjande å tenkja seg at skogen har opphav i menneskeleg aktivitet. Kanskje var det med vitende og vilje, men det kan òg ha skjedd ved at stølsfolket hadde med seg konglar, og at frø ramla ut og sådde seg sjølve. På den tida var det granskog på Voss, og mest sannsynleg er det denne som er opphavet til granskogen ved Otterstadstølen.

  • Hakkespett
  • Otterstadstølen

Hakkespettar

Dei store granskogområda austpå har eit anna dyreliv enn det vi til vanleg finn i granplantefelta på Vestlandet. I naturleg granskog er det fleire fellestrekk mellom Austlandet og Vestlandet. Eit godt døme er flaggspetten. Det er ein austleg art som er ein uvanleg hekkefugl hos oss. Men i daude og rotne trestubbar ved Otterstadstølen finn vi talrike spor etter flaggspett, og truleg òg etter andre, som kvitryggspett og gråspett. Også i den naturlege granskogen på Voss er det flaggspett.

 

I hekketida tek flaggspetten mykje borkbiller og larvar av trebukk. Seinhaustes og om vinteren er føda hans mest berre granfrø. I vintrar med svikt i granfrøproduksjonen austpå kan flaggspetten koma i store tal til Vestlandet, i von om betre matfat. Finn du «spettesmier» – der fuglane har montert konglene for å hakka ut frøa – er det eit prov på at flaggspetten har hatt tilhald i området ei tid.

  • Til skilnad frå plantegranskogen er den naturlege granskogen meir open. Derfor blir det òg grobotn for fleire planter i skogbotnen, slik som bregnar og blåbær

Til skilnad frå plantegranskogen er den naturlege granskogen meir open. Derfor blir det òg grobotn for fleire planter i skogbotnen, slik som bregnar og blåbær (biletet). (Helge Sunde)

  • Sauesanking ved Otterstadstølen

Sauesanking ved Otterstadstølen, Modalen. Bruken av dei store fjellområda har vore ein viktig del av hushaldet i desse bygdene. (Arent Greve)

  • Farestveit, O. (red.). Bygdebok for Modalen. Bd. II : 17–21. Modalen kommune.
  • Fægri, K. 1950. Omkring granens innvandring i Vest-Norge. Naturen 7.
  • Moe, D. 1990. Vegetasjonsendringer i Modalen gjennom 10.000 år. I: