Publisert: 28.10.2004 | Forfattar: Morten Hage, Bjørn Moe
Typisk landskap i Geitaknottane naturreservat – dammar mellom furuskog og bergnabbar. (Svein Nord)
NATURRESERVAT I VERDSKLASSE
Mange farande mellom Mundheim og Gjermundshamn lèt seg fengsla av det storfelte utsynet mot Øynefjorden, Varaldsøy og Folgefonna. Den karrige furuskogen i lia på oppsida av vegen er det få som ensar. Kven skulle tru at dette området husar sjeldsynte planter og dyr, skapningar som har hatt tilhald her i tusentals år.
Geitaknottane naturreservat vart oppretta i 1997 for å verna om unike biologiske verdiar. Størsteparten av det vel 14 km² store reservatet ligg i Kvinnherad, men Kvam og Fusa har òg hand om viktige delar av verneområdet. Det meste av arealet ligg på mellom 70 og 300 moh. I nordvest går det opp til 673 moh. på toppen av Horga.
Furuskog på steingrunn
Til lågland å vera er Geitaknottane eit uvanleg stort og urørt villmarksområde. Men så har det òg sparsamt med naturressursar som menneske kan gjera seg nytte av. Landskapet er dominert av berg og knausar, myrar og tjørner, dammar og pyttar. Naturforskarane lét seg lenge lura av det karrige førsteinntrykket. Dei eventyrlege verneverdiane vart ikkje oppdaga før på 1990-talet.
Furu er det treslaget som klarar seg best i reservatet, men ho må ofte ta til takke med å veksa rett i bergsprekkar eller på torvjord, for lausmassar er det lite av. Trea står spreidd og veksten går seint, dei krokforma trestammene blir sjeldan meir enn nokre få meter høge. Det blir ikkje mykje skog under desse tilhøva. Mange furutre er gamle fordi dei har fått veksa fritt i lang tid.
Venteleg ville eit så karrig og skogfattig område ha ein artsfattig flora, men det er langt frå tilfellet. I berggrunnen er det grønstein og grønskifer, som gir lite surt jordsmonn, og mange kravstore artar trivst svært så godt. I kløfter og bergskorer veks planter som er sjeldne, ikkje berre i dette distriktet, men i heile landet. Det er meir rikmyr på Geitaknottane enn nokon anna stad i fylket.
Stor salamander
Geitaknottane har den største førekomsten av stor salamander i landet, truleg òg i heile verda. Dette amfibiet har status som sjeldan og truga, men lever i ganske rikelege mengder i reservatet. For å finna svaret er det utført mykje forsking i området dei siste åra.
Storsalamanderen er registrert i meir enn 100 dammar og tjørner på Geitaknottane. Det finst truleg mange tusen individ, men bestanden varierer frå år til anna. I dei fleste tjørnene er vatnet mindre enn ein meter djupt. Det er lite vegetasjon i salamanderdammane. Typiske vassplanter er bukkeblad og nykkerose. Salamandrane overvintrar på land, men kjem til yngledammane om våren, i april–mai, for å feira «salamanderbryllaup». I dei beste dammane kan det då vera fleire hundre salamandrar. Det vanlege er likevel langt færre. I dammane blir dei verande til ut i juli–august.
Storsalamanderen stiller ikkje særleg strenge krav til vasskvaliteten, men vatnet må ikkje vera for surt. Helst skal vatnet òg vera relativt klårt. I Søraust-Noreg finst dette amfibiet som regel i næringsrike dammar og skogstjørner. I Trøndelag og på Vestlandet er det meir vanleg å treffa på han i myrdammar.
Hoa legg eitt og eitt egg på blada til vassplanter. Bladet brettar ho saman rundt egget for å verna det mot rovdyr. Etter 2–3 veker klekkjest egget, og ut kjem ein larve, som nærast er ein miniatyr av dei vaksne. Larvane et godt og veks heile sommaren fram til metamorfosen, eller forvandlinga, frå larve til vakse individ. Då går dei på land, og kjem normalt ikkje attende til dammen før dei er kjønnsmogne, det vil seia ved 3–5-årsalderen. Storsalamanderen kan bli opptil 15 år gammal.
Giftig
Salamanderen har eit variert kosthald, slik som små krepsdyr, insekt, vevkjerringar og makk. Han et det han får tak i, også sitt eige avkom, om det skulle by seg fram, både egg og larvar.
Egga og larvane av stor salamander er òg god næring for ei rekkje rovdyr, mellom anna fisk. Det er såleis svært viktig at det ikkje blir sett ut fisk der det finst salamandrar. Som vaksen derimot er salamanderen giftig, og har få naturlege fiendar. Det er ikkje farleg å ta i ein salamander, men ein bør vaska seg etterpå. Får du salamandergift i munnen, vil du i alle høve merka gifta. Ein engelsk naturforskar på 1800-talet ville testa dette. Ho beit varsamt i ein salamander, men fekk like etter store smerter i munnen, krampetrekningar, spyttsekresjon og kraftig hovudverk, som varte i fleire timar.
Eit nasjonalt ansvar
Storsalamanderen er utbreidd over det meste av Europa, frå Storbritannia og Frankrike, gjennom Sentral-Europa og aust til Ural. I Noreg lever han i tre skilde område: i Søraust-Noreg, i Trøndelag og på Vestlandet mellom Haugesund og Bergen. Forutan på Geitaknottane kjenner vi fleire mindre lokalitetar i Hardanger. Han er dessutan påvist i Samnanger, Os, Bergen, Sveio og Etne. I Noreg lever òg småsalamanderen, men han er ikkje naturleg utbreidd i Hordaland. I ein dam i hagen til Svein Hovland i Øystese finst dei einaste frittlevande individa i fylket. Dei kom hit saman med nokre vassplanter, men har greidd seg på eiga hand i fleire tiår.
Trugsmåla mot storsalamanderen er øydelegging av leveområda ved attfylling og drenering av dammar, utsetjing av fisk og ureining. Arten er totalfreda i medhald av viltlova, og etter internasjonale avtaler har Noreg eit særskilt ansvar. Geitaknottane er det første området i Noreg som er verna spesielt for å ta vare på stor salamander. Det er sjølvsagt forbode å ta salamandrar ut av reservatet. Dammane der salamandrane held seg på våren og sommaren, ligg på til dels svært fuktige myrar, som ikkje toler for mykje trakk.
Flyfoto av delar av Geitaknottane naturreservat i grenseområda mellom Kvam og Kvinnherad. Vestrevika nede til høgre. (Blom Norkart Mapping)
Den karrige utmarka i Geitaknottane har mange dammar og små tjørner som har vore lite påverka opp gjennom åra. Såleis er det ikkje sett ut fisk her –dermed er det rom for ein uvanleg førekomst av den sjeldne storsalamanderen. (Jan Rabben)
Kongsbregne
På Geitaknottane, i område som ligg i Kvam og Fusa kommune, veks den vakre, meterhøge kongsbregnen. Denne svært sjeldne planta veks der det er fuktig gjennom mesteparten av sommaren.Typiske tilhaldsstader er bekkekløfter og kanten av myrar, gjerne inntil loddrette bergvegger. Slike berg utstrålar opplagra varme, lokalklimaet er derfor gunstig og lunt. Planta krev relativt høge temperaturar om sommaren, og toler ikkje frost tidleg om hausten. Kongsbregne finst berre to andre stader i Noreg, ved Kristiansand og i Ytre Sogn. Men planta var vanlegare før: Sporar av kongsbregne er funne i fleire myrar på Sør- og Vestlandet der planta ikkje veks i dag. Ved hjelp av pollenanalyse er det stadfesta at kongsbregne hadde ei langt vidare utbreiing under varmetida som sette inn då istida var slutt. Truleg har ho vakse på Geitaknottane i om lag 8000 år.
Det er neppe tilfeldig at kongsbregne og storsalamanderen held til i det same området. Dei kan ha vandra inn på same tid, då klimaet var varmare. Sidan dei begge finst i store tal, og leveområdet har vore uforstyrra i tusenvis av år, har dei klart å halda seg her sjølv om klimaet er mindre gunstig no enn tidlegare. Varmetidsrelikt er namnet på slike fenomen.
- Hobæk, A.; Hage, M.; Solhøy, T.; Myklebust, O. A. 2000. Vannkvalitet og stor salamander i Geitaknottane naturreservat, Hordaland. NIVA rapport 4261.
- Moe, B. 1995. En botanisk vurdering av Geitaknottheiane: vegetasjon, flora, og verneverdi. Fylkesmannen i Hordaland. MVA-rapport 3.
- Moe, B.; Sætersdal, M. 1995. Kongsbregne, Osmunda regalis, bregnen som har ført en bortgjemt tilværelse i Hordaland. Blyttia 52:177–189.
- Prøsch-Danielsen, L. 1984. En paleoøkologisk studie av Osmunda regalis L.-lokaliteten i Kvam, Hordaland. Hovedf. oppg. UiB. Botanisk institutt.