• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skårsvatnet

GULLVEDERBUKEN I SKÅRSVATNET

I september 1901 kom ei last med gullvederbuk frå Preussen til Bergen for å bli sett ut i Nygårdsparken. Ein av initiativtakarane var den kjende lækjaren Klaus Hanssen. Tretten år seinare vart Hanssen bodsend. Ville han koma til Øystese for å hjelpa distriktslækjar Peter Munch Søergaard i arbeidet mot tuberkulose i bygda? Hanssen reiste – og med seg i bagasjen hadde han levande «gullfisk» frå Nygårdsparken.

Mellom gullfiskane var gullvederbuk, i tillegg til karuss og kanskje òg karpe. Dei vart sette ut i Skårsvatnet. Bestanden av gullvederbuk treivst lenge godt i vatnet. Fisken stod tett og var av ulik storleik. Utover 1980-talet la folk merke til at det vart fleire av den mørke, vanlege typen vederbuk,som er ei krysning med opphav i gullvederbuk. Etter kvart observerte ein berre store fiskar av den gullfarga typen, og ein fekk mistanke om at gullvederbuken ikkje lenger formeira seg i Skårsvatnet.

Ein student ved Universitetet i Bergen sette i gang eit hovudfagsarbeid i vatnet, og kunne avsløra at den sannsynlege årsaka til endringa i gullvederbukbestanden var stingsilda. Denne fisken – innført til vatnet i 1967 – åt opp egg og larvar. Det viste seg at larvar av gullvederbuk var meir ettertrakta enn larvar av den mørke typen vederbuk. Som følgje av desse granskingane vart gullvederbuk klekte ut og fôra opp i kar der dei var verna mot stingsild. Då dei var så store at stingsilda ikkje kunne skada dei, vart vederbukane sleppte ut i Skårsvatnet. Det er von om at dette tiltaket skal berga rekrutteringa av denne spesielle fiskebestanden.

  • Nicolaisen, O. 1996. Natural selection and subsequent evolution in a population of golden ide (Leucidus idus) following the introduction of three-spined sticklebacks. Hovedfagsoppgave ved Zool. Inst., UiB.
  • Soldal, J.; Soldal, O. 1976. Karuss (Carassius carassius L.), gullvederbuk (Leuciscus idus L.) og aure (Salmo trutta L.) i Skårsvatnet. Hovudoppgåve ved Institutt for naturforvaltning, Norges Landbrukshøgskole, Ås.