• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fleischers Hotell, Voss i 1928

Fleischers Hotell kan føra soga si tilbake til 1865, då internasjonal turisme var byrja å gjera seg gjeldande i bygda. Det noverande huset i sveitserstil vart bygt i 1889. I over hundre år har det teke imot gjester frå alle kantar av verda. Fleischerfamilien, som eig hotellet, er også eigarar av Grovendal, grannegarden ved Vangsvatnet. J.S. Fleischer vart utnemnd til sorenskrivar i Hardanger og Voss i 1733. Han kjøpte Grovendal i 1760 og flytte til Voss nokre år etter. Seinare overtok Fleischerfamilien den eigedommen der hotellet vart bygt. Det er i dag eitt av dei få attverande store turisthotella i sveitserstil, og framleis i full drift.

Gjestgjevarstaden på Vangen

  • Grovendal

Grovendal slik det står i dag (Svein Nord).