• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det samanbygde anlegget på Hopland, Austrheim

Det samanbygde anlegget på Hopland (Svein Nord).

Gardshusa på bruk nr. 15 på Hopland er bygde i hop til ein lang samanhengande bygning, med stovehus, løe og flor liggjande på rekkje. Det har funnest mange slike samanbygde anlegg i kystbygdene, men i dag er det få att av dei. Kjem vi over til den andre sida av Nordsjøen, til Færøyane, Shetland og Orknøyane, finn vi tilsvarande trekk i den eldre byggjeskikken. Vi er i eit stort nordatlantisk kulturområde.

Stovehuset, bygt i 1851, er ei lemstove med kjøkken og gang i midten og ei steinmurt skykkje i den sørvestre gavlen. Den grindbygde løa ligg innanfor ein stor gråsteinsmur mot sørvest, mot slag­regnet og dei harde vinterstormane. Den tømra floren står inne i løa, og på austsida er det ei langsgåande sval mellom stavrekkja og ytterveggene. Det er interessant å kunna konstatera slektskapen i bygningsformer på gardane i det treberre kystlandskapet på begge sider av Nordsjøen. Bruken av stein er naturleg nok enno meir utbreidd på Shetland enn på den norske vestkysten, men den same form for økonomisering med ressursane finn vi både i kystbygdene på Vestlandet og på Vesterhavs-øyane.

  • Flintskår

Flintofferet frå Hopland