• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det bølgjande bakkelandskapet på Nøttveit er enno eit jordbrukslandskap, og vi kan følgja jordbrukarane i mange generasjonar bakover

Det bølgjande bakkelandskapet på Nøttveit er enno eit jordbrukslandskap, og vi kan følgja jordbrukarane i mange generasjonar bakover. Men i vår tid kryp krattskogen mange andre stader inn over bøar som ikkje lenger blir slått og beita. (Svein Nord)

For eit par tusen år sidan måtte Radøyskogen vika for eit ope, menneskeskapt landskap av lyngheier og graskledde bøar. Skogen vart brend og rydda, og røsslyngen tok over. Det siste hundreåret har menneskehanda igjen sytt for at naturen skifter karakter. Ingen annan kommune i fylket er så prega av granplanting som Radøy.

Eit par toppar over 200 m i søraust, mot Mangersfjorden, skil seg ut i det flate landskapet. Overgangen mellom den låge strandflata i nordvest og åsane lenger aust viser att som ein markert knekk i terrenget. Frå Nøttveitveten, eit av dei beste utsiktspunkta i denne delen av fylket, er det lett å sjå denne knekken.

Radøy kommune, som i dag omfattar nærare 300 øyar og holmar, var i tidleg mellomalder eiga skipreide, Rad eller Raden, slik dette området også var organisert på 1600-talet. I skipreida hadde bøndene ansvaret for å halda veten i stand, som ein del av varslinga av ufred i landet, i tillegg til å rusta ut – reida ut – eit 24 sessar leidangsskip til kongens flåte. Det fortel litt om velstand og gode jordbruksbygder på denne lange øya, som i mellomalderen vart delt i tre kyrkjesokn: Sæbø, Manger og Hordabø. Etter svartedauden vart desse tre kyrkjesoknene slegne saman med Herdla til eitt prestegjeld – Manger – som ved innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837 vart til Manger herad. Dette stod ved lag til 1871, då Herdla vart skild ut som eigen kommune. Denne omfatta Herdla og nordre del av Askøya, nordre del av Holsnøya og søre del av Øygarden.

I 1924 vart Sæbø i sør og Hordabø i nord eigne kommunar. Sletta høyrde til Lindås og Straume til Austrheim. Dei tre kommunane på Radøya stod ved lag fram til 1964. Då vart nesten heile øya ein eigen kommune, med Manger som sentrum.

Mangeritt

Nord på Radøy er det lange dalar og parallelle, tronge sund som strekkjer seg mot havet i nordvest. Fordjupingane er danna ved isens graving i dei steiltståande berglaga, mest i dei veike og mindre i dei harde laga. Der det ikkje ligg lange og smale vatn i dalbotnane, renn stiltflytande, små elvar. Dei fleste vatna er næringsfattige, men der det er grunt, er det frodig vegetasjon langs kantane.

Mangeritt har sett Manger-området på det geologiske verdskartet. Dei kolleliknande åsane og låge fjella ved Manger er samansett av denne motstandsdyktige djupbergarten. Den massive mangeritten gjer at dei avlange draga i landskapet som elles er så typisk på øya her merkjer seg mindre ut. Mellom høgdeområda er det dalar der fjellet vart omdanna til gneis og oppbrote under den kaledonske fjellkjedefaldinga. Dalsøkket mot nordaust frå Mangersvågen er gravd ut langs ei slik brotsone. Somme stader langs dette dalsøkket kan ein sjå oppknust berg. Det knuste berget vitnar om urolege tider med forkastingsrørsle og jordskjelv som ein gong rista Radøy.

Mangeritt er berre ein bergart i eit stort spekter av djupbergartar som rår grunnen i kommunen. Til liks med nabokommunane er Radøy i stor grad påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Urberg, ein milliard år eller eldre, vart ført austover då Vest-Noreg og Grønland kolliderte. Urberget hadde lege djupt nede i jordskorpa og vart kraftig omdanna før det dukka opp til overflata på Radøy.

Radøy har namn etter moreneryggane, ”rader”, heilt vest i kommunen. Morenejorda har gitt gode tilhøve for gardsdrift i dette området. Lausmassane vart avsette då breisen rykte fram for om lag 11 800 år sidan og la igjen den såkalla Herdlamorenen. Denne endemorenen dukkar opp til overflata på Toska og Floni og held fram til Vågenes, der steingardane er murte av morenestein. Vidare langs riksvegen, like til Rossneset, ligg gardsbruk på rad og rekkje på morenejord og marine avsetjingar frå denne tida. Også forvitringsjord har skapt grunnlag for gardsdrift på Radøy. Særleg på strekninga frå Nesbø-Sletta og heilt til Nordanger og Mjøs ligg det god forvitringsjord oppå gneisane. På den jamne strandflata nord på øya er det hovudsakleg myrjord.

Det låge landskapet gjer at det ikkje er så store skilnader i klima innan kommunen. I sør, mot Radfjorden, som ligg mest i ly for kald vind frå nordvest, kan dagtemperaturen vår og sommar verta etter måten høg. Om kvelden og natta stilnar gjerne vinden av. Då kan det om hausten lett bli tidleg nattefrost i flate område eit stykke inn frå sjøen. I hovudsak har Radøy eit mildt klima, med tidleg vår og tilhøyrande lang vekstsesong. Dei første plantane som kjem er kvitveis og vårkål. Når engkarsen blømer i midten av mai, er bøane på den frodige øya nærast lyseblå.

Myr og granplanting

Sidan store delar av Radøy er heller flatt lende, har øya også nokre av dei største myrane i Nordhordland. Dei er likevel å rekna som restar av eit landskap som var mykje meir utbreidd før. Myrane breidde seg ut over då skogen forsvann i samband med landnåm og nyrydding, men minka i periodar med folkeauke og stort uttak av torv. På 1900-talet vart store myrareal grøfta og tilplanta.

På Manger vart det for over 100 år sidan planta ut bøk. Plantefeltet har blitt til ein fin skog som no formeirer seg naturleg. Men det er dei utplanta barskogane, med sitkagran som den vanlegaste sorten, som gjer mest av seg. I høve til arealet er det ingen annan kommune som har så mye plantet granskog som Radøy. Mange stader har ikkje trea vore tynna ut - der har jamvel hjorten vanskeleg for å ta seg fram. Kommunen har likevel nok beite til fylkets tettaste hjortestamme, etter ein voldsom tilvekst sidan 1960-talet.

Det næringsrike Hallandsvatnet er det mest kjende fiskevatnet, med utsett regnbogeaure og gjedde. Gjedda vart opphavleg sett ut på midten av 1800-talet. Den største gjedda som er fiska i Hallandsvatnet var på 16 kg. Kystvassdraga har mange fiskerike vatn, og det er oppgang av sjøaure i nokre av elvane. Fleire av vassdraga har tidvis vore plaga av avrenning frå landbruket ettersom vassmengdene ikkje er særleg store og vassutskiftinga tek si tid i det flate lendet.

På gull grunn to svarte årekeipar

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 14.6.1991 og er teikna av Even Jarl Skoglund. Motivet framstiller årekeipane frå båtfunnet på Mangersnes, eit av Norges eldste funn av småbåtar. Keipane er daterte til 30 f. Kr.- 250 e. Kr og 560-670 e. Kr. Det kan tyde på at det har vore båtbyggjarverksemd her over ein lang tidsperiode.

valknute

Radøy, Radøyni om øya, hadde i gno. forma Rað, som tyder «ra, grusrygg». Førsteleddet i Kolås er ikkje kol til å brenna, men eldre kola «lufting, blast». Sylta, Utsylta og Innsylta - sjå forklåring under Fjell. Taule, i samansetningane Frotaule (Nordtaule) og Brattaule (Sørtaule), heng saman med gno. þaul «noko innvikla», her om den innestengde vågen ved grenda. Førsteleddet Fro- er uforklart. Skaråsmyra er derimot lett å forstå. Sisteleddet i Manger er gno. angr «trong vik, fjord», førsteleddet kanskje gno. már «måse». Fosnstraumen inneheld gno, fólgsn «gøymestad, noko avgøymt», same som Fosen i Trøndelag. Den langstrekte øya Toska kan ha namn etter fisken, ut frå ei samanlikning.

  • Radøy
  • Steingardane på Vågenes

Radøy (ra = grusrygg) har namn etter moreneryggene vest i kommunen (grøne felt på kartet), ein del av Herdlamorenen. (Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

 

Steingardane på Vågenes har avrunda steinar som vart rydda frå den store morenen som kryssar Radøy. (Svein Nord)

 

  • Manger prestegard

Prest og naturforskar

Ein av dei store pionerane i norsk marinbiologi, Michael Sars (1805-1869) var i fleire år prest på Manger. Michael Sars og sonen Georg Ossian Sars vert rekna som banebrytande i moderne havforsking. Mellom anna gjorde Michael Sars Charles Darwins storverk ”Artenes Oprindelse” kjend her i landet.

 

Michael Sars tok prestekallet i Manger for å koma så nær sjøen som mogleg. På vitjing hos sokneborna på øyane nytta han høvet til å hengja planktonhåven etter prestebåten. For Sars var det nok meir spanande å sokna etter mystiske sjødyr enn å følgja opp kyrkjelyden. Det vert sagt at han ein gong gløymde av ei preike med barnedåp, men vart observert av dåpsfølgjet då dei noko gretne drog heim att med uforretta sak. Då låg presten med båten ved Harkestadlandet i Øygarden og skrapte opp sjøpølser frå havbotnen.

  • Elevar og lærarar (lærar Hole står til venstre) på Risnes skule

Jorda nord på Radøy er godt eigna til grønsakdyrking. Biletet frå 1920–30-talet viser elevar og lærarar (lærar Hole står til venstre) på Risnes skule. Dei viser stolt fram dei små parsellane elevane fekk dyrka grønsaker i. (Radøy kommune,cd 1690–0054)

  • Af Bergens Stift i Mangers Præstegield

Fiskaren med fiskesula, «Af Bergens Stift i Mangers Præstegield», slik Jørgen Garnaas framstilte han på 1700-talet, er ein typisk representant for fiskarbonden på vestk ysten. Heilt frå dei første hundreåra e.Kr. er det jordbruket og heimefisket som har vore næringsgrunnlaget. (Foto: Svein Skare)

  • Restaurerte kvernhus på Villanger

Restaurerte kvernhus på Villanger. Det eldste huset er frå ca. 1795, det nyaste frå 1910 (Svein Nord)

  • Rome

Radøy har mange store myrar, og romen veks på dei fleste. (Bjørn Moe)

  • Overvoll, O.; Wiers, T.  (under arbeid). Viltet i Radøy. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Radøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Solemdal, P. 1994. Sarsene – norske europeere. Årbok for Vågan. Vågan Historielag.