• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gardane på Toska ligg på morenejord frå Herdlamorenen

Gardane på Toska ligg på morenejord frå Herdlamorenen. Utanfor ligg store myr- og lyngheiområde. (Helge Sunde)

BRENSEL OG BEITE

Torvmyrane på Toska vart skorne fram til 1946, då øya fekk elektrisitet. I det skoglause kystlandskapet var torv den viktigaste energikjelda, og det gjekk hardt ut over myrane.

Før det store torvuttaket var myrane på Toska langt større og mykje djupare enn dei restane som er att i dag. Mange stader stikk det opp trestubbar. I ei av myrane vart det funne ei 15 meter lang eikestamme, som eit minne frå fleire tusen år attende, då kysten var skogkledd.

Men utmarka var meir enn brensel: Fram til kring 1950 var lyngheiane på Toska beiteland for sauer og kyr. For at lyngen skulle ha verdi som beite og ikkje få for mykje ved, måtte han sviast av år om anna; kvart femte år var rekna som høveleg. Skogen fekk då aldri sjanse til å veksa opp.

No rykkjer tre og buskar fram. Det er for få sauer att til å halda dei nede, og det er slutt på den regelmessige sviinga av lyng. På folkelause Uttoska er beitelandet halde i hevd av utegangarsauer. Uttoska har ei av dei største samanhengande lyngheiane i Hordaland, frie og opne med mykje myr og bergknausar. Røsslyngen dominerer, men det veks òg litt purpurlyng her, spesielt der sola tek godt. Også på Toska er det framleis fine lyngheiar. Men sjå opp for hoggormen, han er ikkje uvanleg.

Bortetter knausane og i fjøra sit gråmåse og svartbak og speidar etter mat. Makrellterner patruljerer stranda etter småfisk som har teke seg for lite vatn over hovudet. Tjelden gjer som vanleg mykje av seg. Inne på øya er storspoven typisk. Den aller vanlegaste fuglen er likevel heipiplerka. Gråbrun og stripete, utan særlege kjenneteikn, er ho lett å forveksla med bergirisk og tornirisk; dei finst alle på Uttoska. I trekktidene rastar det stundom gås i heia, og fleire ulike vadefuglar er på gjesting. I kulturlandskapet kring gardane på Toska beitar flokkar med heilo og brushane på den dyrka marka, særleg i trekktidene.

Sjøområda kring Toska er grunne og rike på småfisk. Det har gitt grunnlag for ein uvanleg god hekkebestand av siland, som er lette å sjå, til dømes frå vegen ut til øya. Mange gråhegrar brukar òg dette matfatet. Hekkestaden for gråhegrane er eit tett granplantefelt på Vidholmen utanfor Mangersøya. Ved Kjevatnet på Radøy-sida hekkar både krikkand og sivsongar.

Toska fekk vegsamband med Radøy i 1989, lange steinfyllingar gjennom grunne og straumrike sund, på tvers av naturen, men med lettare tilkomst enn før. No bur det om lag 40 menneske på øya.

  • titanittkrystall, funnen på Toska.

Krystallar frå Toska

Biletet viser Noregs finaste titanittkrystall, funnen på Toska. Titanittkrystallen, som er uvanleg stor og klår, er vist på store mineralutstillingar kringom i verda. Namnet kjem av det greske ordet for kile, som viser til krystallforma. Titanitt blir brukt til framstilling av fargepigmentet titanoksid. Prøven er utstilt i Bergen Museum, De naturhistoriske samlinger. Der er det òg utstilt ein meterstor bergkrystall frå Toska.

  • Heipiplerke

Heipiplerke, lyngheifuglen framfor nokon. (Ingvar Grastveit)