• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Språket tek form i dagleglivet ute i det store «språklaboratoriet»

Språket tek form i dagleglivet ute i det store «språklaboratoriet» (Viggo Agdestein).

Språket fortel om både sosial avstand og menneskeleg kontakt – på fleire vis. Dialektane viser kva folk som har hatt samband seg imellom gjennom tidene, for folk med hopehav og samkjensle utviklar felles språk. Difor fortel dialektgeografien om kulturhistoria vår – med vitnemål frå eldste busetnadstida til folkeflyttingane først på dette hundretalet, då dei nye industristadene vart bygde. Likskapar og skilnader i hordamåla kan altså tolkast som vitnemål om kontakt innanfor fylket og kommunikasjonsvegar med område utanfor Hordaland. Bergen bymål er særmerkt med å visa internasjonale kontaktar heilt tilbake i mellomalderen og hansatida. Internasjonal er òg den såkalla skarre-r-en. Det er påstått at han har sitt opphav i ein talefeil hjå ein fransk konge. Frå hoffet i Paris spreidde han seg med dei internasjonale kommunikasjonslinjene til København på 1700-talet, og litt seinare til Bergen. Den raske spreiinga av skarre-r i dag i Hordaland er eit uttrykk for korleis kontaktane og kommunikasjonslinjene går i vår tid.

Fire hordamål

Det kan vera naturleg å skilja ut fire dialektar i Hordaland. Nokre av kontrastane mellom dei fire hordamåla kan komprimerast slik: Snurparana kunne ikkje fidna sillæ (nordhordlansk). Snurparane konde ikkje finna sildæ (vossa og hardingmål). Snurparadne konde ikkje finna sildo (sunnhordlandsk). Snurparene kunne ikkje finne si’l (bergensk).

Endåtil i ei så kort setning ser vi at skilnadene faktisk kan vera nokså store – innanfor eit relativt lite geografisk område. Ettersom likskapar og forskjellar i språket gjerne avspeglar kulturelt hopehav – eller mangel på hopehav – kan språket indirekte fortelja oss noko om kor godt sambandet har vore mellom dei ulike delane av fylket fram gjennom tidene. Det er òg klart ut ifrå det vi veit om språkhistoria vår, at neppe nokon av desse forskjellane er eldre enn 700 år. Det som er likt, kan derimot vera eldre. No skal vi ikkje overdriva ulikskapane, sjølv om det er dei ein lett blir merksam på ved eit nærstudium. Vi skal fort sjå at dialektane likevel er i nær slekt.

Sams drag for hordamåla

Problemet med å kalla bergensk for «hordamål», skal vi ta opp seinare. For bygdemåla i Hordaland reknar vi a-målet som det viktigaste sams draget, det vil seia at infinitivar og svake hokjønnsord (i ubestemt form eintal) endar på a, slik at det heiter både å visa og ei visa. Dette er eit sørvestlandsk drag, og vi finn det frå Sogn i nord til Lista i sør.

Over heile fylket har ein i fleire hundreår hatt former som fjèdl, kadla, bjødn og kådn. Her er det i det første tilfellet eldre ll, altså ein lang l, som er gått over til to lydar: dl. I det andre tilfellet er det eldre konsonantsambandet rn blitt endra til dn. Desse to lydutviklingane dekkjer størstedelen av det sørvestlandske området. Mens a-målet var eit «opphavleg» drag frå gammalnorsk tid, har vi her altså òg to «nye» drag som vitnar om ein gammal fellesskap innanfor eit større sørvestlandsk område. Utviklinga frå rn til dn finn vi dessutan i dei tilgrensande fjellbygdene i Valdres og Hallingdal, som i si tid faktisk låg under Gulatinget. Både dei sams språkdraga og denne gamle juridiske grensa må vi rekna med kjem av eit tett kulturelt samband.

Samlande kan vi seia at pronomenet me er òg; men her gjeld det same som ovanfor, at dette særdraget omfattar eit mykje større område enn berre dette fylket. Det meste av vestlandsk og dølemåla har denne pronomenforma. (Unnataka med vi skal vi nemna: Bergen, Rosendal med grannebygder, Askøy og dels Sotra.)

«Aokans baot og dekans aora»

Ulike vokalar

Det første vi kanskje legg merke til når vi høyrer folk frå dei ymse bygdene, er dei skiftande diftongane. Diftongane ei og øy, som vi kjenner ifrå skriftmålet, vert på Voss og i Hardanger uttala som ai og åy: bain og håy. Men dei same to områda har òg diftong der andre har monoftongen å, som i t.d. baot: «Aokans baot og dekans aora» (vår båt og dykkar årar). Desse diftongane er truleg særmerket framom noko anna på vossingar og hardingar, men òg på sogningar!

Dialektane i Hardanger og på Voss er svært like, slik at vi godt kan rekna desse to dialektområda som eitt. Særleg har Indre Hardanger fleire særdrag saman med Voss. Det gjeld slikt som «vossa-oen», denne særmerkte vokalen som blir hengd atti adjektiv og presens av sterke verb, og dessutan vert brukt som ending i fleirtal (ubestemt form) av svake hokjønnsord: jildo, kjemmo, jento(r) osv.

Ein slik ekstravokal til slutt i adjektiv og presens av sterke verb (og verb av telja-klassen) finn ein over det meste av Vestlandet. Det vanlege utanfor Voss og Indre Hardanger er endevokalen e, altså t.d. jilde og kjemme. Men Nordhordland vik her heilt av ved at desse orda ikkje har noka ending, dermed heiter det der kort og godt jill og kjemm.

Skiljet mellom hordamåla viser samband utover

Ulike konsonantar

I eksempelet jill ser vi samtidig eit anna særdrag ved målet i Nordhordland: Det har såkalla assimilasjon av ld og nd, det vil seia at uttalen av «sild» og «sand» er sill og sann. Desse assimilasjonane har også bergensk. Elles i Hordaland og på Vestlandet rår ein uassimilert uttale.

Nordhordland skil seg kanskje mest ut nettopp i behandlinga av konsonantane. Mens heile fylket har fått dl for ll, har ein mindre del av nordhordlansk også dl for eldre ld, det vil seia at ld så tidleg gjekk over til ll. Dermed finn ein i slike dialektar former som både kvèdl og fjèdl. Andre stader i Nordhordland heiter det kvèll og fjèdl, og elles i fylket lyder formene altså kvèld og fjèdl.

Eit parallelt særdrag med «kraftsentrum» i Nordhordland er utviklinga av nn til dn og mm til bm: kudna for «kunna» og kåbma for «komma», osv. Slike former kan vi òg finna i stordelen av Sunnhordland.

Vi kan nemna endå eit drag som skil mellom bygdemåla, men ikkje så klart mellom dei tradisjonelle regionane. Sunnhordland og Hardanger har vn der nynorsk har mn: navn, havn osv. I vossamålet finn vi òg dette i dag, men i gammalt vossamål fanst uttalen med bn: nabn, habn. Det viste slektskap med sognemålet, noko som ikkje var unaturleg geografisk sett. I Nordhordland har bn-uttalen truleg stått endå sterkare, men i yngre mål ser han ut til å vika for ein uttale med mn: namn, hamn osv. Dette siste draget peikar nordover til dialektane i Ytre Sogn og i Fjordane, det vil seia kystområda nordanfor.

«Hestana og visena»

Ulike endingar

Eit anna «ytre fenomen» er -a som sluttvokal i bestemt form fleirtal av både han- og hokjønnsord. I søre kystdelen av Nordhordland og nørdre kystdelen av Sunnhordland, t.d. Sotra og Austevoll, seier ein hestana og visena. Elles i Nordhordland er endingane -ane og -ena, det vil seia at den første vokalen bestemmer den siste. På Voss er systemet meir innfløkt, som vi kan sjå av former som hestane, sekkjene, solena, myrane, visona. Her ser vi at endinga i hankjønnsorda alltid sluttar på -e.

Endå fleire endingsvariantar møter vi i Sunnhordland. I søre delen heiter det hestadne, sekkjedne osv. Overgangen til dn har desse bygdene felles med dialektane i Ryfylke. Men mest utbreidd i Sunnhordland er det systemet vi finn i skriftmålet, nemleg -ane og -ene.

Vi ser altså stadig korleis fylkesgrensa ikkje alltid fell saman med dialektgrensene. Sambandet med Ryfylke har tydeleg vore godt i lang tid. Det er nok bakgrunnen for at endinga -å i hokjønnsord i dag spreier seg stadig lenger nordover i Sunnhordland. Der har alle hokjønnsord same ending i bestemt form eintal, nemleg -o (men i søre delen altså -å): solo, bokjo, viso. I resten av fylket er hokjønnsorda delte slik at dei sterke får -æ og dei svake får -o: solæ, bokjæ, men viso. (Sterke er altså dei som ikkje har ending i ubestemt form: sol, bok osv.)

Vi skal ikkje gå lenger i å stykkja opp fylket; hadde vi plass, kunne det vera mogleg å finna dialektskilje mellom dei fleste bygder. Men det har alt kome fram at noko av det som skil mellom hordalandsbygdene, viser gammalt samband med bygder utanfor fylkesgrensene. Innanfor fylket kan språket visa ei naturleg grovdeling i tre område: Nordhordland, Sunnhordland og Voss med Hardanger. I Hardanger har nok fjorden verka til å binda saman bygdene på kvar side. Men utetter fjorden blir forskjellane større, og der går vi òg over til sunnhordlandsmål. Sambandet mellom kystbygdene har sjølvsagt vore stort på grunn av fisket. Det har nok gjort sitt til at skiljet ikkje er så skarpt mellom sunnhordlansk og nordhordlansk.

Bergensk

Skulle vi gå beint fram etter språklege kriterium, kunne vi ikkje kalla bergensk eit hordamål. Bergensk er eit e-mål, mens bygdemåla i Hordaland er a-mål. I Bergen heiter det altså «å vise» og «en vise». Dette draget må vi til Nordvestlandet for å finna att, og vi skal ikkje sjå bort ifrå at sterk tilflytting derifrå kan vera noko av forklaringa til dette fenomenet.

Mange har pønska på opphavet åt bergensmålet. Dei spesielle særdraga viser til eit gammalt opphav, og det er nok klårt at det i Bergen har utvikla seg eit bymål alt i mellomalderen. Byen er grunnlagd på nordhordlansk jord, og det er mogleg å tolka einskilde språkuttrykk i bergensk som opphavleg nordhordlandske. Det gjeld kanskje assimilasjonane frå ld til ll og frå nd til nn. Men elles viser jo dette bymålet fellesdrag med alle bygdemåla ikring, t.d. i ord som eg, meg, nåkke, mykkje, ikkje, vatn, båtn osv.

Det bergenske hovudkjennemerket, «felleskjønn», har kanskje utvikla seg i mellomalderen, det vil seia at bøyinga av han- og hokjønnsorda har falle saman til éi bøying: en sak – saken går altså som en labb – labben. Språkleg sett kunne dette lettast skje så tidleg som i mellomalderen. Dessutan er det enklast å forstå ei så grunnleggjande endring ut ifrå ei svært sterk folketilflytting, og helst av utlendingar med eit anna språk. Or eit miljø med mykje språkblanding veit vi at det kan veksa fram dialektar med ein del grammatiske forenklingar. Det er dette som truleg har skjedd med den bergenske substantivbøyinga. Bergensk er åleine i Noreg om denne utviklinga.

Kanskje dei særprega fortidsformene i verba av kastaklassen er like gamle: kastet, har kastet osv. I bergensk er denne endinga ei heimleg utvikling i dialektane og ikkje ei normering etter skriftmålet bokmål.

Utviklinga i dag

Det er neppe mykje gale gissa om ein seier at skarre-r-en kom inn i bergensk kring 1800. Fullt gjennomført var sjølvsagt ikkje ein slik ny lyd før det hadde gått fleire generasjonar. Men bergensk var først ute. Deretter kom Odda og Sørfjorden; der rådde skarre-r-en alt kring 1900. Dette året skriv legen Christian Vidsteen at denne r-en òg har smitta innbyggjarane på Leirvik på Stord: «Ved Smitte fra de om Sommeren talrige Byfolk har formodentlig ogsaa den hele opvoksende Ungdom paa Strandstedet Lervik paa Stord nu faaet det samme skurrende r, – ofte til Forældrenes store Misnøie.» I dag har skarre-r-en nådd heile Sunnhordland og Hardanger i den yngre generasjonen. Voss er òg for ein del «infisert». Lengst motstand viste Nordhordland, men i dag ser vi at frontlinja er broten der òg. Det er ikkje dristig å hevda at denne r-en vil sigra i heile fylket om èin eller to generasjonar.

I dette hundreåret har det vakse fram fleire tettstader, dei eldste på industri og turisme, dei yngste på administrasjon. Når folkeauken er rask og stor, blir slike nye tettstader spennande drivhus for nye dialektar. Og den nye dialekten i ein tettstad er viktig om vi ønskjer å sjå inn i framtida, for desse stadene fungerer som sentrum i sine regionar, og sentrumsdialekten ser vi har stor påverknad på dialektane ikring.

Vi kan tvillaust seia at a-endinga i infinitiv og svake hokjønnsord er av dei særdraga som vil halda seg mest stabile. Ordformer med dn og dl vik derimot lett plassen for former med rn og ll.

Brukar vi Odda som utgangspunkt for Hardanger, må vi tru at diftongen ao vil forsvinna, derimot vil ai, åy og den delte bøyinga i sterke og svake hokjønnsord halda seg, kanskje med endingane -a og -o: sola, viso. Sunnhordlandske tettstader fortel at presens av sterke verb vil missa vokalskiftet frå infinitiv, slik at ein får bøyingar som å såva – såve for eldre å såva – søve osv. På Voss forsvinn truleg òg diftongen ao, sameleis endingsvokalen -o i presens av sterke verb og i adjektiv, slik at desse formene kjem til å lyda som i nordhordlansk: kjèmm, søv, kvit, jild osv.

Desse nye utviklingsdraga vil etterkomarane våre kunna studera som uttrykk for dei kulturelle og identitetsskapande sambanda som rådde på 1900-talet.

Sketches in Norway: taken during a Yachting Cruise in the summer of 1852.

Dialektane i Indre Hardanger og på Voss er svært like. Skjervet har sidan 1700-talet vore hovudsambandet mellom Hardanger og Vossebygdene. Litografi frå 1852 (frå: Atkinson, M. W. (1853) Sketches in Norway: taken during a Yachting Cruise in the summer of 1852. Foto: AV-avd., Universitetet i Bergen).

Brurefølgje i Hardanger

Fjordane skapte samband mellom bygdene. Båten var ofte det viktigaste framkomstmiddelet. Brurefølgje i Hardanger (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen(KK 9829)).

Bryggen med vippebommane gjev eit talande bilete av det tette sambandet mellom bygdene og byen – og fjernare himmelstrøk

Bryggen med vippebommane gjev eit talande bilete av det tette sambandet mellom bygdene og byen – og fjernare himmelstrøk (Knud Knudsen, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen(KK 74=921, Bros. samling)).

På kaia i Leirvik, Stord, kring 1920

På kaia i Leirvik, Stord, kring 1920. Chr. Vidsteen meinte at det var byfolk som smitta bygdeungdommen med skarre-r (Sev. Kannelønning, eigar: Sunnhordland Museum (SK 626)).

Åsane i 1974

Åsane i 1974 (Helge Sunde).

Åsane i 1986

Åsane i 1986 (Helge Sunde).

Språkutviklinga er ein del av det pulserande livet

Språkutviklinga er ein del av det pulserande livet (Helge Sunde).

  • Rundhovde, G. (1976) Målføra eller dialektane i Hordalandsbygdene og i Bergen by. I: Hartvedt, G. H. red. Hordaland og Bergen. Bygd og by i Norge. Oslo, Gyldendal, s. 394-408.
  • Sandøy, H. (1990) Vestlandet - der fjordane batt folk saman. I: Jahr, E. H. red. Den store dialektboka. Oslo, Novus, s. 63-88.