• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kyrkja på Moster teikna av Johan Meyer i 1897
Kyrkja på Moster slik ho er teikna av Johan Meyer i 1897 (frå: Nicolaysen, N. (1894-1899) Kunst og haandverk fra Norges fortid. Bind IV. Kristiania, Foreningen til norske fortidsmindesmærkers bevaring.).

STEINKYRKJA PÅ MOSTER

Moster er nemnd som kyrkjestad alt i Olav Tryggvassons tid. Etter sagatradisjonen skal kongen ha grunnlagt den første kyrkja på Moster då han kom dit i 995. Denne bygningen må ha vore ei stavkyrkje. Den kyrkja som står i dag - ei steinkyrkje med skip og smalare, rettavslutta kor - skriv seg truleg frå 1100-talet. I 1874 vart det bygd ny kyrkje på Moster. Då vart gamlekyrkja kjøpt av Fortidsminneforningen, som framleis er eigar.

Kyrkja er bygd dels av hoggen kvaderstein og dels av vanleg brotstein. Vestportalen i skipet og sørportalen i koret er enkel, med rette overliggjarar. Dei opphavlege vindaugsopningane var små og høgtsitjande, med rundboga avslutning. To av desse vindaugo står framleis i kyrkja, men dei andre er utvida til store, rektangulære vindaugo i 1732, med dekorerte ruter. Utvendig har kyrkja ein hoggen steinsokkel med skråfas. Innvendig har korbogen kvadersteinssoklar med hogne profilar. I skipet finn vi framleis delar av mellomalderens veggbenker. Kyrkjerommet er elles prega av 1600-talets interiør; altertavla er frå ca. 1630 og preikestolen frå 1637. Også kyrkjestolane og gallerifronten, med apostelframstillingar, stammar frå 1600-åra.

På veggene i skipet ser vi restar av tidleg renessansemåleri, truleg frå tida kring 1600, medan prydmålinga i koret kan vera frå 1620-åra. Lette, spenstige rankar med frukter omkransar biletfelt med bibelske scener som no er mest utviska. På kyrkjeloftet heng ei mellomalderklokke med ein innrissa St. Olavs-figur og innskrifta "AVE MARIA GRACIA PLENA. DOMINUS TE(C)UM" (Ver helsa Maria, full av nåde. Herren vere med deg). Ei yngre klokke (no i soknekyrkja) har innskrifta "CHRISTO IESU SACRUM HOC DONARIUM EFFERTUR ANTE OMNIA DEUS SIT TIBI CURAE, ANNO 1660". (Denne heilage gåva vert ofra til Jesus Kristus. La framfor alt Gud liggja deg på hjarta).

  • Grunnriss Moster kyrkje

Grunnriss Moster kyrkje

Grunnriss Moster kyrkje, teikna av Johan Meyer (frå: Nicolaysen, N. (1894-1899) "Kunst og haandverk fra Norges fortid", Bind IV. Kristiania, Foreningen til norske fortidsmindesmærkers bevaring.).

Frå sagalitteraturen

Mostratinget og kristenretten

  • Robberstad, K. (1973) Gamlakyrkjo: den gamle kyrkja på Moster i Sunnhordland. Oslo.
  • Sinding-Larsen, E. (1969) Moster kirke i Sunnhordland. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 90-93.