• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sætrehelleren

Sætrehelleren ligg om lag 9,5 meter over havet og ca. 50 meter frå stranda ved Skjeljavikjo i botnen av Sætrefjorden på vestsida av Søra Bømlo. Helleren var i bruk i steinalderen, eldre jernalder og yngre jernalder. Sommaren 1932 blei det gjort ei prøveutgraving i helleren, som resulterte i eit funn av ein beinkam med runeinnskrift på. Etter dette overraskande funnet blei gravinga teken opp att seinare same år.

Beinkammen med runeinnskrift er datert til byrjinga av yngre jernalder, rundt byrjinga av 600-talet e.Kr. Han er ein av dei finaste og mest kjende gjenstandane vi har frå denne perioden her i landet og vart truleg lagd ned i helleren som eit offer. Kammen er sett saman av fleire delar. Tydinga av runeinskripsjonen er omdiskutert, men er tolka i norrønt til hǫll mær má una, ǫllu náa, ǫllu nenna, som omsett betyr noko slikt som «Lenende møy må trives, oppnå alt, like alt». Dette er utan tvil Noregs første kjærleiksdikt!

Djupast nede og inst ved fjellet blei det funne gjenstandar frå slutten av steinalderen: restar av fiskekrokar av bein, ei beinnål og ein pimpsteinsbolle med slipespor i. Over steinalderlaget og framover til bakken ned mot stranda var det avsatt ein svær motting frå eldre jernalder. Under gravinga i denne blei det funne ein jernspiss, ei jernhempe, ein jernnagle, to jernstiftar, eit stykke av eit jernbeslag og eit par skar av grove leirkar. Blant jernalderfunna var det også eit flatt bryne av kvarts, ein liten beinspiss og ein avskoren spiss av eit hjortehorn. Arkeologane fann også ei bronsespenne i dette laget.

I tillegg til oldsakene blei det også grave ut mykje skjel og bein. Det var mange ulike artar av blautdyr, dvs. muslingar og sniglar. I steinalderlaga fann ein nokre få bein av pattedyr, fugl og fisk. Jernalderlaga var rikare på bein, og både storfe, hest, sau, geit, hjort, sel og oter blei identifiserte. Torskefisk var i fleirtal blant fiskebeina, berggyltebein blei også funne. Eit spesielt trekk ved Sætrehelleren er dei mange fugleartane. Sjøfuglar dominerte, men zoologane fann også bein av tiur og vandrefalk. Eit interessant trekk i denne perioden er funna av alke, som det truleg var mest av om vinteren, og geirfugl, som det var lettast å få tak i på forsommaren. Dette kan tyda på at helleren var i bruk i begge desse årstidene, sjølv om det ikkje nødvendigvis var samanhengande busetnad. Truleg var helleren ein fangstplass for folk som budde på gardane i nærleiken.

I 2009 blei tre av beina aldersbestemte med C14-metoden. To av dei vart daterte til førromersk jernalder og romartid, medan det tredje er frå byrjinga av yngre jernalder.

einkammen med runeinnskrift. Legg merke til "nittane" av jarn som vart nytta til å feste beinplatene saman.

Beinkammen med runeinnskrift. Legg merke til "nittane" av jarn som vart nytta til å feste beinplatene saman. 

Beinpiler, nål og del av samansett beinkrok frå steinalderlaga.

Beinpiler, nål og del av samansett beinkrok frå steinalderlaga. (Universitetsmuseet i Bergen)

Spenne frå folkevandringstida.

Spenne frå folkevandringstida. 

Bommen, C., 2009. Bruken av hellarar i eldre jernalder i Sunnhordland. Upublisert MA avhandling. Universitetet i Bergen.

Grønvik, O., 1987. Fra Ågedal til Setre. Sentrale runeinskrifter fra det 6. århundre. Oslo: Universitetsforlaget.

Olsen, M. and Shetelig, H. 1933. Runekammen fra Setre. Bergens Museums Aarbok 1933. Hist.-antikv. rekke nr. 2, 1-92.